La Gineta – La Roda

Torsdag 19.sept. 

Dag 13, etappe 13

28789 steg, 18,2 km

Lite søvn i natt, verste herberget eg har vore på….

Grublar litt over om eg blir gåande åleine heilt til Zamora. Å vere åleine på vegen, gjer meg ingenting. Det er berre godt, oftast, og god meditasjon. Men å vere åleine på overnattingsstaden er litt verre, når det blir kvar dag. Eg merkar t.d at eg har problem meg å hugse kvar plass for seg, fordi eg har ingen sosiale “knaggar” å henge dagane på. 

Så dette er verkeleg ein mental styrketest, har eg fått merke. 

Hadde frukost på same stad som eg åt middag i går, Los Chopos, dei opna heldigvis tidleg. Ingenting er sjølvfølge her når det gjeld opningstider, så eg er like letta kvar gong når dei held det dei lovar😅

Grå dag i dag, med litt kald vind. Har gått med langarma ull i heile dag. 

Landskap mykje likt som i går. 

Full supermåne i går

Eg var lova regn, og det kom då eg hadde 6 km att til La Roda. Og då kom det til gangs. Heile vegen fram. 

Då eg var nesten framme i byen, stoppa ein syklande pilegrim, Daniel frå Belgia. Han ville stoppe i La Roda pga regnet. Heldig for meg😊 Selskap på herberget, det var uvant, men veldig hyggeleg. Og det å kunne gå ut og ete saman, er bonus. 

Vi har nett vore ute og ete “Menú del día”, og handla frukt, i øs pøs regn, gater fulle av digre sølepyttar, og eg i slippers….. 💦😅🌧️ 

Kanskje kjem det fleire vandrarar bakfrå, så eg får selskap fleire ettermiddagar, for syklistar tek fleire etappar i slengen, og forsvinn neste dag. 

Overnatting på Albergue municipal, som ligg i ein gammal tyrefektearena, på Plaza de Toros. Første gang eg har vore inne på ein slik arena, som heldigvis ikkje er i bruk, men fortsatt er det fleire regionar som tillet “sporten”.

Veldig OK herberge, og hyggeleg vertskap.

Avslutta kvelden med ei øl på restaurant “Flor de Mancha”, men Daniel.

I morgon skal eg gå lang etappe til San Clemente, ca 31 km. Håpar regnet stoppar🤞🏻 

Fleire glimt frå dagen:

Rosemåla seng for natta, må jo love godt😴