Fredag 1.november
Dag 55, etappe 51
32312 steg, 22 km
I dag har eg vore 8 veker på vandring.
Det er utruleg å tenkje på……
Det er festdag i Spania, det er 1.november, “De dødes dag”, og det er nasjonal fridag.
Men eg lukkast å få frukost på ein open var i Lalin, før eg starta å gå litt før kl. 8. og i dag har eg gått veldig fort. Litt for å teste meg sjølv, men mest fordi vi misforstod litt info på Instagram, om ein som hadde komt til fullt herberge i A Bandeira i går, og eg ville sikre meg ein plass. Og så viste det seg at det ikkje var her det hadde vore fullt😩
Slik kan det gå når ein ikkje sjekkar fakta førut!
56,5 km igjen til Santiago, då eg forlét Lalin. Første del i dag, var på ein fredeleg turveg langs elva Pontiňas, med over 15 små bruer, og eit dusin vassmøller.




I dag har eg gått gjennom skog og jordbruksland, litt som i går. Sterke lukter frå gardane vi passerer.
Mykje mais-avlingar som står og ventar på å bli hausta. Nokre stadar, som her, er maisstokkane skorne ned:

Eg har passert ei nydeleg, lita romersk bru, Ponte Taboada, bygd over elva Deza i 912. Namnet betyr “bru av tre”, og er brua som erstatta tidlegare bru bygd av tre, difor same namnet.



Her er også mange fontener på vegen, der du kan fylle vassflaska med reint, kaldt vatn.

Eg er berre så utruleg heldige med veret! Det er trass alt november. Og i dag har det vore nydeleg og varmt. Har gått i shorts siste veka, og i T-skjorte frå litt utpå dagen, i dag frå i 10-tida. Og meldingane til og med søndag/måndag er fine.
Galicia er, vêrmessig, veldig likt Norge og Vestlandet, som eg har nemnt tidlegare, mykje regn. Så dette har vore full klaff. Eg har hatt skikkeleg med regn berre 3 gongar i løpet av desse 8 vekene. Griseflaks!
Ein plass å sette seg ned, har vore så godt som fråverande tidlegare på vandringa. Har sakna det mange stadar. Men her, i Galicia, har dei sett ut spesielle benkar for pilegrimane.
Andre kan sjølvsagt også bruke dei😀

No er eg her, i A Bandeira, ein lite interessant plass med ei hovudgate, og det er nesten alt. Eg hugsar plassen frå i fjor. Eg er nemleg no komt over på Camino Sanabrés, som er avslutninga på Via de la Plata, og dei to siste etappane eg gjer no, er dei same som i fjor. Det er jo litt koseleg, eg har kjekke minne frå dei.
Eg kom hit før halv 1, og har ete middag på ein restaurant her, og fekk etter kvart selskap av Vellar (frå pizzarestsuranten i går), ei tøff dame frå Pamplona, som har gått Camino Olvidado, og no Invierno. Ho gjekk sin første Camino i jobbsamanheng (journalist) for 20 år sidan, og har sidan gått ein Camino kvart år. Ho er verkeleg veteran!
Her er 5 pilgrimar på herberget i natt, 4 gåande og ein syklist.
I morgon går eg til Deseiro, til Alberguet Reina Lupa, der eg overnatta i fjor.
Gler meg til det.
23 km.





Kjære Kari!❤️I skrivande stund er du sikkert i mål for dagen, og har berre EIN ETAPPE ATT!
Håpar at det blir ein etappe med sol og varme!😘Fantastiske foto og forteljingar rundt dei.. Alt du kan!
Og veldig kjekt at de stadig møter nye vandrarar.
Soo mykje Lukke til i morgon, klem.🥰
Takk for koselege tilbakemeldingar, alltid, frå deg❤️ Eg set veldig pris på dei🙏🏻
Etappen i dag blei nok annleis enn tenkt, så den i morgon blir det også….