Muxía og Finisterre (verdens ende)

Måndag 3.juli.

Heldige er vi som hadde ein lokalkjend galiser på laget vårt. Vi leigde bil, og brukte den ekstra dagen i Santiago til å besøke Muxía og Finisterre.

Dette er plassar der mange pilgrimar vel å gå vidare til etter Santiago. Dei brukar oftast 3 dagar på den turen. Vi “juksa” og køyrde bil, etter mi meining heilt greitt. Det er jo berre eit tillegg til sjølve Caminoen. 😅

Så skjedde altså det utrulege! På vegen, like før Muxía, ser vi Isabella gå! Lett å kjenne på si blå jakke. Snakk om “the chocolate of the day”😀 Eg har aldri gått i lag med henne, ho hadde andre ho gjekk med, men eg har treft henne med jamne mellomrom på ulike stoppestadar. Ho kjende også Jian og Jaeik. Det var berre så kjekt å sjå henne, og ho blei så glad for å sjå oss. Ho blei med oss i bilen siste stykket, og også på vår runde i Muxía.

Besøk på fyret, kyrkja, og minnesmerket “A Ferida” (såret), som er sett opp for å heidre dei som var med og rydde opp etter havariet av ein oljetankar i 2002. Ein 400 tonn monolitt i granitt, 11 meter høg, delt i to, skapt av skulptøren Alberto Bañuelos-Fournier. Delinga har form som eit brot som skal representere eit blødande sår. Tusenvis av tonn med olje forårsaka ei økologisk katastrofe med si ureining av kystlina her. Tusenar av frivillige frå overalt kom for å hjelpe til med å vaske rein strandlina.

Muxía

I Muxía er det også eit 00,00km-punkt for Caminoen.

Etter Muxía køyrde vi vidare til Finisterre. Lunsj på fiskerestaurant der. “Smake på- menyen” var prima, vi åt “barberhøvel-skjell”, grilla blekksprut, skorpionfisk, dessert og kaffi. Nydeleg😋

Finisterre

Besøk på fyrhuset på Verdens ende, med flott utsikt ut mot havet, og nok eit null-punkt for Caminoen, før vi køyrde tilbake til Santiago.

00,00 km at the Lighthouse at the end of the world.

Ein flott dag som gav meg indre bilete av desse to stadane som “alle” snakkar om.

I skrivande stund, er det tysdag 4.juli, og eg sit på flyplassen i Barcelona, på veg heim. Det blir også veldig bra❤️

Å skrive på denne bloggen i løpet av desse 7 vekene, har vore gøy. Det har vore ein koseleg syssel på ettermiddag- eller kveldstid. Kjekt at mange har følgt meg på turen, det har vore motiverande👍🏻

Siste stopp: Santiago de Compostela.

Dag 48, etappe 43. 10,5 km.

Opp tidleg, gjekk fort dei siste km til Santiago. Ankom byen og katedralen kl 9.

På veg, siste etappe🍀
Santiago og katedralen i sikte.
På veg inn i byen.

Veldig emosjonelt å komme fram, hadde ikkje forventa at eg skulle reagere slik. Sikkert ein reaksjon på at det har vore ei så lang vandring. Mange opp- og nedturar, med blemmer og gnagsår. Og spenninga rundt det å kjøpe nye sko etter 1,5 veke. Og dagar då eg har lengta heim og kjent meg litt åleine, og lurt på om ikkje det snart kom nokre hyggelege folk som eg kunne slå følge med. Og dei har dukka opp undervegs. Eg føler meg så heldig som har fått møte alle desse fine folka; Hugh, Gert, Bert, Jeol, Georg, Isabella, Jian, Jaeik og Laureano. Pluss dei fire italienarane på dei første etappane.

I dag møtte eg att Hugh, som eg gjekk i lag med ei veke, frå 3. etappe (Guillena) til Mérida. Det var veldig hyggeleg.

Å gå slik dag etter dag, har vore ein flott måte å sjå landet på. Tett på folk og levd liv. Flott og variert natur. Kvar dag – heile tida mot noko ukjent. Spennande. Å gå gjennom dei ulike regionane, Andalucía, Extremadura, Castilla y León og Galicia, har vore interessant. Så ulike på mange måtar. Men høgdepunktet har definitivt vore å gå her i Galicia.

