Laurdag 22.sept
Dag 15, etappe 15
35515 steg, 25 km
Ei god natt på herberget, trass lyn og torden, og regn som ausa ned. Det var jo nok til at eg begynte å bekymre meg for neste dag. Men klarte å «sleppe» det, og sov godt👍🏻
Det er helg, og – som eg har sagt før, litt utfordrande her når det gjeld opne butikkar og barar, for å få mat. Eg er utanfor turistløypa. Ho som bedyra at dei hadde ope for frokostservering i dag, t.d…….. Der var stengd dør kl 7.30.
Grått og overskya i dag, men fekk berre nokre dropar regn på meg, flaks der. Men våt og gjørmete veg, mange stadar, så måtte trå varsamt.



Landskapet var omlag som i går, flatt. Eg er på dei manchegiske sletter på 700 m høgde.
Mykje vindrue-plantasjar, både blå og grøne druer. Nydelege! I dag stal eg nokre små klasar😋 Mange bønder var ute og hausta i dag.



Passerte Castillo de Santiago de Torre på vegen, ei L-forma middelalderborg frå 1200-talet.


Ankom Las Pedroñeras kl 13, og fekk meg den kaffien eg blei snytt for i dag tidleg. Las Pedroñeras er ein småby frå 1500-talet, med ca 7000 innb. Namnet på byen meinar dei kjem av «stein» og «marker/åkrar». Byen er kvitløkshovudstaden, men dei produserer også vin.
Caminoen ligg i «ruta til Don Quijote», den skarpsindige lågadelsmannen Herr Quijote frå La Mancha. Boka blir rekna for å vere den første romanen i Vesten, frå 1605, og Don Quijote var ein idealist og draumar utan realitetssans.
Les meir her: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Don_Quijote
Eg bur på herberget her, som opprinneleg var eit munkekloster. Her er kjøkken, vaskemulegheit, frukost, sengetøy og frottéhandkle med i prisen.
Eg har det heile for meg sjølv.



Det nye no er at eg får selskap om nokre dagar. Isabella, som eg møtte på VDLP i fjor, har teke fly frå Austerrike, og droppa inn på Caminoen. Ho er no i Albacete. Det blir hyggeleg med selskap😊
I morgon går eg til El Toboso, ca 31 km. Håpar beina og alt held🤞🏻
Fleire glimt frå dagen:




You must be logged in to post a comment.