Onsdag 25.september
Dag 19, etappe 19
41674 steg, 23,1 km
Ingen bar open i Tembleque, før kl 8, men eg hadde heldigvis kjøpt meg mat til frukost, som eg åt før eg drog. Litt kronglete å finne vegen ut av byen, og merkinga på denne etappen kunne definitivt vore betre.

Eg “mista” merkinga ein stad, det er lett for når ein går i eigne tankar…. Og det har eg jo gjort no i snart tre veker😂
Veldig variert etappe i dag, litt stigning, innimellom, og ned att. I starten var det omtrent berre åkrar med hausta korn.


Så var eg over eit høgdedrag, som gav meg kjensle av å vere i høgfjellet heime, med ganske sterk og kald vind. Mange furutre her.




Då eg var nede frå fjellet, var det pistasj-plantasjar, og til slutt oliventre på oliventre så langt auget rakk.


Oliventreet kan bli bli fleire tusen år gamle, dei er gull verdt for eigaren. Eviggrøne, og greinene blir ofte forbunde med siger og fred. Sigerherrane i dei klassiske OL- leikane blei kruna med kransar av oliventre greiner. FN-flagget har to olivengreiner, symbol på samarbeid og fred, i høgste grad aktuelt i dag!
Trea gror sakte, og bærer ikkje frukt dei første åra. Mest frukt gir dei når dei er 30 – 50 år. Normalt lever treet i 300 – 600 år. Eg synst det var fantastisk å sjå alle oliventrea i dag.

Gjekk forbi Castillo de Mora, eller Castillo de Peñas negras, på ei høgde ca 3 km før Mora.
Borga er frå middelalderen, bygd av arabarane på 900-talet. Mora by ligg 717 moh, har ca 10000 innb.


I dag har det verkeleg kosta meg mykje å gå. Det var ein seig tørn, med mykje vondt i leggen, så siste mila tok eg på meg ei støttebandasje som eg fekk på legevakta. Trur faktisk at den hjalp.
No har eg installert meg på Hostal Los Conejos, ingen Albergue her.
Vanskeleg å vaske kle på slike hostal, umogelege klehengarar…. så eg har vore på vaskeri og vaska og tørka klede, samt vore på apotek og kjøpt meg støttesokk, same som eg kjøpte i fjor.
Pessimismen på etappen i dag, har snudd til eit snev av optimisme. Kryss fingrane for meg🤞🏻
I morgon tek eg ein liten halvdel av etappen Mora – Toledo, og stoppar i Almonacid de Toledo, der er det Albergue. 12,3 km.
Toledo fredag 👍🏻
Veldig gøy om nokon kommenterer!



You must be logged in to post a comment.