Rielves – Novés

Onsdag 2. oktober

Dag 26, etappe 23

25889 steg, 15 km 

Vi sov godt vegg i vegg med kyrkja i natt.

Frukost på bar, før vi la i veg denne vakre morgonen. 

Rielves

Litt vind i dag, men varmt og deileg. Men det er meldt fare for regn seinare på ettermiddag / kveld. 

Kort etappe i dag, og eg klarte å gå i slow motion, mens Isabella gjekk så fort ho ville. 

Vi møttest på ein bar i ein liten by undervegs, Huesca. 

På vegen gjennom byen, blei eg snakka til av ein mann, han lurte på kvar eg var på veg. Jau, eg skulle møte ei venninne, på ein bar. Var ho sveitsisk? Ja, det var jo rett. Ja, ho er på den baren som låg rett nedi gata, rett fram. Og så måtte eg fortelje kvar eg var frå. 

Isabella fortalde at ho var blitt snakka til av fleire, også. 

Folk er så hyggelege og hjelpsame, og merksame. Eg blir så rørt av all omsorg mange viser. 

På baren blei vi også snakka til av ein vennegjeng. 

Ei av damene der fortalde at i Mellomalderen da pilgrimane møttest på vegen, sa dei ikkje ¡Buen Camino! som i dag. Dei sa «Ultreia». Det er ei slags helsing, for å gi mot og oppmuntring til kvarandre på vegen, eit ønske om å gå vidare, uansett kor vanskeleg vegen måtte verke. 

Vi skal sove på Albergue Parroquial her i Novés, også dette eit donativo. Kunne vore gjort mykje meir ut av dette herberget, m.a. ein grundig vask. Men her fekk vi i det minste laken på senga, og vaskemaskin. 

Novés er ein lite by med vel 2700 innbyggjarar, 573 moh. 

Vegen og landskapet på veg hit i dag, var omlag som i går, med hausta åkrar, vindrueplantasjar, pistasj og oliven. Så langt auget rekk. 

I skrivande stund er det 22 grader, frisk bris frå vest, og eg sit (som vanleg😅) med foten høgt og is. Det går framover🤞🏻👍🏻. Stabukken av ein inflammasjon er i ferd med å gi opp, kan det verke som. I alle fall var dagen i dag oppløftande. Det hjelper å gå korte etappar, og det hjelper med elastisk tape. Trur også det hjelper med stavar, at dei er med på å redusere vekta av sekken på beina. Same kva det er som hjelper, berre det hjelper❤️

I morgon går vegen vidare til Escalona, ca 20 km. 

Novés
Vakker liten slange på vegen (død)
Kjempegod middag her i Novés

På vegen igjen: Toledo – Rielves

Tysdag 1.oktober

Dag 25, etappe 22. 

39122 steg, 25 km. 

Tidleg opp kl 6, brukte lang tid å komme oss ut av Toledo, asfaltgange. Ingenting ope kl kvart på sju, men vi fekk oss ein kaffikopp og croissant på ein bensinstasjon. 

Vakker morgon, 16 grader på morgonkvisten, og meldt ganske varmt utover dagen.

Vi har delt ein distanse frå Toledo til Escalona i tre, som vanlegvis blir gjort på to etappar. Vi har jo nokre føtter som protererer litt….

Har teipa med blå stretchtape, etter beste evne etter video på youtube. Trur det funka, unngjekk opphovning. I tillegg var eg nybegynnar med stavar, trur det funka også👍🏻

Vi har gått gjennom flatt og veldrive jordbruksland, med dyrking av oliven, mais og vindruer. 

Framme i Rielves kl 14.30. Åt middag på lokal bar, før vi gjekk til alberguet, som er bygd vegg i vegg med kyrkja her. 

Herberget, det gule tilbygget til høgre.

Ikkje mykje å skryte av nokre av herberga vi overnattar i, og dette er eitt av dei. Ikkje mykje som har blitt gjort for å gjere det til ein trivelegare plass. Ikkje ein gong tørkestativ til dagens klevask. Vi måtte lage til nokre provisoriske greier med stolar og gåstavar. Det funka godt i sola, som tørkar alt på ein blunk. Men, folka vi har kontakt med, er utruleg hyggelege og hjelpsame❤️ Og folk her i Spania elles, elskverdige❤️

Camino-livet😅 Slik kan t.d. klevasken tørkast.

Ingen matbutikk open på ettermiddagen her, i det heile ein litt sovande liten by vi bur i i dag😅

I morgon er det 15 km til neste stopp, Novés. 

Kveld i Rielves
Foten høgt😊