I fleire månader har eg planlagt dette, å gå Sølvruta til Santiago de Compostela. Skulle gå i lag med ei venninne, men sidan ho blei hindra i å delta pga sjukdom, så gjennomfører eg planen åleine. Viss eg greier det, vel å merke! Eg skal møte mi islandske venninne, Sunniva i Salamanca, og gå i lag med henne siste tre vekene. Ruta er lang, 100 mil. Blir spennande å sjå om knea held. Har drive mykje styrketrening siste par månadane, under kyndig rettleiing av manuellterapeut Sunde: https://mtsunde.no/
No er eg meir eller mindre stuck her i Sevilla. Ryggsekken kom ikkje fram, så no går eg i uvissa, kor tid kjem den? Utan anna enn det eg står og går i, så er handlingsrommet litt lite😃 Men ein rusletur mot katedralen og klokketårnet Giralda har det blitt, i 30 graders varme (utan solbriller, som ligg i sekken😎)





Hei Kari! Håpar det ordnar seg raskt !Eg som ikkje er så ofte på reiser i utlandet lenger.. kan faktisk ikkje begripe korleis slikt kan skje?Godt merka ryggsekk…reisemål…
Ynskjer deg lukke til på det eventyret du straks er i gong med! Klem.❤️
Huff ja! Men eg kan ikkje skryte av at sekken var godt merka, men den hadde bagasjelapp, for svingande😩