Fredag 4.oktober
Dag 28, etappe 25
35472 steg, 19,8 km
Dette har vore ein fantastisk flott dag! Nydeleg vandring gjennom variert landskap, og vi har gått til fjells. Ein del av etappen var på asfalt i dag.
Nydeleg temperatur å vandre i, men kjøleg i starten. Har stege ca 370 høgdemeter, og i er no oppe i 804 moh.



Vi har skikkeleg “drøla” i dag, stoppa på to plassar undervegs, Paredes de Escalona og Cenicientos.






Herleg å kunne ta det roleg, når eg absolutt bør ta det med ro. Foten oppfører seg bra💪🏻 Han har fått klar beskjed😊🤞🏻
(Men sit no her med is, det vil eg nok halde fram med nokre dagar til….💪🏻)
Ankom Cadalso de los Vidrios først halv fire. Åt litt på ein bar, og kontakta herberge-verten. Han viste oss herberget, fantastisk fint herberge, ordna så fint med mykje omsorg. Her har dei alt. Fullt utstyrt kjøkken og vaskemaskin. Vi fekk sengetøy og handkle (til og med❤️), alt til ein pris av 10€ kvar. Vi gav han 15.



Ein elskverdig mann med mykje omsorg, rett og slett nydeleg å oppleve etter alle rare herberge eg/vi har vore innom.
No er det dagens klesvask som skal gjerast, så den tørkar før sola går ned.
I morgon skal vi først bratt nedover, så ein del opp og ned, før det er rett opp til Cebreros, 755 moh. Ca 20 km.
Herleg med litt fjell⛰️💪🏻☀️
Fleire bilete frå dagens vandring:











You must be logged in to post a comment.