Alcuéscar – Valdesalor

Dag 16, etappe 14. 26,6 km. Steg: 43255

Fantastisk dag i strålande sol, og varmt, endeleg! Nydeleg vandreveg i romarane sine fotspor, dagens vandring var ei gammal romarrute. Truleg gjeld det også fortsettinga i morgon.

Mange restar etter romarane undervegs.

Gjennom bondeland, med beitande kyr, sauer og hestar.

Hyggeleg selskap av to tyske karar, Bert og Joel. Synd dei har siste dag av si vandring i morgon, før dei dreg heim. Veldig kjekt – og trygt, å gå i lag med nokon.

Føtene er snart restituert. Rett og slett nydeleg å gå nesten utan å kjenne noko.

Har letta sekken, sendt heim mine gamle sko, og nokre klede eg skal klare meg utan. No trur eg sekken ikkje veg meir enn 8 kg + vassflaska. Det er perfekt👍🏻

Overnatting på Hostal Posada de la Plata. Stort enkeltrom til ca 400kr, luksus. Klesvask med god tærre.

I morgon ventar Casar de Cáceres, 23,2km.

Ein romersk poststein.
Over ei romersk bru, og så er vi framme i Valdesalor.

Aljucén – Alcuéscar

Dag 15, etappe 13. 30.mai. Steg: 31519

Nok ein «gå åleine»-dag. Men bak meg på Caminoen kom to japanske menn og to tyske. Ikkje særleg sosiale av seg nokon av dei, dei har kvarandre. Greitt det, for all del! Håpar det kjem nokon opp bakfrå, som eg kan slå følge med etter kvart.

Fin vandring i dag, med litt betre føtter. Heldigvis. Stort sett på grusveg gjennom utmark og beitemark det meste av vegen.

Alcuescar i sikte.

Har sjekka inn for natta på eit tidlegare kloster, her ligg eg på sovesal i Albergue donativo de Los Esclavos de Maria y los Pobres. Reint, lyst og fint. Blir van til det å bu slik, men vel enkeltrom der det går an, eller på Hostal, når eg treng bittelitt meir luksus😂 Når det er eit Albergue donativo, så betalar ein det ein vil for overnatting. Skal ete middag her i kveld, og frukost i morgon.

Patio i klosteret
Utsikt til klosterhagen, frå sovesalen
Alcuescar – koseleg liten by.
Omvisning i kapellet på klosteret

I morgon går turen vidare til Aldea del Cano (ca 15km) – eller til Valdesalor (ca 26km). Føtene avgjer!

Mérida – Aljucén

Dag 14, etappe 12. Steg: 25305

Kortare vandring i dag, men absolutt lang nok for mine føter.

Kjøpt nye sko, vanntette, det har gått fint. Risikosport å kjøpe nye sko i denne «bransjen», men satsar på at det går bra🤞🏻👍🏻

I dag har eg gått åleine, langs bilveg, på gang- og sykkelsti, og gjennom eit naturreservat.

Langs ein fin innsjø i Proserpina, der det angiveleg skulle vere ein open kafé…. så eg kunne få meg kaffi, men som ikkje var open….. Då var det nødproviant eg måtte ty til👍🏻

Framme i Aljucén, ein liten by med 247 innbyggjarar. Ei kyrkje, 2 barar og eit lite supermarked, er vel alt som finst her.

Overnatting på Albergue San Andres. 2-mannsrom. Ser ut som eg får rommet for meg sjølv🤞🏻

I morgon ventar Alcuéscar, 19,4km.

Mérida.

Dag 12 og 13. To kviledagar og tre netter i Mérida. Det har gjort godt for gnagsåra.

Ikkje verste plassen å måtte ta ein pause….☺️Mérida er nemleg ein vakker by. Den er tett og kompakt, slik at «alt» er tilgjengeleg innan gangavstand. Og byen er som eit stort utandørs museum. Ein grunn til at byen står på UNESCO si verdsarvliste, her er mykje historie å sjå.

