La Pobla Llarga – Xàtiva

Søndag 4.august: Dag 4, etappe 4.

25931 steg, 16,2 km.

For ein flott søndag dette har vore! Gule piler heile vegen, nydeleg og avslappande å gå etter dei, sleppe å leite opp mobilen for kvart kryss ein møter. Håpar det fortset🤞🏻

Det er ingen herberge i Xàtiva, men bestilte meg rom på Casa Rural Xàtiva i går.

Etter ei god natt på herberget i La Pobla, starta eg vandringa litt før 7. Soloppgangen var ca kvart over 7.

Ankom ein liten, koseleg by, Manuel, etter ca ein time, der eg fekk min etterlengta café con leche. Og eg hamna midt opp i ein fest, som tydelegvis hadde starttid kl 8 om morgonen. Veit ikkje namnet på festen, men kunne likne på liknande arrangement andre stadar i Spania, med prosesjonar med folk i ulike kostymer, eit slags spel om maurarane og spanjolane, frå 1400-talet.

Ulike grupper med ulike kostymer, alle gruppene blei akkompagnert av eit orkester.

Variert landskap og vegar i dag. Gjekk m.a på ein smal sti gjennom tett buskas, og der presterte eg å sjanselaus skli i gjørme. Festleg! Tørka av meg det beste eg kunne, og traska vidare😅

Ikkje alt er like vakkert langs ruta. Også her finn ein private avleveringar av søppel, nitrist å sjå.

Då eg nærma meg Xàtiva, høyrde eg plutseleg nokon rope. Det var ein mann under eit frukttre på andre sida av vegen. Han kom over, og gav meg to store, modne fiken. For ei nydeleg oppleving, eg blei så glad og rørt❤️ Dette var nok “the chocolate og the day”.

Xàtiva er ein veldig koseleg by, passe stor, ca 30 000 innb. Her har både romarane og maurarane regjert. I romersk tid var byen kjend for sine silkefabrikker. Også dreiv dei papirproduksjon til 1151 med arabisk teknologi.

Her er det smale gater, fullt av vakre, små plazaer, og i bakgrunnen ruver fjellet med to borger, som blir kalla “Den største” og “Den minste”. Tidlegare brukt som forsvarsverk, og seinare også som fengsel.

Hadde det ikkje vore 37 grader, skulle eg ha teke turen opp, men det får bli ein annan gong.

I morgon må eg opp tidleg, komme i gang kl 6, helst. Målet er Moixent, 27,5 km. Må få gjort unna så mykje som mogeleg før varmen kjem.

Her ser ein deler av festningsverk og borg på fjellet.
Denne skulpturen frå 2019, av Alfredo Moral, er laga til minne om dei omlag 10 000 republikanarar som blei deportert til Frankrike etter den spanske borgarkrigen. Dei fall i hendene på tyskarane, og sendt i konsentrasjonsleir. Meir enn 5000 av dei døydde. 8 var frå Xàtiva, 2 av dei overlevde.