Turist i Toledo. 

Måndag 30.september

Dag 24, Kviledag 3. 

Reine slaraffenlivet å sove til 7.45, utan vekking😊 

Frukost på restauranten på hostalet, i lag med Isabella. 

Så fekk vi selskap av Florencia, som skulle avgarde til Zaragoza i dag, og kom for å seie Adjø. 

Ei skjønn og modig jente, utdanna ingeniør frå Argentina, og som hadde gått fleire Caminoar åleine. Ho hadde mål om å finne seg jobb i Spania. 

Katedralen i Toledo.

Katedralen Primada Santa María i Toledo er verkeleg verdt eit besøk. Trur det er den vakraste katedralen eg har vore i nokon gang. 

Her har Isabella knipsa meg då eg skulle ta det førre biletet av katedralen:)

Den er bygd i kvit kalkstein frå eit steinbrot nær Toledo, innvendig med vakre skulpturar i stein og marmor. 

Dette er ein romersk katolsk katedral, i høggotisk stil, bygd oppå ein muslimsk moské.  Før det, frå 400-talet, hadde det vore ei kyrkje her. Byggestart var i 1226, og den stod ferdig i 1493, eitt år etter at Kristoffer Kolumbus nådde Bahamasøyane. 

Katedralen har fire skip, og måler 120×59 meter. 

Sakristiet i katedralen er reine utstillinga av kunst av El Greco, spanskgrekaren. Han var født på Kreta, 1.oktober 1541, og døydde i 1614, i Toledo, som på den tida var den religiøse hovudstaden i landet. Der hadde han budd sidan 1577. Kristendomen hadde stor innverknad på hans kunst. 

Han hadde ein særeigen målestil, som har inspirert kunstnarar heilt fram til 1900-talet, m.a. Picasso. Det var utruleg “levande” portrett som hang i sakristiet. 

Sakristiet med kun El Greco-kunst
Avkledninga av Jesus

I skrivande stund er det 28 grader her, og eg sit med is på foten, høgt, og kryssar fingrar og alt for morgondagen. 

Då ventar 25 km til Rielves, og det er meldt høge temperaturar.

Fleire bilete:

Dette er inngangen til the Mozarabe kapellet, men diverre stengt. Einaste som var att frå moskeen, trur eg.
Foto: Isabella: Puente de San Martín. Romersk bru inn til Toledo
Foto: Isabella
Foto Isabella: same bru, seint kveld.
Foto: Isabella

Turist i Toledo, og gjensyn med Isabella. 

Søndag 29.september

Dag 23. Kviledag 2. 

Eg har fått selskap av Isabella, frå Via de la Plata! Det var berre så kjekt å treffe henne igjen.

Eg gjekk aldri i lag med henne i fjor, men møtte henne på ulike stopp, mellom anna i Salamanca. Og – etter vandringa var over i Santiago, så møtte vi på henne langs vegen til Muxía. 

Herleg! 

I dag har vi rusla rundt og vore turistar i Toledo. 

Vi blei samde om å matche kvarandre i fargane👍🏻
Her er eit dyr til deg, Sunna😅 Eg har aldri sett slik stor grashoppe før, i kamuflasjefargar.

Vi har vore ved muren rundt gamlebyen, og vore på Alcázar, borga som ligg på høgste punktet i byen. 

Det er ein steinfestning, rektangulær, 60 m høg, med eit tårn i kvart hjørne. Kvart tårn er kruna med det såkalla Madrid-spiret. 

Borga blei bygd i romertida, og blei brukt som eit romersk palass, på 200-talet. Restaurert seinare. 

I dag er borga eit museum for hæren. 

Borga frå taket på hostalet, etter solnedgang.

Dagen som turist blei avslutta med middag på restauranten her på Oasis, og deretter ei lang stund med is på foten, på takterrassen som høyrer til hostalet. Her har vi fantastisk utsikt over byen, og godt selskap med ungdom som bur her, mellom anna Florencia frå Argentina.

¡Hasta luego! som alle seier her i Spania, – “på gjensyn”👍🏻☀️

Eine tårnet på katedralen, som er opplyst om kvelden.
Vakre tak.
Takterrassen i solnedgang.

Toledo 

Laurdag 28.september

Dag 22.

Kviledag 1. 

