Torsdag 1.august. Dag 1, etappe 1.
15km, ca 25000 steg.
Ankomst Valencia i går kveld, etter lang dag på reise. Reiste miljøvenleg med tog frå Barcelona. Overnatta på “Colors Rooms” i Calle Sant Ramon i Valencia, i gamlebyen. Billeg og fint!
Kaffi og frukost før “avgang”, på kafeen Moments i dag tidleg. Eg forlet byen ved “La Ciudad de las Artes y las Ciencias” – vakre bygningar som er verdt eit besøk. (Oddvar og eg var der i 2018.)


Eg fekk ikkje stempla pilgrimspasset før eg drog frå byen, katedralen var stengt. Litt forbaska, men eg må no vel få godkjent turen likevel🤔
Første dag med vandring er no altså gjort, i steikande varme på asfalt. Alltid kjedeleg å passere slike industriområde som ligg utanfor storbyane. (Valencia er tredje største by i Spania).



Her i Silla bur eg på “Hostal Moreno”, som eg booka heimanfrå. Veldig bra for kr 800, stort rom og bad. Herleg, etter å komme fram søkkvåt av sveitte.
I morgon ventar Algemesi, 25 km. Skal starte veldig tidleg.
Bra gjort ❤️
Takk, Sunna. Eg har begynt å tvile på kvaliteten på Caminoen, merkinga🤔
The yellow arrows, and things like that?
I think it might depend on each municipality. Hope it gets better as your walk progresses.
Or maybe you’re talking on a deeper level, like the meaning of the Camino. Perhaps give it a few days and see if the meaning reveals itself ❤️🌞
Yes, I will. People are nice, but I probabely will have to walk alone for long😊🤔 Hope you have lovely days in Valencia☀️🏊
Soo kjekt å lese.. og følgje med! Har sagt det før: Du e’ berre rå!!
Og so er du so flink til å skildre.. vi trur vi SER DET! God tur vidare, klem.❤️❤️
Tusen takk, Anny🙏🏻 Veldig kjekt at du synst det❤️