Herleg med ei veke «ferie» og slaraffenliv i Valencia, før eg startar oppatt mi vandring på Camino Levante.
Valencia er Spanias tredje største by, med over 807 000 innbyggarar. Grunnlagd av romarane i 137 f.Kr.
Namnet på byen betyr “styrke”, “aktivitet”, frå latin.
Kunst- og vitskapsbyen (La Ciudad de las Artes y las Ciencias) i Valencia, er spektakulær å besøke. Den ligg i det tørrlagde elveleiet til Turia. Elva rann tidlegare gjennom sentrum av byen, men i 1957 blei byen råka av ein storflaum, og elva blei difor lagt om sør for byen. Dermed blei eit stort areal ledig, og utanom denne «byen», finn ein parkar, sykkelvegar, små tjern, stiar, fontener, blomsteranlegg, kaféar, kunstverk, fotballbaner, friidrett og andre aktivitetsmulegheiter. Mange bruer fører all trafikk over parken.



Heile området ser ein som «ein grøn tarm» på kartet, og gir folk høve til å forflytte seg over lang avstand utanom all trafikk.
“Byen” som er konstruert av Valencia sin eigen stjernearkitekt, Santiago Calatrava, blei påbegynt i 1996. Han fekk boltre seg fritt på dette store områder, og i 1998 stod første bygget, Hemisfæren, ferdig, og så blei resten fullført etter kvart.

I dag er det rundt 3 mill besøkande her kvart år.





Akvariet, som er ein del av “byen”, er enormt, Europa sitt største, eit område på heile 110.000 kvadratmeter, og 42 millioner liter saltvatn.

Valencia er ein perfekt ferieby. Her kan ein bade på fantastiske sandstrender, shoppe i spennande små nisjebutikkar, eller handelshus, og oppleve kunst og kultur, og historie.

I gamlebyen finn ein den vakre katedralen, der Camino Levante startar. Ein finn vegen ved å følge skjella som er nedfelt i gata.




You must be logged in to post a comment.