Toledo, med sine omlag 84000 innbyggjarar, ligg på 529 moh, og det kjendest iskaldt ut i dag, før sola begynte å varme, 9 grader kl 9. 

Oasis, midt i gamlebyen. Her bur eg på rom med tre unge jenter, to av dei er frå Sør-Amerika; Argentina og Chile.

Toledo sitt gamle sentrum står på UNESCO si verdsarvliste for kultur- og naturarv. 

Den var tidlegare hovudstad i Spania, heilt til maurarane la under seg den iberiske halvøya i 711. 

Byen ligg på ei klippe. Høge murar råmar inn gamlebyen, og elva Tajo omringar meir en halve byen, på tre sider: mot vest, sør og aust. Romerske og/ mauriske bruer over. 

Alcázar ligg på høgste punkt. Firkanta, med eit 60 meter høgt tårn i kvart hjørne.

Toledo har maurisk og jødisk preg, smale, trange gater, og høgast oppe ligg borga Alcázar. Den blei kringsett i 70 dagar av regjeringsstyrken i starten på borgarkrigen i 1936, og fekk store skader. 

Byen er rett og slett vakker. 

Katedralen.

Sverd og knivblad fra Toledo har vore kjent sidan romartida. Men i dag er det turisme som er hovudinntekta til byen, og det er tydeleg. Her kryr av turistar, mykje sikkert fordi det er helg, mange spanjolar har teke ein helgatur. Men her er t.d. mange asiatar, ser eg.

Eg har i dag teke bussen til Decathlon, og – kjøpt meg stavar. Det kan avlaste litt vekta av sekken på beina. No gjer eg kva som helst, nesten, for å bli betre. 

For å sitere Daniel (som igjen siterte ein annan pilgrim): “Same kor hardt det er å gå din veg, – å gi opp er ikkje eit alternativ. Hald fram med å gå!” (“No matter how hard it is to walk your way, to give up is not an options. Keep walking!”

Ein metafor for livet, men kan definitivt illustrere ein vandretur med sekk på ryggen.

Før eg drog til Decathlon, hadde eg frukost på hostalet her. Det var ei gåve frå Daniel, han hadde ordna det og lagt i resepsjonen før han drog herifrå på torsdag. Eg blei så rørt av at han var så snill, så eg begynte å sipe for meg sjølv der eg sat. Fantastiske folk eg møter på min veg🙏🏻 Eg er lett å glede i dette gamet her🥲🥹 

Herleg frukost.

Alle er så hjelpsame, og det rører meg kvar gong. 

Slike opplevingar løfter dagen👍🏻 

Almonacid de Toledo – Toledo, og første dag med selskap på vegen😊

Fredag 27.september

Dag 21, etappe 21

40647 steg, 27 km

I går kom det “seglande” inn på herberget ein mann frå Polen, Krzysztof. Han går lange etappar, og tok meg att i Almonacid. Han visste eg var foran i løypa, pga at vi skriv i bøker på ulike herberge. 

Veldig kjekt med selskap! Også han hadde budd åleine på alle overnattingsplassane, og gått åleine på vegen, som eg. 

Han spurte om eg ville gå i lag med han på dagens etappe, og det ville eg sjølvsagt. Han startar tidleg, kl 6, så det var berre å komme seg opp i 5-tida. 

Med hjelp av hovudlykta han hadde, fann vi vegen. Stupmørkt ute i terrenget i ein time, før det begynte å demre. Nydeleg morgon, men veldig kald vind frå nordvest. 

Tre små, koselege byar undervegs i dag, Nambroca, Borguillos og Cobiso. Det var ei lang etappe, 27 km, litt for lang for foten, kjende det godt siste 10 km. Men ikkje mogeleg å gjere det annleis.

Første stopp, Nambroca.
11 kg på ryggen har han.

Såg Toledo lenge i det fjerne, tok evigheiter å komme fram, tykte eg.

Toledo

Vi ankom byen i 15-tida, etter å ha “gått rundt” byen på hi sida av elva, for å komme seg over brua. 

Nydeleg, vakker by, blir fascinert av korleis den er bygd. 

Utruleg letta over å vere framme😮‍💨

Det har vore mentalt slitsame dagar, med spenninga som er knytt til å vere litt rørslehemma på vegen, usikkerheita om eg ville bli bra igjen. 

Eg er i alle fall betre. 

