Kva er det som driv meg til å gå caminoar? 

Dette er eit spørsmål eg har fått på nytt no. 

Har grunda på det sjølv, mellom anna når eg vandrar, og har min daglege meditasjon på vegen. 

Kvifor synst eg at dette er givande? 

Kvifor gir dette meg slik glede, sjølv om mange dagar er reine nedturen?

Kvifor valde eg å gå Camino Levante, som er rekna som den hardaste Caminoen? Ikkje fordi den er meir fysisk krevjande enn andre, sjølv om den er lang, men fordi den er så einsam. Du kan risikere å gå åleine heilt til Zamora, 800 km. 

Ein må eigentleg vere litt sprø for å gi seg i kast med denne, seier Isabella (som eg har vandra i lag med sidan Toledo) og eg til kvarandre. Og vi meiner begge at vi er litt sprø😅 

Ein må ikkje vere redd for å vere åleine, og ein må trivast med det, trivast i eige selskap på vegen og når ein kjem fram. Ete alle måltid ute åleine også. 

Eg har gjort det så ofte at eg er ikkje redd for det. 

Eg kjenner også på takksemd for at eg er fri og frank til å gjere dette, no når eg er pensjonist. Tenk å vere så heldig at eg kan dra i veg når eg sjølv vil, og ikkje ha ein jobb eg må skunde meg tilbake til. 

Min australske camino-venn, Hugh, frå Via de la Plata i fjor, kalla det å gå ein Camino – ein «mindwash»….. Det kjenner eg på er ei god beskriving. Ein tømmer hovudet, går i eigne tankar, det er ein slags kontemplasjon. Dette er både eit religiøst og eit filosofisk uttrykk. 

Eg er glad i å gå, og det må ein vere. Eg synst ikkje at det er kjedeleg, t.d.  Å GÅ ein Camino er ein fantastisk måte å sjå landet på. 

Eg går no gjennom ein del av Spania som eg aldri har vore i før. Alt innland mellom Madrid og Sierra Nevada, og aust for Via de la Plata, har eg aldri besøkt før.

Så er det ei enorm glede å møte på alle dei vennlege spanjolane (i alle fall dei fleste) som eg møter overalt. Dei er høflege, helser på alle når dei kjem inn på ein bar, t.d. Når ein møter folk på gata, helsar dei fleste “Buenos días” eller Buenas tardes” eller berre “Hola”! 

Å gå gir meg god mosjon, eg blir i god form av det, og eg stenger ikkje verda ute med å gå med øyreproppar som kan forstyrre meg, eller hindre meg i å høyre alle lydane rundt meg. 

På Caminoen er ingen dagar like. Dvs – der var nokre som likna veldig på kvarandre på dei evige slettene i Castilla La Mancha😆 

Kvar dag lever sitt eige liv. Eg går gjennom nye trakter, kjem til nye stadar. Eg skal finne eit herberge å “bu på”, eg skal kvile, tøye slitne musklar og ledd, ete, sove. Så kjem ein ny dag, og nye soloppgangar. Dag etter dag er det slik. 

Paulo Coelho seier det slik: 

«Ingen dag er den andre lik. Hver morgendag bringer sitt eget mirakel, sitt magiske øyeblikk, da gamle verdener forgår, og nye stjerner skapes» (Ved elven Piedra satt jeg og gråt») 

Så, kva er det som driv meg? 

Først og fremst er dette ei utfordring som triggar meg – å gå tvers over Spania. Det gir meg meistringskjensle kvar dag å klare ei etappe, og kvar dag komme nærare målet. Eg synst jo det ville vere litt kult å klare det, og komme fram til Santiago. Men først må eg gjere vegen dit…

Når først tanken var blitt sådd å gå Camino Levante, så kjende eg på at dette skulle eg berre gjere. 

Eg er ei rastlaus sjel, klarar ikkje vere i ro, med mindre eg har prosjekt som eg jobbar med. 

Å vandre her nede, men også elles, gir meg enorm ro i sjela. Ein kjem inn i ein slags modus, og det kjenner eg på er veldig bra for meg. 

Det er sjølve vandringa som er det beste med det heile, å gjere “sin eigen Camino”. 

Å komme fram, er veldig stort, og veldig, veldig emosjonelt. Men det er dagane undervegs eg hugsar best, og har med meg kvar dag etterpå. 

Kviledag i Ávila

Tysdag 8.oktober

Dag 32

Det er ikkje lett å vere i ro når ein har mykje å gjere. 

Har vore på Decathlon (tok buss…) og kjøpt meir ullklede. Det er kaldt her oppe i fjella, og når vi kjem til Galicia kan vi vente oss allslags ver i slutten av månaden. Til og med snø.

Eg har vore på postkontoret og sendt heim klede eg ikkje treng meir her. 

Og eg har vore hos lege (tok buss…) og fått resept på betennelsesdempande medisin. Eg endar vel opp med å bli ekspert på både taping og behandling av denne skiten, skulle klart meg fint utan🤔

Så eg har ikkje fått sjå allverda av denne fine byen. 

Mange koseleg butikkvindauge her.
Kaffi på baren Santa Teresa.
Santa Teresa de Ávila, byen sin helgen.

Bymuren rundt gamlebyen er frå Middelalderen. Den er over 2,5 km lang rundt, har 87 tårn og 9 portar. Den har 2500 taggar, og muren her er den best bevarte av sitt slag i verda.

Det er Spania sin nasjonaldag, Día de la Hispanidad, 12.oktober. Dagen blir også kalla Columbus-dagen, til minne om at Christoffer Columbus gikk i land på Bahamasøyene 12.oktober 1492.

Dette er generelt ein skulefri dag for ungane, men elles inga feiring blant folk. Offisiell feiring er ei militærparade i Madrid med kongen til stades. Her i byen såg vi stridsvogner oppstilt ved muren i dag, kanskje skal dei ha ei slags markering her også? 

Såg det var spennande for barna å komme opp på desse monstera, ikkje særleg kjekt å sjå, tykte eg.

Det har bore kaldt her, 13 grader, men litt vind i tillegg, 16 grader midt på dag. Overskya. Det er meldt regn i Spania heile veka, då det er spennande dagar vêrmessig. 

I morgon skal vi gå til Gotarrendura.

24 km.