I går besøkte eg Alcazaba, opprinneleg romersk borg ved inngangen til byen over den romerske brua. Bygd i 835. Her levde rundt 2 tusen soldatar.

Seinare tok maurarane over, til dei blei «kasta ut» av Spania av dronning Isabella i 1492.

Eg blir alltid andektig av å gå rundt i slike ruinar, tenkje på alt levd liv som har vore her, samtidig som eg er lukkeleg for å vere fødd i den tida eg er.

I dag har eg besøkt det Romerske teater, og Amfiteater, bygd i år 16 og 15 f.Kr. Amfiteateret vart brukt til gladiatorkampar, og kunne romme 16000 tilskodarar.

I tillegg har eg vore og sett Mirakela sin Akvedukt – el Acueducto de los Milagros, bygd av dyktige romerske ingeniørar, truleg i 1.århundre e.Kr. Den frakta vatn inn til byen frå magasin 5 km unna. Smarte folk også då👏🏻👍🏻

I morgon ventar Aljucen, 16,4km.

Føtene er betre👍🏻

Inngangspartiet får meg til å tenkje på stavkyrkjene heime.
Djupt ned til ei sisterne.
To trapper gjekk ned til sisterna.
Desse steinkulene var del av artilleriet som blei brukt i krigen mot maurarane, i 1479.
Restar etter romerske søyler.
Mølle – der dei kverna/knuste korn, oliven og vindruer
El Teatro Romano – området
Ein av tre store innganger til amfiteatret, der fintfolk gjekk inn.
Mirakelas Akvedukt
Eg var der👍🏻

Å gå camino – er ein «mindwash»

Det er sikkert mange som lurer på kvifor eg vel å gå Caminoen «Via de la Plata».

Ideen blei sådd då eg sat på flyet heim frå Santiago de Compostela i 2011, etter å ha gått 2 veker av Camino Frances, frå Leon. Sat ved sidan av ei ung jente som fortalde at ho hadde gått denne Caminoen frå Sevilla, og eg sa til meg sjølv, at «det skal eg også gjere….. ein gong…»

Eg skal altså gå (viss eg klarar det) Spania nesten på langs, opp til litt nord for Zomora. Der skal eg over på Camino Sanabres, som går rett vestover, nord for grensa til Portugal, til Santiago. Det er totalt 100 mil, som eg har tenkt å bruke ca 7 veker på. Eg tek det med ro, og prøver å dele opp dei lange etappane, slik at det blir meir overkommeleg. Men nokre lange etappar er ikkje til å unngå, fordi der ikkje finst overnattingsplassar i mellom. Eg har ikkje kjøpt returbillett, så har ingen stress. Einaste «stresset» er at eg må nå Salamanca innan den 15.juni. Då kjem ei venninne og skal gå i lag med meg resten. Ca 3 veker.

⁃ Eg er glad i å gå, og det å gå Caminoen er ein fantastisk måte å sjå landet på. Eg går gjennom ein del av Spania som eg aldri har vore i før, og eg gler meg over blomar på vegen, grøderike og uendelege sletter, vakre byar og alle vennlege folk eg møter overalt.

⁃ Å gå slik er ein slags mindwash. Tømme hovudet, gå i eigne tankar, ein kontemplasjon, som er både eit religiøst og eit filosofisk uttrykk.

– Det er mange motiv for å gå ein Camino. Mange har nok eit religiøst motiv, t.d. Kva er så mitt motiv? Det er noko med det å gå – å vere på veg til eit mål, som fascinerer meg. Det er på ein måte eit prosjekt, på veg til noko. På denne vegen møter eg fleire, som har sitt prosjekt.

⁃ Å gå gir god mosjon, ein blir i god form. Og eg opplever meistring når eg har komt fram til målet for dagens etappe.