I  morgon skal eg sjå nærare på denne vakre byen. garantert i rusletempo. Krzysztof vandrar vidare mot Torrijo. 

Eg bur på Ungdomsherberget Oasis backpackers, midt i sentrum. Skal vere her i alle fall til måndag.

Oasis backpackers

Kommenter gjerne, det er inspirerande😊❤️

Fleire glimt frå dagen i dag:

Mora – Almonacid de Toledo

Torsdag 26.september

Dag 20, etappe 20

36463 steg, 15,1 km. 

“Det er ingen problem på Caminoen, berre løysingar” (sitat ein annan vandrar👍🏻)

Vel, jammen kan der vere problem, men dei fleste kan løysast😅 Mitt problem med leggen er ikkje gjort i ein fart å løyse, men eg prøver så godt eg kan, meir eller mindre med hell. 

I dag har eg gått 15 km. Skulle vere vél 12, men dårleg kommunikasjon på kvar nøkkelen til herberget skulle hentast, gjorde vegen dit ekstra lang. Ikkje alle websider blir oppdaterte😩 

Dagen starta optimistisk, etter at eg hadde hatt ei god natt med 9 timar samanhengande søvn. Eg var totalt utslitt i går😅 

Sidan eg skulle gå så kort etappe, hadde eg reine slaraffenstart på dagen, sov til kl 7, frukost i baren, og begynte ikkje å gå før kvart over 8. 

Nydeleg morgon, fint ver, men veldig vind, frisk bris frå sørvest har det vore heile vegen. Nokre stadar måtte eg konsentrere meg om å halde med på vegen. 

Vi er på 720 moh, omtrent som å bu på Hafstadfjellet heile tida, så det er litt kjølegare enn lenger nede. 

Eg stoppa i ein liten by undervegs, Mascaraque, og tok ein café con leche der.

Marcaraque

Byen er liten, knapt 1000 innbygg. Her er ingen restaurant som sel middag, så her må vi berre ta det vi får tak i.

Eit landemerke på heile vandringa i dag, var Castillo de Almonacid, ei borg som er rødlista i Spania, står i fare for å bli øydelagt. 

Castillo de Almonacid

Landskapet hit var litt annleis enn i går, men flatt og mykje oliventre også her.

No bur eg på herberget her, og eg har fått selskap av ein polsk vandrar, som Daniel (belgiaren) snakka om at han hadde møtt. Han er dårleg i engelsk, så kommunikasjon er utfordrande diverre. 

Almonacid de Toledo

I morgon er det nok ikkje 18km, heller 27km til Toledo! 😩

Gjett om eg gledar meg til å komme fram dit, og å ta “ferie” nokre dagar. 

Eg skal bu på Oasis backpackers i sentrum av byen. Kanskje tek Isabella meg att der, det hadde vore stas😊

Granateple

Tembleque – Mora

Onsdag 25.september

Dag 19, etappe 19

41674 steg, 23,1 km

Ingen bar open i Tembleque, før kl 8, men eg hadde heldigvis kjøpt meg mat til frukost, som eg åt før eg drog. Litt kronglete å finne vegen ut av byen, og merkinga på denne etappen kunne definitivt vore betre. 

Tembleque kl 7.15

Eg “mista” merkinga ein stad, det er lett for når ein går i eigne tankar…. Og det har eg jo gjort no i snart tre veker😂

Veldig variert etappe i dag, litt stigning, innimellom, og ned att. I starten var det omtrent berre åkrar med hausta korn.

Så var eg over eit høgdedrag, som gav meg kjensle av å vere i høgfjellet heime, med ganske sterk og kald vind. Mange furutre her.

Då eg var nede frå fjellet, var det pistasj-plantasjar, og til slutt oliventre på oliventre så langt auget rakk.

Borga i bakgrunnen.

Oliventreet kan bli bli fleire tusen år gamle, dei er gull verdt for eigaren. Eviggrøne, og greinene blir ofte forbunde med siger og fred. Sigerherrane i dei klassiske OL- leikane blei kruna med kransar av oliventre greiner. FN-flagget har to olivengreiner, symbol på samarbeid og fred, i høgste grad aktuelt i dag!

Trea gror sakte, og bærer ikkje frukt dei første åra. Mest frukt gir dei når dei er 30 – 50 år. Normalt lever treet i 300 – 600 år. Eg synst det var fantastisk å sjå alle oliventrea i dag. 

