Fredag 25.oktober
Dag 49, etappe 44
38943 steg, 29,2 km
I dag var det meldt regn. Det er alltid noko eg gruar meg for, for tenk om det ausar ned i 2-3 mil😱
Frukost på herberget, som Paco laga til.
Yr og Storm melde regn (med to dråpar under skya) – frå kl 13-14, og jammen fekk dei rett. To skikkelege regnbyger, men så for dei forbi. For ein flaks vi har hatt med tanke på regn!
Regnbogen har også vore med oss mange gongar.

Det har vore mykje opp- og nedover i dag. Eg likar det godt, men ikkje alle synst det er like kjekt å gå oppover.
Vakker og frodig landskap, som blei presentert i ei litt mørkare utgåve i dag, sidan mørke skyer hang over oss.


Dagens etappe var lang, med ingen mogelegheit undervegs for noko servering. Det er litt stressande, det er trass alt nokre timar.
Då vi kom til ein liten by, Albaredos, etter 7 km, kom vi til ein «sjølforsyningsplass», der pilgrimar kan stoppe, lage seg kaffi (kaffemaskin inne i skapet), ete diverse, frukt m.m. og stemple pilgrimspasset.
Ho som var leiar for dette initiativet, fortalde at folk gav av det dei hadde til overs. Og vi betalar det vi vil for det vi forsyner oss med.
Utruleg hyggeleg å oppleve.



Vi har også møtt på Casimiro, ein mann på 98 år, som tok imot oss når vi kom inn til eigedomen hans. Rank i ryggen og spenstig, imponerande med slik alder.
Han fortalde han hadde budd her heile sitt liv. Kona døydde for eit par år sidan, og no var han den einaste som levde her. Det hadde vore eit hardt liv, då det var borgarkrig frå 1936-39, og med påfølgande diktatur-regime til Franco døydde i 1975.
Men, sa han, andre hadde hatt det mykje verre enn han, som levde litt beskytta langt ute på landsbygda.
Han inviterte oss inn på kaffi, men vi måtte takke nei, fordi vi ville komme oss lengst mogeleg før regnet kom.


Eg synst det er heilt fantastisk å gå her på Vintervegen, som leiar oss gjennom frodig landskap og mange små og vakre landsbyar, som vitnar om levd liv i lange tider, men også om forfall og fråflytting. Det fekk vi mange bevis på i dag. Eg synst det er flott når eg ser at nokre tek vare på desse husa.





Eg kom ikkje fram til Quiroga før nærare 15.30. Då er det oftast for seint å få seg varm mat, som dei sluttar å servere ca då. Då stenger dei kjøkkena, og kokken kjem ikkje tilbake på jobb før i 20-20.30 tida. Då er det litt krise for oss, som nesten ikkje har ete noko sidan frukost.
Men vi spora opp ein restaurant, Chapakuña 3, der Noelia tilbydde seg å lage til middag til to svoltne pilgrimar, sjølv om ho eigentleg hadde stengt. Og dette var skikkeleg heimelaga mat, suppe og hovedrett.
To døtrer synst det var stas å kunne hjelpe til med å dekke på til oss.
Eg blir så rørt av slik hjertevarme og omsorg🫶


Vi legg oss tidleg med dette livet her 🤣
I morgon er det ein ny dag på vegen, ca 22,9 km.
Då ventar A Pobra do Brollón. Litt usikre vermeldingar, og kjøleg, som i dag.
Fleire glimt frå dagen:




You must be logged in to post a comment.