Eg har gått alle dei 1006 km hit til Santiago de Compostela. Og eg fekk i dag min Compostela. Eg er veldig stolt over den, at eg klarte det🙏🏻 Etter kvart som blemmene gav seg, opplevde eg meir og meir meistring og glede med å gå.

Å gå ein Camino er avstressande. Kvar dag lever sitt eige liv. Du har berre med deg det du ber på ryggen, på veg mot ukjend mark og neste stopp, oppleve gleda ved å sette seg ned på ein open bar, der du kan kjøpe kaffi og litt mat, møte og bli kjend med andre vandrarar. Litt som å vandre i fjellet heime. Å gå, spesielt tidleg om morgonen, er god meditasjon, ein “mindwash”. Anbefalar det verkeleg. Trur absolutt at eg kjem til å gjere fleire Caminoar👍🏻

Godt team som har komt i mål.
Eg har fått min Compostela.
Papir på mine mange km.
Churros con chocolate, blei vår seine frukost i dag😅
Litt av utvalet👍🏻
Visdomsord frå Korea, m/ Jians fine handskrift.
Messe i katedralen kl 12.
El botofumeiro. Høgdepunkt.

Bandeira – Deseiro, nest siste etappe. I morgon ventar Santiago de Compostela.

Dag 47, etappe 42. 24 km, 34945 steg.

Det er ein nytelse å gå her i Galicia. Ingen endelause sletter med åkrar så langt auget rekk. Her er det opp og ned, fjell og dalar, og flott utsikt. Mange små pueblos som ligg tett i tett. Nokre stadar har ein ikkje gått ut av ein før ein entrar ein ny. Og vi kan legge i veg om morgonen i nokolunde trygg forvissing om at der vil vere ein bar open rin stad, der ein kan kjøpe kaffi og litt mat. Her er så grønt og frodig, masse å ta bilete av, og 2 mil på vegen går som ein leik.

Godt team på vegen. For ei glede for meg det har vore å gå i lag med Jian og Jaeik frå Sør-Korea, og dei siste dagane også med Laureano. Han er galiser, og vi har nytt godt av at han kan galisisk, samt at han har fortalt mykje om landet sitt. Vi har vore fæle til å knabbe frukt i vegkanten, frå kirsebær, til eple og pærer, sjølv om dei har vore sure. Vi er litt gor tidleg ute, druene langs vegen treng nokre veker til, diverre.

No er vi i Deseiro, og det gjenstår berre 10,5 km, som skal gjerast unna i ein fei i morgon.

Eg gler meg til å gå inn i Santiago. Det blir ei oppleving. Hugh frå Australia, som eg gjekk i lag med i ei veke, til Mérida, har sendt melding om at vi må møtast der i morgon for ein drink. Veldig hyggeleg. Gler meg til å treffe han igjen.

Det har vore lite kvinner på denne Caminoen. Har møtt nokre få, og dei har som regel gått saman med nokon. Så skulle eg ha selskap på vegen, så har det vore å slå følge med menn. Dei har vore hyggeleg følge, og eg har fått vener for livet! Ofte, som einaste kvinne på mange Albergue, så har eg fått ha toalett og dusj for meg sjølv, og det har jo vore herleg. Kvaliteten på Albergua har også gått opp sidan sist, då eg gjekk 1/3 av Camino Francés i 2011.

Her i Deseiro bur vi på Albergue Reina Lupa. Veldig bra plass. Vi har gjort unna siste klevask, og ete ein veldig god middag, saman med ein ire som også bur her.

Santiago neste, og siste❤️

Tulip-tre langs vegen
Hortensia, typisk her i Galicia.
Bilete teke av Jian
Svoltne karar, 500 gr med Tbone-steak…
Teikna av Jian. Det er dei kinesiske teikna for vind og vår. Og blomsten er kirsebærblomsten. Denne blomsten er eit symbol for Japan. Sør-Korea har ein festival ei veke kvar vår under kirsebærblomstringa.