– Det er avstressende. Ein har berre med seg det ein ber med, og når ein kjem fram, er ein fri frå alt arbeid (unntatt å vaske sveitte klede).

⁃ Kvar dag lever sitt eige liv. Ein går gjennom nye trakter, kjem til nye stadar, kvile, ete, sove, og så ein ny dag, og nye soloppgangar.

Paulo Coelho seier det slik:

«Ingen dag er den andre lik. Hver morgendag bringer sitt eget mirakel, sitt magiske øyeblikk, da gamle verdener forgår, og nye stjerner skapes» (Ved elven Piedra satt jeg og gråt»)

No når eg går, i siste del av mai og juni/juli, er det ikkje høgsesong for gåande på denne Caminoen. Dei fleste går oppe i nord; Camino Norte eller Camino Frances. Høgsesong for Via de la Plata er mars og april.

Derimot er det høgsesong for dei som syklar Caminoen. Bekymringa er at dei held nesten på å øydeleggje den for dei gåande. Dei kjem tidleg fram til overnattingsplassane, og «tek» alle sengane før dei gåande kjem fram. Det skjer at gåande må gå over ei mil meir, til neste plass, for å finne tak over hovudet.

Det har vore ein tradisjon at gåande skal ha fortrinn på herberga, men dette held på å skli ut, diverre.

Eg har t.d fleire gangar booka overnatting på førehand, for å unngå å stå der – utan stad å sove. På dei offentlege herberga kan vi ikkje booke på førehand, og ofte har dei få plassar.

Dette var no berre nokre tankar frå meg, her eg sit med beina høgt, og gnagsår, og er ferdig med ca 1/5 av dei 100 mila❤️

Torremejia – Merida.

Dag 11, etappe 11. 15,4 km, 25137 steg

Starta seint, frukost kl 8 på ein bar, tostada med syltetøy og cafe con leche, som vanleg……

Variert underlag, frå asfalt til grus og stein.

Kort etappe i dag. Det trengte eg, for kvart steg er ei pine, med mine blemmer på hælane. Då går eg og tenkjer på alle dei som har kroniske smerter døgnet rundt, og st mine gnagsår blir lite å sutre for😇

Spektakulært å komme til Merida over den romerske brua over elva Guadiana. 790 m lang, den lengste romerske brua som fortsatt finst. Merida står på UNESCO si verdsarvliste, er hovudstaden i regionen Extremadura, grunnlagt av romarane (keisar Auhustus) i første århundre før Kristus.

Her skal eg vere – i alle fall – til søndag, viss eg ikkje tek endå ein kviledag. Må sjå korleis det går med gnagsåra. Vermeldingane er heller ikkje gode framover, nett no regnar det trollkjerringar. Vi får glede oss med spanjolane at dei endeleg får regn, sjølv om eg lurer på om det er eg som har teke det med meg🤔😩⛈️

Eg bur på Hostal Senero, koseleg lite hostal, til 35€ natta.

Her gledar eg meg over kvite handklede, luksus, når ein er van med «reisehandkle» 😂

I morgon skal eg vandre rundt i sandalar utan hælar, og få med meg mest mogeleg av byen sine mange sjåverdigheiter. Ikkje minst den berømte Akvedukten.

Luksus❤️

Villafranca – Torremejia.

Dag 10, etappe 10. 27,6km, 40 200 steg.

Varmaste dagen hittil, no 29 grader. Men deileg etter den kulden vi hadde tidlegare i veka, då det var varmare heime på Vestlandet enn her😊

Tidleg opp, frukost kl 7, starta 7.30. Lang vandring, rett fram, gjennom vindrue-land. Vinstokkar så langt auget rakk, lite variasjon slik.

Grusveg, heldigvis.

Nye blemmer, no på hælane. Håpar det gir seg snart. Drog til apotek, og ei slags legevakt her, for hjelp. Eg utstyrte meg med europeisk helsekort og reiseforsikringsbevis, men skulle ikkje betale noko når eg gjekk Caminoen❤️ Kanskje kviledagen laurdag i Merida vil hjelpe?

