Siste stopp: Santiago de Compostela.

Dag 48, etappe 43. 10,5 km.

Opp tidleg, gjekk fort dei siste km til Santiago. Ankom byen og katedralen kl 9.

På veg, siste etappe🍀
Santiago og katedralen i sikte.
På veg inn i byen.

Veldig emosjonelt å komme fram, hadde ikkje forventa at eg skulle reagere slik. Sikkert ein reaksjon på at det har vore ei så lang vandring. Mange opp- og nedturar, med blemmer og gnagsår. Og spenninga rundt det å kjøpe nye sko etter 1,5 veke. Og dagar då eg har lengta heim og kjent meg litt åleine, og lurt på om ikkje det snart kom nokre hyggelege folk som eg kunne slå følge med. Og dei har dukka opp undervegs. Eg føler meg så heldig som har fått møte alle desse fine folka; Hugh, Gert, Bert, Jeol, Georg, Isabella, Jian, Jaeik og Laureano. Pluss dei fire italienarane på dei første etappane.

I dag møtte eg att Hugh, som eg gjekk i lag med ei veke, frå 3. etappe (Guillena) til Mérida. Det var veldig hyggeleg.

Å gå slik dag etter dag, har vore ein flott måte å sjå landet på. Tett på folk og levd liv. Flott og variert natur. Kvar dag – heile tida mot noko ukjent. Spennande. Å gå gjennom dei ulike regionane, Andalucía, Extremadura, Castilla y León og Galicia, har vore interessant. Så ulike på mange måtar. Men høgdepunktet har definitivt vore å gå her i Galicia.

Eg har gått alle dei 1006 km hit til Santiago de Compostela. Og eg fekk i dag min Compostela. Eg er veldig stolt over den, at eg klarte det🙏🏻 Etter kvart som blemmene gav seg, opplevde eg meir og meir meistring og glede med å gå.

Å gå ein Camino er avstressande. Kvar dag lever sitt eige liv. Du har berre med deg det du ber på ryggen, på veg mot ukjend mark og neste stopp, oppleve gleda ved å sette seg ned på ein open bar, der du kan kjøpe kaffi og litt mat, møte og bli kjend med andre vandrarar. Litt som å vandre i fjellet heime. Å gå, spesielt tidleg om morgonen, er god meditasjon, ein “mindwash”. Anbefalar det verkeleg. Trur absolutt at eg kjem til å gjere fleire Caminoar👍🏻

Godt team som har komt i mål.
Eg har fått min Compostela.
Papir på mine mange km.
Churros con chocolate, blei vår seine frukost i dag😅
Litt av utvalet👍🏻
Visdomsord frå Korea, m/ Jians fine handskrift.
Messe i katedralen kl 12.
El botofumeiro. Høgdepunkt.