Søndag 3.november
Dag 57, etappe 53
40448 steg, 28 km.
Endeleg framme i Santiago de Compostela.
Like stort kvar gong❤️
Eg starta Camino Levante åleine, og eg gjekk inn i Santiago åleine!
Eg klarte det❤️


Det er første gang eg går inn til Santiago åleine. Det var annleis, ingen å dele augneblinken med, men fint også.
Eg kjenner meg overvelda, for det har vore så mykje kjensler undervegs med trøblete leggar, og har aldri vore heilt sikker på korleis det skulle gå.
Men å gi seg har aldri vore eit alternativ.
Eg er lukkeleg over å ha komt fram, og eg er eigentleg kjempestolt av meg sjølv, eg tillet meg å seie det.
Det er heilt rart å tenkje på at eg har halde på med dette i 8 veker og to dagar. Eg fattar det eigentleg ikkje.
1200 km.
Det er jo eigentleg ganske sprøtt, og kanskje må ein vere litt sprø for å gjere det. I allefall Camino Levante, som er den lengste Caminoen, og som blir rekna for å vere den hardaste, som eg har nemnt før, – ikkje pga av lengda, men fordi den er så einsam.
Eg veit no, at hadde ikkje Isabella dukka opp, så hadde eg vore åleine på vegen heilt til Astorga.
Eg trur eg ville ha takla det også, men jammen er det godt med litt selskap.
Dagen i dag blei annleis enn planlagt.
Pga hendinga med hundebitet i går, og eg hadde ambulanse etter Dornelas, så bestemte eg meg for at eg måtte berre gjere gårsdagens etappe ferdig i dag.
Så Carmiña på Reina Lupa, bestilte drosje til meg kl 7 i dag, for å køyre meg dit eg slutta i går. Drosjesjåføren var ein hyggeleg mann, full av bekymring fordi det var mørkt, og han nemnde ein bratt bakke på veg til Pont Ulla, der eg måtte passe på å ikkje falle❤️
Eg var ikkje redd då eg starta og gjekk gjennom skogen (med hauelykt), men eg var ikkje veldig høg i hatten🥺
Den distansen + 10,5 km frå Deseiro/Reina Lupa, blei altså dagens etappe, 28 km.
Eg gjekk kjempefort, og stoppa for kaffi hos Carmiña.

Eg ankom Santiago i 13.30 tida. Desse siste 10,5 km var ei rein nyting å gå. Fint ver, fin veg, og merkesteinar som viste nedteljinga. Motiverande.
Nydeleg ver, varmt, 21 grader. Heilt fantastisk.
Det var sterkt å komme fram. Men denne gongen var eg meir førebudd enn i fjor, fekk ikkje kjenslene “i fleisen”, slik eg gjorde då.
Men uansett, sterkt. Eg blir litt overvelda, for det er klart, det har vore ei mental påkjenning å gjere dette, eg må innrømme det.
I kveld har eg vore på messe i katedralen, men eg trur eg vil gå i morgon kl 12 også, kanskje eg får oppleve botafumeiro-en då.



Har møtt på Villar, frå Pamplona, og vi har feira oss sjølve med eit par øl på bar.

Vi bur på San Martín de Pinario, eit gammalt munkekloster, som dei har gjort om til m.a overnatting for pilgrimar og andre. Rett ved sidan av katedralen, supersentralt. Små rom, med eige bad. Billeg, og frukost inkludert.
Nydeleg atmosfære, hyggelege tilsette. Her blir det bra å vere i tre dagar før heimreise.


I morgon? Rusle rundt og nyte langsamt tempo 👍🏻🥰
Glimt frå dagens vandring:









Hei Kari (ahora Karitas?)
De er klart at du klarte det: Felicidades ❤ ❤ ❤
Du får ha noen fantastiske dager i Santiago til at komme deg ned på jorden igjen 😀
Nyt det! og Buen camino!
Takk, ja, det treng eg. Fly heim til Norge onsdag❤️
Herlege Kari!
Ei Bragd, eit Meisterstykke det du har gjort!🤗🥰
Nyfiken, eventyrlysten,sprek og spenstig, UREDD!😘
Fy søren alt du har opplevd,og Stått på!
Og no gledar du deg sjølvsagt mest til å møte familien!🩷
Ynskjer deg god tur heim, Stoor klem.🥰
Takk, Anny❤️ Duhar vore ein stor motivator med dine kjekke kommentarar❤️ Det skal du vite😊 Ja,heimreise i morgon, onsdag. Stoppar2 dsgsri Oslo.
Gode Kari! Takk for fin kompliment!🩷For meg har alle reisebreva dine vore Høgdepunkt på ettermiddagane, har leita og ivra etter å lese dei!🤗
No avsluttar vi « korrespondansen», du har mykje å ta deg av når du kjem til Oslo og heim til Førde! Snakkast, klem.🥰