Torsdag 31.oktober
Dag 54, etappe 50
32037 steg, 22,4 km
Regnet har styrta ned over sør- og aust-Spania, katastrofale tilstandar m.a i Valencia, og det er ikkje til å fatte.
Og – bank i bordet – her går vi i regnfulle Galicia og har fint ver.
Ikkje til å tru. Og eg kryssar fingrane for at eg kjem meg fram før evt regnet kjem.
Nydeleg vandrevêr i dag. Litt kaldt i starten, men enda opp med å gå i T-skjorte.
Vakker morgon:


Kvar dag er så ulik den forrige, som regel. I dag har eg gått gjennom jordbruksland, i motsetnad til i går.
Med alt det medfører av diverse odørar. Silolukt, kyradrit, fjøs…….
Har gått gjennom ein del gjørme, verste tilfella så langt desse 8 vekene. Det var på hengande håret at eg kom meg forbi utan å dette uti.
Fleire dagar sidan det regna, så lurer på korleis det hadde vore viss regn🤔😩 Her tok eg ingen bilete. Hadde meir enn nok med å halde meg på beina😩
Mykje kyra- skit nedi, så måtte vaske av skoa ved første bekk eg kom til.
Eg har også gått gjennom ein del skog i dag, furu og eik, for det meste, men også bjørk, og – sjølvsagt – kastanjetre. Nokre stadar ligg kastanjenøttene/kapslane som eit piggete teppe på stien.



Vi passerte ei bru frå middelalderen ved Ponte, ca 10 km frå Lalin. Brua er frå 1100-talet, og blei restaurert nyleg, med t.d å legge stein på vegen over brua, i staden for asfalt.


Kom fram til Lalin i halv 1-tida.


Lalín er sentrum/midtpunktet I Galicia. På kyrkjeplassen er dette markert.


Bronseskulpturen av grisen, av Manolo Rial, er ein velfortent hyllest til den viktigaste bidragsytaren til spansk gastronomi.

Hadde reservert rom på herberget, og gjekk til Daniel i nabohuset, for å få stempel. Vertinna på herberget i Ponferrada sa nemleg til oss, at vi måtte gå til Daniel og få eit spesielt stempel i pilgrimspasset. Då eg kom, visste han at eg var frå Norge. Dei hadde kommunisert, han og ho i Ponferrada.
Utruleg fascinerande å sjå på han når han jobba med stempelet.
Og slik blei det sjåande ut. Ein skatt eg vil ta vare på:

Han visste alt om Caminoen, og gav meg gode råd for dei siste tre etappane.
Ei kjekk oppleving.
Pizza til middag på A Casa do Goto, Pizzería, saman med Isabella og ei spansk jente, Villar Lopez, journalist. Beste pizza eg har smakt på lenge.
No skal eg ut og sjå meg rundt.
I morgon går eg til A Bandeira, ca 22 km.
Tenk at eg snart er framme….🙏🏻
Fleire glimt frå dagen:






Monument reist i 1993, for å ære den lokale helten, Joaquín Loriga, yrkespilot, under Rif- krigen 1922-26.
HEI KARI!❤️Tenk at idag går du Dag 55!
So kjekt det var å sjå Stempelmannen arbeide, fint smykke å ha !
Og so trur eg at de må gå rasande fort.. tykkjer at de er tidleg framme!👏👏
Her har vi faktisk snøstorm!😫Håpar at det ikkje legg seg…
Herlege foto du deler.. høns og katt!
God tur på dei to siste etappane, klem.🥰
Takk, Anny🙏🏻 Ja, i dag har eg i alle fall gått fort. Over 5 km i timen. Herleg👍🏻
Varmt og deileg her. Sol. Men “De dødes dag”, og nasjonal fridag. Lurer på om eg får tak i noko mat. Det meste stengt😅🤪