Kor gammalt er dette, skal tru?

Gjekk forbi Castillo de Mora, eller Castillo de Peñas negras, på ei høgde ca 3 km før Mora. 

Borga er frå middelalderen, bygd av arabarane på 900-talet. Mora by ligg 717 moh, har ca 10000 innb. 

Lang allé inn til byen

I dag har det verkeleg kosta meg mykje å gå. Det var ein seig tørn, med mykje vondt i leggen, så siste mila tok eg på meg ei støttebandasje som eg fekk på legevakta. Trur faktisk at den hjalp. 

No har eg installert meg på Hostal Los Conejos, ingen Albergue her. 

Vanskeleg å vaske kle på slike hostal, umogelege klehengarar…. så eg har vore på vaskeri og vaska og tørka klede, samt vore på apotek og kjøpt meg støttesokk, same som eg kjøpte i fjor. 

Pessimismen på etappen i dag, har snudd til eit snev av optimisme. Kryss fingrane for meg🤞🏻

I morgon tek eg ein liten halvdel av etappen Mora – Toledo, og stoppar i Almonacid de Toledo, der er det Albergue. 12,3 km. 

Toledo fredag 👍🏻

Veldig gøy om nokon kommenterer!

Mandeltre i vegkanten
Mora

La Villa de Don Fadrique – Tembleque 

Tysdag 24.september

Dag 18, etappe 18

13556 steg, 8 km (Eigentleg skulle eg gått 29 km)

Min gode hjelpar, Juan.

Eg har verkeleg fått oppleve kor gjestfrie spanjolane er med mitt opphald på “El Rincón del Infante”! Eg blir rørt, og takknemleg for all hjelpsemd. 

Eg takka “ja” til å korte ned etappen, og etter ein god frukost på Casa Rural, køyrde husverten, Juan, meg i retning Tembleque, til det gjenstod 8 km av dagens etappe. Eg likar det ikkje, men pga av foten og overnattingsreservasjonane eg har gjort på etappane før Toledo, og i Toledo, så gjorde eg det likevel. Får sjå på det som nødstilfelle🤔

Overskya og litt kjøleg dag.
Vanleg løk.
Solcelle her, truleg for å drive vatningsanlegg ?🧐

Eg har lært at eg i alle fall ikkje skal booke så mange stadar på førehand meir. Eg kjenner at det frårøvar meg friheita som er så fantastisk med å gå her, utan returbillett heim. Friheita til å stoppe opp når ein vil, eller ta ein annan veg, og unngå stress som ein har meir enn nok av i kvardagen. 

Men, eg er med dette endå ei erfaring rikare. Eg er ingen erfaren vandrar, fortsatt er eg vel som nybyrjar å rekne, men alle tabber lærer eg av. 

T.d. at det ikkje er lurt å booke gjennom Booking.com. Dei har faste prisar, og eit antal rom til disposisjon, medan – viss eg ringer til overnattingsstaden, så får eg ofte prilgrimspris, slik eg opplevde i går, og dei har ofte mange ledige rom. 

Tembleque er ein småby på vel 2000 innbyggarar, som ligg i provinsen Toledo, 637 moh. Ein av mange byar i Spania som endar på -que. Eg skulle ha sett meg meir rundt, men har valt å avgrense gåinga.

Eg bur på hotell A Posada. Ingen herberge i denne byen.

Vindmøller av nyare dato, ved “inngangen” til byen.

I skrivande stund sit eg på senga med is på foten. Kryssar fingrane for at den snart blir betre. Resten av dagen skal eg ta det veldig roleg. 

Snart middag på restauranten ved hotellet, menú del día. 

I morgon er det Mora, 25 km, og der er ingen landsby undervegs for ein café con leche.

El Toboso – La Villa de Don Fadrique

Måndag 23.september. 

Dag 17, etappe 17. 

41935 steg, 24,4 km. 

For ein dag! 

Pga fotproblema, fekk eg ikkje sjå meg rundt i El Toboso. Sat på rommet mitt med is på leggen, til isen var smelta etter to timar😅 

Opp tidleg i dag, frukost på bar på vegen ut av byen, og la i veg – sakte gange. Vanskeleg å gå seint, har liksom eit fast tempo i beina…😂

Ut frå El Toboso i fint ver. Kjøleg, 14 grader.
Legg merke til vinranken i betongen.

