Onsdag 18.sept.
Dag 12, etappe 12.
32423 steg, 18,8 km.
Det tok nærare 40 minutt å komme seg ut av Albacete. Heldig var eg som gjekk forbi ein open bar litt over kl 7, så eg fekk meg litt frukost.



Fin temp for å gå i dag, litt kjøleg vind, og med tidvis truande skyer som såg ut for å love regn, men heldigvis ikkje på min veg.
Flatt, flatt i dag, industriland og jordbruksland, vekselvis. Jordbruksland med ferdig hausta korn, og nyplanting av diverse slag.



Er rett og slett usikker på kva vekstar eg har teke bilete av i dag.




Aggressive og gøyande hundar dukkar stadig opp på vegen, både på gardar og ved vanlege hus. Er jammen glad dei er bak lås og gjerde, eller bundne fast.


Ankom La Gineta i 12.30-tida. Møtte opp på rådhuset for å få nøkkel, og her sit eg, utanfor mitt eminente Albergue, og skriv. Dette er dårlegaste plassen eg har budd, så langt. Tenkte litt for seint på at eg kunne ha gått heilt til La Roda i dag, og då møtt dei to italienarane som ligg ei etappe framom meg. Men slik blei det!
I morgon ventar altså La Roda, ca 15-20 km, og det er meldt regn over heile Spania. Trur ikkje eg slepp unna denne gangen🌦️🌧️


You must be logged in to post a comment.