Fredag 13.september.
Dag 7, etappe 7.
Steg: 41964. 27,6 km.
Tidleg opp. Fekk servert deileg frukost av den nydelege vertinna, før eg la i veg. Vermeldingane melde fare for regn. Mørke skyer det meste av føremiddagen, men eg gjekk klar av regnet. Litt kjøleg dag, har gått med ull, langarma i starten. Deileg temp for vandring. Litt kjøleg også resten av dagen, pga av vind.
I dag har eg entra ein ny region, Castilla La Mancha. Merkinga av ruta blei annleis, gule piler på blå bakgrunn.

Litt stigning i starten, men elles har det vore flatt, på stiar og vegar over uendelege manchegiske sletter.



Det er alltid litt spenning knytt til å legge ut på ei såpass lang etappe, der det ikkje finst byar undervegs med høve til å kjøpe mat. Må planlegge litt ekstra.
Ankom Almansa i 14-tida.

Almansa, 713 m.o.h., er ein litt større by, ca 24000 innbyggjarar. Byen er kjent for sin Moros y Christiania-festival, feira 1.-6.mai.
Dei har også ei flott borg, bygd på 1300-talet. Den ligg ved foten av byen, og har vore ei viktig forsvarsborg.


Eg overnattar på Albergue Esclavos de María, var heldig å få seng, hadde ikkje booka på førehand. 7€.
I morgon ventar Alpera, ca 22 km.





You must be logged in to post a comment.