A Bandeira – Dornelas

Lørdag 2.november

Dag 56, etappe 52

9636 steg, 5km

For ein dag!!

Men slik er Caminoen, ein må ta det som kjem, og som skjer på vegen. 

Forlét herberget ca halv 8 – etter ei dårleg natt. Fleire som bur der som ikkje tenkjer på at dei skal gå roleg i dørene, t.d. fordi folk har lagt seg. 

Nok om det! Får nok sove godt i natt🤞🏻 

Frukost på bar, og starta gå kl 8.

Nydeleg ver, men kaldt. Litt tåke.

Buen Camino💀🎃

Hadde bestemt meg for å gå roleg i dag, og verkeleg nyte turen, og naturen og Camino-kjensla. Det gjorde eg også, heilt til eg møtte ein laus hund. 

Eit vegkryss mellom to gardar. Hunden sat der så fint, og eg såg eit fint motiv: hunden og vegvisarsteinen for Caminoen. Eg øver meg litt på å ikkje bli redd desse lause hundane, tenkjer at eigaren hadde ikkje lete hunden gå laus, viss den var farleg…… Eg har hatt- etter Toledo – eit par gåstikker, som eg hadde tenkt å ha ned meg heilt hit, der eg bur i kveld, på Albergue Reina Lupa i Deseiro.

Uansett hadde eg ikkje fått dei gjennom sikkerheitskontrollen på flyet heim. Men så gløymde eg dei att på rommet på alberguet i Quiroga, og hadde allereie lagt nøklane til rommet i nøkkelboksen….. 🤨   

Så…. Rett før eg kom fram til hunden, la han seg ned, og følgde meg med blikket når eg passerte. Eg likte ikkje auga hans, så eg tenkte at no må eg berre gå veldig roleg….. Han følgde etter meg, og eg gjekk roleg, og så plutseleg hogg han til i bakleggen, rett over hælen! 

Å nei! 

Dritthund! 

Han kom igjen, og eg skreik alt eg klarte at han skulle dra til………!

Nyttelaust å få kontakt med eigar kl 9 ein lørdag, så eg valde å gå til neste plass der det bur folk, Dornelas. 

Kyrkja San Martiño i Dornelas, romersk kyrkje frå 1100-talet.

Der traff eg ei dame i ein bil, ved denne kyrkja, som hjelpte meg med å ringe lege. 

Deretter kom Villar (som eg nemnde i går), ho hadde slåss mot same hunden. 

Ho ringde politiet, og både politi og ambulanse kom. 

Så her har vore liv i leiren med heile pakka😅

Lege, sjukehus, dagen har gått med, og eg har enda opp med antibiotika, og ikkje rabies-vaksine. Dei meinte bestemt at eg trengte ikkje det. Stivkrampe-vaksinen tok eg omatt i mars, nettopp med tanke på Caminoen og denne risikoen, heldigvis🙏🏻

Så no endar eg med beslutninga å ta taxi i morgon kl 7, til Dornelas, for å ta resten av dagens etappe + 10,5 km frå her = 27-28 km til Santiago. 

Eg kjem då seint fram, men det får våge seg. 

Håpar det ikkje blir meir drama 🤞🏻💪🏻

8 kommentarar på “A Bandeira – Dornelas

  1. Fy fader kor utriveleg. Jækla hundeeigarar som held slike beist. Håpar du ikkje får noko trøbbel i etterkant. Men antibiotika hindrer nok det.

  2. Hei Kari

    So sorry about the incident with the dog, she/he seems to be a serial-attacker and shouldn´t be let loose. I sure hope the police had a serious talk with the owner.

    And the only day without the walking sticks, how unfortunate!

    But the most important is your leg, I hope it heals quickly. And do allow yourself the take a taxi to lighten your burden, you sure have earned it.

    Buen camino ❤

  3. Gode Kari!🥰Fy søren kva du kom bort-i !!😫Nei, detta skulle DU IKKJE HA!

    Men takk og pris at du fekk hjelp so fort.🤗

    Men du hadde vel ikkje tenkt at det skulle bli møte med både politi og sjukehus….😂

    No er du midt i vandringa, siste etappe, eg heiar på deg, klem.🩷💕

Kommenter innlegget