Laurdag 14.sept. Dag 8, etappe 8.
36220 steg, 22 km.
Eg er ute på landet, vandrar på dei manchegiske sletter.

Her må alt planleggast, skal eg få mat i meg. Ingen små byar undervegs, til å sette seg ned og nyte ein Café con leche. Saknar det litt, men det endrar seg vel når eg nærmar meg større bustadområdet etter kvart.
Dårleg natt bak meg då eg starta. Blei fortalt at eg skulle dele rom med ei annan. Men ho kom jo aldri, det var såpass stressande at – typisk meg – eg fekk ikkje sove.
Men det har gått bra å gå i dag likevel.
Har delt etappen Almansa-Higueruela i to, synst nærare 40 km blir i drygaste laget. Må passe meg så beina tåler belastninga. Så tok ein liten omveg til Alpera. 2,5 tusen innbyggarar, koseleg liten by, med hyggelege folk!




Byen ligg på 850 moh, og er okonomisk basert på jordbruk og skotøy-produksjon. Vinproduksjon er viktig, det var tydeleg undervegs, med store vinplantasjar.

Har innlosjert meg på Albergue de Peregrinos, enkel standard til 7 €. Har det heile for meg sjølv.


Men eg veit at der er ein italienar foran meg i løypa. Lurer på om det er han som etterlet seg spor på vegen, skostorleik ca 50🤔 Berre det å finne same avtrykk tre dagar på rad, har gitt meg ei kjensle av ikkje å vere åleine på vegen🤩
Ein blir lett å glede i dette gamet🙏🏻
I dag er det fest i Alpera. Då er supermarked stengt, m.a., og alle dressar seg opp. Det er 14.sept, dagen då dei ærar Jesu kors, med eit folketog gjennom gatene.
I morgon er det Higueruela som ventar. Ca 22 km.





You must be logged in to post a comment.