I Puebla de Almoradiel, kjøpte eg meg voltarol krem på apoteket, og hadde ein god pause over ein kaffikopp. 

Siste mila til La Villa de Don Fadrique gjekk eigentleg bra, kanskje verka kremen? Hm…🤔

“Berre” vinplantasjar i dag, så langt auget rakk, heile vegen. Og bønder som hausta druer, grøne, som dei køyrde avgarde med i store tilhengarar. Til eit slags kooperativ, eller? Veit ikkje.

Haustande bønder.

Her kom eg til ein sovande by, Villa de Don Fadrique, 675 moh, midt i siestaen, kl 15. Stille, stille, ikkje eit menneske å sjå. Slik er det her. Her hadde eg tenkt å bu på Albergue municipal, men det var umogeleg å komme gjennom til lokal politi (som har nøklar til herberget) på tlf.

Då var eg ganske oppgitt, og veldig sliten. Sette meg på ein benk og leita meg fram til tlf til Casa Rural “El Rincón del Infante”, og dei hadde ei seng til meg til pilgrimspris, 25€, inkludert frukost og klevask. Fantastisk servise og vennlegheit, og eit nydeleg hus med mange gamle møblar og raritetar.

Salong/ spisestove for gjestar i Casa Rural “El Rincón del Infante”
Gamle radioar var det fleire av.
Gangen

Eg spurte om han visste om ein bar der eg kunne tigge meg is til å legge på foten. Og det enda med at han insisterte på å køyre meg til lege, i Villacañas, 10 km unna. Så det gjorde vi, og vi køyrde i 135 i 90-sona, hjelp! 

Tendinitt, men det rekna eg med det var, og legen var nøgd med det eg sjølv hadde gjort, men rådde til å gå kortare etappar. (Det er ikkje alltid så lett, viss der ikkje er stadar undervegs der ein kan overnatte)

Og legebesøket var gratis! Slå den, Norge!

Og så har eg booka rom 3 stadar, der det ikkje er Albergue, og eg har allereie booka om ein gong. Orkar ikkje tanken på alt det styret igjen. 

Min husvert seier han vil køyre meg dei 10 km til Villacaña i morgon, slik at eg ikkje må gå lenger enn 21 km. Eg er veldig i tvil, diskuterer med meg sjølv om eg skal takke “ja” eller ikkje, for prinsippet mitt er jo at eg skal gå alle dei 1200 km fram til Santiago🧐🙇‍♀️

Akkurat no sit eg her, på mitt fine rom i Casa Rural, og skriv, med is på foten😅 

Så har eg fått svar på kva sort tre dette er (som har teke bilete av undervegs på andre etappar)

Encina – tre med frukt (etande) som liknar eik

Dette er piztacho, altså pistasjfrukt/-nøtter

Og dette er oliventre-stiklingar:

I morgon ventar Tembleque. 635 moh.

31 eller 21 km……🧐

Las Pedroñeras – El Toboso

Søndag 22.september

Dag 16, etappe 16. 

46780 steg, 30 km. 

Hadde ei god natts søvn på det gamle klosteret, laga meg frukost der, før eg starta 7.15. 14 grader ved start, 22 seinare på dag.

Lang etappe i dag. Men eit par stopp i to av tre småbyar undervegs (El Pedernoso, Santa María de los Llanos og Mota del Cuervo), gjorde vandringa kjekkare i dag, sjølv om siste mila var seig. Det kom seg av smerte i høgre fot, framsida, det same som eg fekk i fjor. No sit eg med is, og håpar at eg skal få bukt med det. Forbaska kjedeleg😢 

Elles har dagen vore heilt fantastisk! På vegen mellom El Pedernoso og Santa María møtte eg ei dame som kom i kjapp treningsgange motsett veg. Ho helste (slik dei fleste spanjolar gjer), og spurte om eg gjekk Camino. Etter ei stund snudde ho, og etter kvart tok ho meg att, og begynte å prate. Så slo vi følge til Santa María. Ho trente på gåing fordi ho skulle gå Camino Francés, frå Sarria, 100km, i starten av oktober, i lag med 7 andre. (100 km er minste distanse for å få ein Compostela).

