Måndag 14. oktober
Dag 38, etappe 34
5367 steg, 38,2 km.
Vakker morgon, med landemerka til Mota bak oss då vi gjekk ut av byen i gryotta.

Eg slo saman to etapper i dag. Ikkje fordi eg hadde så innmari lyst til å gå langt, men fordi det var meldt masse regn onsdag, då planen var lang etappe til Benavente. Tenkte det var betre å ta den etappa i morgon.
Men veret skiftar fort her, også meldingane, så ein veit jo aldri. Kanskje kjem regnet i morgon i staden for🫣


Men det har gått greitt å gå så langt i dag. Isabella tok ei anna rute til San Pedro de Latarce, som var første stopp, for lunsj. Ho var nysgjerrig på ei rute i appen Mapy.cz.
Eg har gått hardt i dag, mellom 5 og 6 km i timen. Eg kom fram til San Pedro ein time før henne. Ho hadde teke nokre avstikkarar. Ho tok ei drosje resten av vegen.
Kvar og ein lagar sin eigen Camino. Nokre får bagasjen frakta. Andre tek buss eller drosje. Andre går kvar km. Her er alle variantar. Eg har som mål å gå kvar km, sjølv om eg blei transportert ca 20 km då leggen var på det verste.
Kom fram til Villalpando etter 3,5 time, kvart over 4.
Grei vandring. Har hatt fokus på å komme meg fram, klare å gå så langt.


No ventar dusj, tøying og føtene høgt, på eit herberge vi er glade for berre er for nokre timar ei natt. Her er store forskjellar.
Eg skal gå 29 km i morgon til Benavente. Mykje av vegen går parallelt med bilvegen, så ikkje så spennande etappe. Men slik er det, stor variasjon. Isabella tek bussen.












You must be logged in to post a comment.