Torsdag 12.sept. Dag 6, Etappe 6.
28789 steg, 17,1 km.
Så var eg i gang att.
Etter ei avslappande veke i vakre Valencia, tok eg toget til Moixent i gryotta i dag.
No må eg venje meg til å vandre igjen. Det tek nokre dagar før beina har tilpassa seg.
Temperaturane har gått mykje ned. I dag tidleg måtte eg starte med ei tynn langarma ulltrøye. Varmen kjem i løpet av føremiddagen, men ikkje så gale som i august.
Eg har gått i vidstrakt landskap i dag, der oliventrea og vingardar har dominert. Har observert massevis av vinstokkar som har sett ut til å ha fått sjukdom på seg. Og mykje goldt landskap, grå og tørr leirjord, etter all varmen som har vore.



Klarte å misse pilene undervegs. Gjekk i eigne tankar, og plutseleg hadde eg glippa eit vegskifte. Men eg møtte på dei att etter ei god stund, der eg fekk hjelp av google og ein lokal bonde👍🏻


La Font de la Figuera er ein liten by, 520 moh, her bur litt i overkant av 2000 menneske. Den ligg på i sørvest av regionen, på grensa til Castilla la Mancha i vest og Murcia i sør.

Dette er siste etappe i regionen Valencia. I morgon går eg inn i Castilla la Mancha.

La Font de la Figuera er mest av alt kjent for sin spesielle juletradisjon. I Spania er det tradisjon å bruke rødt undertøy på Nyttårsafta. Men folka i La Font de la Figuera har teke denne skikken til nye høgder, med å springe rundt i gatene kun i raudt undertøy. Resultat: byen har høgaste førekomst av lungebetennelse i landet🧐
Når Caminoen forlét denne byen, passerer den det gamle offentlege, kommunale vaskeriet som blei konstruert i 1866. Her var det plass til mange, og ein ser spora i steinen der kvinnene har stått og skrubba klede. Dette var ein viktig sosial møteplass for kvinnene.



Eg bur på eit lite og nydeleg Hostal, “Hostal Rural Amable”.



Elskverdig vertinne. Fine rom, og opphaldsrom, og fin uteplass. 40€ inkludert frukost.
I morgon ventar Almansa, 27,6 km. Og overnatting på Albergue.
Gode Kari! I skrivande stund er du godt i gong med vandring…og eg sutrar over nysnø på fjelltoppane.. og + 4,3 gr i dag tidleg!😫
Soo kjekt å lese om alt du får med deg,og ikkje minst alle flotte foto!
Håpar at det snart dukkar opp nokon som kan slå følgje !
Godt mot,god tur,klem.🥰
Takk, gode deg🙏🏻 Ja, det håpar eg verkeleg vil skje snart🤞🏻
Men gler meg over å sleppe snø på toppane. Det var jammen tidleg😩