Torremejia er ein liten landsby, ikkje slik koseleg spansk landsby med plaza, t.d. Litt slik søvnig plass. Heilt annleis enn koselege Villafranca. Bur på Hostal Millenium, har fått god trening i å booke pr tlf etter kvart.

«Menu del dia» til 11€, tre rettars, før kl 15.30, er ikkje å forakte.

I morgon ventar ei helg i Merida.

Torremejia i sikte👍🏻

Zafra – Villafranca de los Barros.

Dag 9, etappe 9. 19,7 km

Nok ein dag med vandring, deileg temp, akkurat passe for å gå, sol og skyer vekselsvis. Tenkjer på kor heldige vi er med tempen, i høve varmen som var tidlegare.

Variert landskap, og små byar undervegs, m.a. Los Santos de Maimona, gav oss pausar for ein cola zero eller cafe con leche. Perfekt👍🏻 Her er mange «rare» namn på byane.

Store vidder med oliventre så langt auget rekk, og vingardar. Alt regnet siste dagane har gjort godt, friske fargar.

Gnagsår fortsatt, men på bedringens veg. Håpar eg…..👍🏻

Starta «seint» i dag, etter frukost på klosteret kl 7.30. Ankomst Villafranca ca kl 13.

Villafranca – Vakker by, nydeleg mosaikk i gatene, og vakkert dekorerte hus med sirklar, hekla av frivillege, fordi Caminoen til Santiago går gjennom byen, og for å ære pilgrimane.

Bur på Albergue Extrenatura, reint og fint. Klesvask inkludert i prisen av 14€. Har fått seng i eit firemannsrom, er eg heldig, kjem det ikkje fleire🤞🏻

Albergue Extrenatura

I morgon ventar Torremejia, 27,6km. Har booka overnatting.

Neste mål – Zafra

Dag 8, etappe 8.

Farvel til Fuente de Cantos

Etappe 8: 23.mai. Min beste dag hittil, trass gnagsår. Flott vandresti, nydeleg temperatur, og vakkert landskap. Godt vandreselskap av australske Hugh.

Vi går gjennom Europas «spiskammers», her er store gardar med enorme sletter med oliventre, korn og vinrankar, samt nypløygde åkrar klare for dyrking. Eit fargespekter av gult, grønt og svart så langt auget rekk.

Ikkje mange andre vandrarar på denne tid, fleire som syklar. Høgsesong for vandring er febr.-april, då temp er vanlegvis lågare.

Lunsj i Puebla de Sancho Perez på vegen, og då hadde vi knapt ein time att til Zafra.

Booka enkeltrom på Albergue Convento San Francisco, til 20€, frukost 2,5€. Fornøgde med det😊

Dette er eit tidlegare nonnekloster, gjort om til herberge. Veldig hyggeleg vertinne, som blei overraska over at eg kom frå Norge. Eg var den første frå Norge som hadde overnatta der på 4 år! Og mannen hennar elskar Norge❤️

I morgon ventar Villafranca de los Barros, 19,7km.

Vakker patio på det tidlegare klosteret.

Storslått landskap på veg til Fuente de Cantos.

Dag 7, etappe 7

22.mai. Nydeleg vandring i dag, gjennom vide sletter og åkrar. Varierande temperatur, men flott gruslagt sti. Gnagsåra plagar fortsatt, håpar dei snart gir opp🤞🏻

Regnet kom før vi var komt fram, så det blei litt tøff avslutning på dagens tur. Alt av hostal var enten stengt eller fullbooka, men klarte til slutt å finne overnatting. Dette kan vere ein stressfaktor – å finne plass å bu for natta.

Fuente de Cantos er ein koseleg, liten by.

No har eg gått ei veke, det verkar som evigheiter. I morgon ventar ei lang vandring på nesten 25 km, til Zafra.