Eg spurte om ho visste om ein bar der eg kunne kjøpe kaffi, då vi kom fram dit ho budde, men då inviterte ho meg like godt med heim til seg❤️ Følte meg veldig heldig og velkommen, hos Anunciación og Miguel! Utruleg hyggeleg, og veldig kjekt å oppleve slik gjestfridom. Eg var der sikkert ein time, før eg kom meg avgarde att. 

Miguel og Anunciación
Kaffi med mjølk og honning, og sjølvproduserte mandlar, i patioen. Fekk med meg ei skikkeleg handfull med mandlar🙏🏻

Dette vart verkeleg “the chocolate of the day”! ¡Muchas Gracias!

Anunciación følgde meg ut av byen, og på vegen var det mange teikn på at dette var ein by som Caminoen går gjennom.

Kan sjå ut som eg har gått ca 1/3.
Santa María de Los Llanos

Eg opplever at spanjolar er flinke å seie positive ting til kvarandre, syner mykje kjærleik og varme❤️

Landsskapsmessig har etappen vore veldig lik dei andre dagane, jordbruksland. Som Anunciación sa, så er dette eit område der folk klarar seg bra, trass økonomiske kriser som har vore, fordi dei har jorda og det dei dyrkar der å leve av. Lite emigrering pga mangel på arbeid i dette området.

Vindmøller på veg til Mota del Cuervo. Dette er den type vindmøller som Don Quijote slåss mot – i romanen.

Her i El Toboso er det ikkje Albergue, så eg bur på ungdomsherberge, med eige rom. 

Håpar verkeleg eg klarar å gå dei 24-26km i morgon, til Villa de Don Fadrique. 

Slik ser gravplassen ut her.
El Albergue Juvenil El Quijote

San Clemente – Las Pedroñeras

Laurdag 22.sept

Dag 15, etappe 15

35515 steg, 25 km

Ei god natt på herberget, trass lyn og torden, og regn som ausa ned. Det var jo nok til at eg begynte å bekymre meg for neste dag. Men klarte å «sleppe» det, og sov godt👍🏻

Det er helg, og – som eg har sagt før, litt utfordrande her når det gjeld opne butikkar og barar, for å få mat. Eg er utanfor turistløypa. Ho som bedyra at dei hadde ope for frokostservering i dag, t.d…….. Der var stengd dør kl 7.30. 

Grått og overskya i dag, men fekk berre nokre dropar regn på meg, flaks der. Men våt og gjørmete veg, mange stadar, så måtte trå varsamt. 

The American way – hundelufting
Ikkje alle jorde er like godt drenert, og her, og andre stadar, var det blitt reine innsjøen.

Landskapet var omlag som i går, flatt. Eg er på dei manchegiske sletter på 700 m høgde. 

Mykje vindrue-plantasjar, både blå og grøne druer. Nydelege! I dag stal eg nokre små klasar😋 Mange bønder var ute og hausta i dag.

Passerte Castillo de Santiago de Torre på vegen, ei L-forma middelalderborg frå 1200-talet. 

El castillo de Santiago de la Torre

Ankom Las Pedroñeras kl 13, og fekk meg den kaffien eg blei snytt for i dag tidleg. Las Pedroñeras er ein småby frå 1500-talet, med ca 7000 innb. Namnet på byen meinar dei kjem av «stein» og «marker/åkrar». Byen er kvitløkshovudstaden, men dei produserer også vin.

Caminoen ligg i «ruta til Don Quijote», den skarpsindige lågadelsmannen Herr Quijote frå La Mancha. Boka blir rekna for å vere den første romanen i Vesten, frå 1605, og Don Quijote var ein idealist og draumar utan realitetssans.

Les meir her: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Don_Quijote

Eg bur på herberget her, som opprinneleg var eit munkekloster. Her er kjøkken, vaskemulegheit, frukost, sengetøy og frottéhandkle med i prisen. 

Eg har det heile for meg sjølv. 

Albergue de Peregrinos.

Det nye no er at eg får selskap om nokre dagar. Isabella, som eg møtte på VDLP i fjor, har teke fly frå Austerrike, og droppa inn på Caminoen. Ho er no i Albacete. Det blir hyggeleg med selskap😊 

I morgon går eg til El Toboso, ca 31 km. Håpar beina og alt held🤞🏻 

Fleire glimt frå dagen: