Medina del Campo – Tordesillas

Laurdag 12.oktober

Dag 36, etappe 32

36499 steg, ca 24 km. 

Vi er på veg nordover, Tordesillas ligg nordvest for Madrid. Vi har 7 etappar att til Astorga. 

I dag var det meldt regn, og det kom etter ein god time på vegen.

Då passa der supergodt å komme fram til byen Rueda etter 12 km. Vi stoppa ved ein kombinert bodega og restaurant. Fantastisk koseleg plass med eit personale som elska jobben sin, verka det som.

Eg gjekk ut att for å ta vekk gjørme på skoa, men – nei, det var ikkje nødvendig, og ein av dei tilsette kom ut og leia meg innatt. 

Vi følte oss veldig velkomne, og alle var så interesserte i å høyre om pilgrimsvandringa vår. 

Vi åt brunsj her, og vi fekk servert litt kvitvin frå bodegaen. 

Dette vart verkeleg ei hyggeleg oppleving. 

Vi ringte herberge-verten herifrå og sa at vi var på veg. Vi skulle møte han på Plaza Mayor når vi kom til Tordesillas.

Rueda var ein koseleg liten by.

Festpynta by.

Då vi starta oppatt, begynte det å blåse og regne igjen, men heldigvis fekk yr og storm rett, det slutta igjen etter kort tid. Og etter kvart skein der opp, og blei skikkeleg varmt. 

Vi kom fram til Tordesillas i halv 3-tida, etter å ha sett byen “der framme” lenge. 

Entra byen over ei fin bru frå middelalderen – over elva Douro
Endeleg framme, Plaza Mayor.

Koseleg by, og fantastisk hyggelege og hjelpsame folk, mellom anna verten på herberget, Antonio. Han ordna det slik at vi fekk oss middag, sjølv om vi var for seint ute, eigentleg. 

I dag er det Fiesta Nacional her i Spania. Det er ikkje så mykje vi merkar til det, anna enn at det har vore uvanleg mykje folk ute, i gatene og på varar, der dei har kosa seg med god mat og drikke. 

Herberget her er det flottaste vi har vore på. Det var tidlegare ein bodega her, på slutten av 1800-talet. Så stod huset til forfalls, og blei restaurert og bygd om til herberge for tre år sidan. Tverrbjelkane i taket er originale. Her har dei alt, m.a vaskemaskin og tørketrommel, fullt utstyrt kjøkken. Og det er reint, og med dekke for pute og madrass. Ingen sjølvfølge! 

Pilgrimspass.
Utanfor herberget.
Antonio og Isabella.

Ei natt her skulle han ha 5€ for. Vi gav han 10. Eg tenkjer på andre plassar vi har budd og betalt 5€ for, som ikkje var verdt dét ein gong. For å bu på slike herberge, må ein ha pilgrimspass. 

Tordesillas var ein viktig by for 5-600 år sidan. Det var t.d. her at Spania og Portugal signerte avtalen i 1494, om korleis dei erobra områda i Sør-Amerika skulle fordelast dei i mellom. Dei blei einige om å dele dei i to, og Portugal fekk det som i dag er Brasil, medan Spania tok resten. 

År 1494

Ikkje akkurat ei historie å vere stolt av, meiner no eg.

I morgon går vi vidare til Mota del Marqués. 24,7km. 

Fleire glimt, mellom anna eit- tre par av veggmåleria her.

Quasimodo😂🤣

2 kommentarar på “Medina del Campo – Tordesillas

  1. Hei Kari!

    Jeg husker denne fölelsen: «å ha sett byen “der framme” lenge» 😀

    Det ser ut til at være mer glede at ha en til å gå i lag med. Men det blir vel ikke mye snorking når dere bare er to jenter, eller hva? 😀

    Måtte google gjörme 🙂

    Alltid fine bilder.

    Buen camino!

    • Haha😂 Nei, lite snorking. Vi har stort sett overnattingsplassane for oss sjølve. Bortskjemte blir vi. Men i morgon møter vi Via de la Plata, så då blir det nok fleire folk🤔

Kommenter innlegget