Muxía og Finisterre (verdens ende)

Måndag 3.juli.

Heldige er vi som hadde ein lokalkjend galiser på laget vårt. Vi leigde bil, og brukte den ekstra dagen i Santiago til å besøke Muxía og Finisterre.

Dette er plassar der mange pilgrimar vel å gå vidare til etter Santiago. Dei brukar oftast 3 dagar på den turen. Vi “juksa” og køyrde bil, etter mi meining heilt greitt. Det er jo berre eit tillegg til sjølve Caminoen. 😅

Så skjedde altså det utrulege! På vegen, like før Muxía, ser vi Isabella gå! Lett å kjenne på si blå jakke. Snakk om “the chocolate of the day”😀 Eg har aldri gått i lag med henne, ho hadde andre ho gjekk med, men eg har treft henne med jamne mellomrom på ulike stoppestadar. Ho kjende også Jian og Jaeik. Det var berre så kjekt å sjå henne, og ho blei så glad for å sjå oss. Ho blei med oss i bilen siste stykket, og også på vår runde i Muxía.

Besøk på fyret, kyrkja, og minnesmerket “A Ferida” (såret), som er sett opp for å heidre dei som var med og rydde opp etter havariet av ein oljetankar i 2002. Ein 400 tonn monolitt i granitt, 11 meter høg, delt i to, skapt av skulptøren Alberto Bañuelos-Fournier. Delinga har form som eit brot som skal representere eit blødande sår. Tusenvis av tonn med olje forårsaka ei økologisk katastrofe med si ureining av kystlina her. Tusenar av frivillige frå overalt kom for å hjelpe til med å vaske rein strandlina.

Muxía

I Muxía er det også eit 00,00km-punkt for Caminoen.

Etter Muxía køyrde vi vidare til Finisterre. Lunsj på fiskerestaurant der. “Smake på- menyen” var prima, vi åt “barberhøvel-skjell”, grilla blekksprut, skorpionfisk, dessert og kaffi. Nydeleg😋

Finisterre

Besøk på fyrhuset på Verdens ende, med flott utsikt ut mot havet, og nok eit null-punkt for Caminoen, før vi køyrde tilbake til Santiago.

00,00 km at the Lighthouse at the end of the world.

Ein flott dag som gav meg indre bilete av desse to stadane som “alle” snakkar om.

I skrivande stund, er det tysdag 4.juli, og eg sit på flyplassen i Barcelona, på veg heim. Det blir også veldig bra❤️

Å skrive på denne bloggen i løpet av desse 7 vekene, har vore gøy. Det har vore ein koseleg syssel på ettermiddag- eller kveldstid. Kjekt at mange har følgt meg på turen, det har vore motiverande👍🏻

6 kommentarar på “Muxía og Finisterre (verdens ende)

  1. Ååå herlege Kari! No grin eg litt i glede over Alt du har opplevd, slite, ledd og koosa deg!, Velkommen heim til Førde!🤗😘💕 Klem.❤️❤️

    • Takk, Anny💞 Ja, eg har hatt det fantastisk, kjem definitivt til å gjere det igjen, ein Annan Camino👍 Kjekt å komme heim, men litt vemodig at det er over, også🥰

  2. Tusen takk for at jeg har fått følge deg på turen. Mange flotte bilder og fine skildringer av dagsetappene med gleder og utfordringer. Gjett om jeg gleder meg til neste år og vandring bl.a gjennom Galicia. Jeg hadde jo også følge med trivelige folk de siste 11 dagene av min 17 dagers vandring fra Sevilla til Salamanca og håper jeg er like heldig neste år. Det blir et eget fellesskap når en vandrer slik mot et felles mål. skulle gjerne ha lært meg spansk, men har mer en nok med å mestre kommunikasjon på engelsk.
    Jeg har ikke laget blogg, men har lagt ut reisebrev på Facebook fra min vandring pluss mine 4-5 turistdager i Malaga, Granada, Cordoba og Sevilla.
    Takk igjen for gilde beskrivelser. Kanskje vi møtes på pilegrimsvandring en gang… Jeg har veldig lyst til å være med på pilegrimsvandring fra Stavanger til Røldal et år. Tror de er midt i vandringen nå.
    Hilsen Ingeborg 😊

    • Tusen takk til deg som har følgt meg på vegen! Det har vore inspirerande🙏🏼 ønsker deg ei fantastisk siste etappe neste år. Eg synst siste halvdel gjekk som ein leik. Dagane og vekene gjekk fort, sjølv om det ikkje var eit mål i seg sjølv. Å kunne spansk har vore ein stor fordel, som eg har stor glede av. Men går bra med engelsk også.
      Gled deg til Galicia, så god orden der, og vakkert og frodig. Det har vore eit eventyr, og det er definitivt ikkje min siste Camino.
      Og så mange kjekke folk ein møter på vegen. Ei glede!
      God sommar til deg, og tusen takk for følget🙏🏼

Kommenter innlegget