Las Pedroñeras – El Toboso

Søndag 22.september

Dag 16, etappe 16. 

46780 steg, 30 km. 

Hadde ei god natts søvn på det gamle klosteret, laga meg frukost der, før eg starta 7.15. 14 grader ved start, 22 seinare på dag.

Lang etappe i dag. Men eit par stopp i to av tre småbyar undervegs (El Pedernoso, Santa María de los Llanos og Mota del Cuervo), gjorde vandringa kjekkare i dag, sjølv om siste mila var seig. Det kom seg av smerte i høgre fot, framsida, det same som eg fekk i fjor. No sit eg med is, og håpar at eg skal få bukt med det. Forbaska kjedeleg😢 

Elles har dagen vore heilt fantastisk! På vegen mellom El Pedernoso og Santa María møtte eg ei dame som kom i kjapp treningsgange motsett veg. Ho helste (slik dei fleste spanjolar gjer), og spurte om eg gjekk Camino. Etter ei stund snudde ho, og etter kvart tok ho meg att, og begynte å prate. Så slo vi følge til Santa María. Ho trente på gåing fordi ho skulle gå Camino Francés, frå Sarria, 100km, i starten av oktober, i lag med 7 andre. (100 km er minste distanse for å få ein Compostela).

Eg spurte om ho visste om ein bar der eg kunne kjøpe kaffi, då vi kom fram dit ho budde, men då inviterte ho meg like godt med heim til seg❤️ Følte meg veldig heldig og velkommen, hos Anunciación og Miguel! Utruleg hyggeleg, og veldig kjekt å oppleve slik gjestfridom. Eg var der sikkert ein time, før eg kom meg avgarde att. 

Miguel og Anunciación
Kaffi med mjølk og honning, og sjølvproduserte mandlar, i patioen. Fekk med meg ei skikkeleg handfull med mandlar🙏🏻

Dette vart verkeleg “the chocolate of the day”! ¡Muchas Gracias!

Anunciación følgde meg ut av byen, og på vegen var det mange teikn på at dette var ein by som Caminoen går gjennom.

Kan sjå ut som eg har gått ca 1/3.
Santa María de Los Llanos

Eg opplever at spanjolar er flinke å seie positive ting til kvarandre, syner mykje kjærleik og varme❤️

Landsskapsmessig har etappen vore veldig lik dei andre dagane, jordbruksland. Som Anunciación sa, så er dette eit område der folk klarar seg bra, trass økonomiske kriser som har vore, fordi dei har jorda og det dei dyrkar der å leve av. Lite emigrering pga mangel på arbeid i dette området.

Vindmøller på veg til Mota del Cuervo. Dette er den type vindmøller som Don Quijote slåss mot – i romanen.

Her i El Toboso er det ikkje Albergue, så eg bur på ungdomsherberge, med eige rom. 

Håpar verkeleg eg klarar å gå dei 24-26km i morgon, til Villa de Don Fadrique. 

Slik ser gravplassen ut her.
El Albergue Juvenil El Quijote