Novés – Escalona 

Torsdag 3.oktober

Dag 27, etappe 24

33071 steg, 19,5 km. 

I dag har det vore ein super dag! 

Skal ikkje skryte av herberget, det var skite, golva hadde ikkje sett vatn på år og dag. Kunne sagt mykje, klødde i fingrane etter å gå laus på både eitt og hitt. 

Men, etter ei middelmåtig natt, stod vi opp, og forlét herberget for å få oss litt mat før start. 

Frukost på ein bakerbutikk/bar som var open. Her var det god stemning kl 7 om morgonen😊 Vi bestilte mat, og når eg tok bilete, ville absolutt ein av dei andre gjestane ta bilete av oss i lag med Emilio, eigaren.

Nydelege folk! Det var så hyggeleg der, Emilio spanderte ein ekstra kaffi på oss, og kake, så vi var der ein time, før vi kom oss avgarde. Det var verdt det👏🏻

Han i blå jakke var ein artig, sosial kar. Synst det var stas med nokre pilgrimar😊
Emilio var berre ein superhyggeleg, og lun kar.

Det var ei nydeleg etappe vi gjekk i dag. Flott himmel, super temperatur. Veldig variert landskapsmessig, mykje tre og grønt, men også hausta åkrar så langt auget rekk. 

På veg ut av Novés.

Kaffi undervegs i Quismondo, og framme i Escalona i halv tre- tida. Isabella kom først, eg går veldig seint for tida. Men foten er betre, og eg er optimist. Isbehandling kvar ettermiddag/kveld og taping + stavar…. Eg trur det funkar🤞🏻 

Escalona er ein sjarmerande liten by, som ligg på ei høgde, 439 moh. Byen ligg ved elva Alberche, halvveges omringa av ein mur, og med Castillo de Escalona som eit blikkfang når ein nærmar seg byen. Byen og borga var opprinneleg maurisk, men kom seinare på spanske hender. 

Her bur vêl 3000 innbyggarar. 

Herberget her er betre enn der vi var førre natt, fordi det er reint, har varmt vatn, tørkestativ til kleda, og det luktar ikkje. Men sengar og slikt…… 🤔 vi søv på nokre madrassar på golvet. Men greitt, berre vi får sove. 

Albergue Municipal donativo

I morgon forlét vi Castilla – La Mancha, og går til Cadalso de los Vidrios, som ligg i regionen Madrid, 20 km. 

Fleire glimt frå dagen:

Ikkje mange dyr å sjå på denne tida.

Mange veggmaleri her:

Vakker kveld i Escalona: