Monforte de Lemos – Torre Vilariño

Måndag 28.oktober

Dag 52, etappe 47

15 km

Frukost kl 7.30, som vertskapet serverte, m.a med det typiske syltetøyet her, membrillo, som er laga av kveke. 

Kald, fin morgon, og masse tåke. 

I lag med Valesca og Guillermo.
Storkereira i nabolaget.
Romersk bru, midt i byen.

Tok ei god stund å komne seg ut av byen. 

Nydeleg vandring i dag, når vi berre kom oss ut av byen, og over på turveg. 

Vakkert terreng, skog og ope landskap omeitanna, og ein god del stigning, frå 200 moh til 600.

Det tykkjer dei jo er mykje her nede…🫢🤔 

Skodda letta først i 11-tida, så “mista” ein del utsikt undervegs.

Eg møtte på dei to spanjolane, Pepe og José María undervegs, dei hadde gått litt i førevegen, skulle gå 30 km.

Eg gjekk vidare i lag med dei til Torre Vilariño, der dei tok ein kaffi før dei gjekk vidare, til Chantada. Isabella og eg, pluss det brasilianske ekteparet Valesca og Guillermo skal overnatte her.

Vi passerte eit hus og hadde lang prat med ho som budde her. Dette er å gå Camino❤️
Adjø til gode Camino-vener.

Ein sjarmerande plass, Casa Rural, og litt luksus med stort, kvitt handklede, m.a.

No har vi ete ein god middag, og vore på to miradores/utsiktsplassar, som er her i nærleiken. Vi fekk nyte flott utsikt over elva Miño.

Minte meg om ein norsk fjord.

I morgon går vi til Chantada. 15 km. 

Håpar det går bra, for no har venstre leggen begynt å murre kraftig 😮😦

Fleire augneblinkar:

Her dyrkar dei drua som blir Ribeira Sacra- vinen, vi fekk smake i går. Druene veks i bratt lende, i terrassar.
Flott plass, Torre Vilariño.

2 kommentarar på “Monforte de Lemos – Torre Vilariño

  1. Hei! Idag er eg seint ute m.svar! Har vore til frisør på Sandane, kaf’ebesøk, handel..Kjekt å sjå at de er fleire ilag på herberget, enten de går ilag eller ikkje!🤗💕

    Men den leggen din..kunne no ha spelt på lag ei stund til!😫

    Håpar at du klarar å stå i det ! God tur!🥰

Kommenter innlegget