Det som ikkje var «dengue».…..var det likevel……. :(

Føler seg litt «lost» når ein blir sjuk i utlendigheit. Og eg som omtrent aldri er sjuk!

Denne plakaten heng på alle skulane her, info om denguefeber.

Denne plakaten heng på alle skulane her, info om denguefeber.

Det kom som kasta på meg på tysdag, lurte på om eg hadde reagert å varmen, det var frykteleg varmt her då – og er det fortsatt. Har no feber på fjerde dagen, men i dag litt mindre enn i går, så då seier legen at eg kan berre ta det med ro. Eg får stole på han 🙂

Som den store katastrofetenkjaren som eg er, så frykta eg at eg hadde fått dengue-feber, som det ikkje finst vaksine mot, og vi brukar myggmiddel for å halde unna denne frykta myggen. Blodprøvetaking onsdag – avdekka at eg ikkje hadde dengue…….., men så tok eg ny prøve i dag, og den syner at eg har denguefeber likevel! Så katastrofetenkjaren i meg fekk rett – for ein gongs skuld….

Nye runder med tålmod, og fortsette å ta alt med ro, halde senga og slappe av. Merkeleg kor lett det har vore å få dagane til å gå likevel…… 🙂 Drikke masse og ete godt, – eg får prøve på det, sjølv om matlysta er dårleg 🙂

El Camino de Santiago.

 
Klare for vandring.

Å gå pilgrimsvegen i nord-Spania var ein spesiell måte å vere turist på. Eg fekk sjå ein del av Spania som eg aldri ville ha sett om eg reiste med bil, t.d. Kvar dag kom vi fram til ein ny stad, alltid var det like spennande. Dagane gjekk veldig fort, og aldri var det kjedeleg.

 Motivet mitt for å ta turen, var ikkje religiøst forankra. Eg hadde lyst til å prøve dette fordi eg er litt nysgjerrig og eventyrlysten, – eg likar å prøve nye ting og nye utfordringar. At det i tillegg gir aktivitet og trening, var ein bonus.

...og vi gjekk og gjekk, meir eller mindre tungt lasta....

Alt eg trengte på turen, måtte eg bere med meg. Det betydde mange runder med meg sjølv kva eg skulle ha med meg. Eg brukte ei veke på å pakke! M.a. måtte eg mentalt innstille meg på at eg skulle klare meg utan t.d. mascaraen, lebestiften og parfymen desse vekene, dersom eg ville ha ein lettare sekk å bere. Eg tenkte som så at – dei eg møter, kjenner ikkje meg, og då betyr det lite korleis eg ser ut…….. Elles kjøpte eg meg ein lett ryggsekk, 45 l, og den lettaste soveposen eg fann, 600gr. For sovepose treng ein, det er kaldt om nettene i nord-Spania, også i juli.

Vi valde å gå frå León. Distansen er om lag 300 km, noko som utgjer ca 2/5 av El Camino francés. Kvar dag stod vi opp mellom 05.45 og 06.00, starta å gå mellom 06.30 og 07.00. Mange stod opp endå tidlegare. Veldig greitt å komme i gang tidleg. Etter 1 – 2 timar stoppa vi og åt frukost på ein av dei mange kaféane undervegs. Dette var ei ideell løysing. Ved å starte tidleg, kom vi tidleg fram til neste stad, slik at vi var sikra ei seng for natta.

Gule (eller kvite) piler viste veg, nesten umogeleg å gå feil.

Vakker morgon med måneskin - rett før det blei lyst.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Med to turkameratar frå Island så kan eg seie at “Det gikk på engelsk og

Mine to turvener, Sunneva og Rannveig fra Island.

norsk”…..og spansk og islandsk…….Det blei såleis stor variasjon og god trening også på det språklege området. Vi møtte utruleg mange hyggelege folk, frå mange ulike nasjonar.

 
Vi gjekk gjennom den spanske landsbygda, gjennom velstelte gardstun, koselege små og større landsbyar, over fjell og vidder med flott utsikt, gjennom skogar, forbi velstelte vingardar og mais- og grønsaksåkrar. Velstelte hagar, med hortensia og fuksia – store som hekkar. Kyr, sauer og hestar på beite, som skulle det vere reklame for Freia mjølkesjokolade…….

Ville valmuer.

Ville urter langs vegen var vanleg, som peparmynte og timian, og vakre lyngplanter, revebjøller og gyvel. Også markjordbær, bringebær og bjørnebær kunne vi nyte. Dei koselege og spesielle opplevingar undervegs, var det flust av, – eller det vi kalla dagens “sjokolade”. Kva var dagens “sjokolade” i dag? spurte vi etter avslutta dag.

Velstelt overalt.

Vi møtte vennlege folk overalt, som ønska oss – ¡Buenos días! eller ¡Buen camino! Mange går vegen åleine. Spesielt mange unge jenter går åleine, og det imponerte meg – at dei torde å legge ut på ei slik vandring utan selskap. Men på caminoen er ein aldri åleine, – ein treff alltid på folk, til tider så reint for mange, spesielt dei siste 10 mila, sidan det er grensa for å få sin “compostela”. Dei ein går parallelt med, endar som regel opp på dei same overnattingsstadane, og til slutt blir ein nesten som ei “familie” – dei same folka kvar dag, og nokre blir ein kjende med etter kvart.

Unge vener på turen, to jenter som begge gjekk åleine, Paula frå Irland og Laure frå Frankrike.

Å bu på herberge i lag med unge og eldre, på store sovesalar, var også ei erfaring å ta med seg, som eg opplevde annleis no i ein alder av 55, samanlikna med ungdomsherberga då eg reiste på interrail på 70-talet. Standarden på desse herberga varierte veldig. Vi opplevde lyse, reine og trivelege herberge med nok av varmt vatn, og herberge med skitne rom og berre kaldt vatn i dusjen – og mange variantar mellom desse ytterpunkta. Men når prisen var 5€ for ei seng for natta, så var tåleevna stor…… Prisen kunne ligge på frå 3-10€, og nokre var såkalla donativos, der du valde sjølv kva du kunne betale. Eg må innrømme at vi av og til tok ein “luksusfri” frå desse sovesalane, og la oss inn på eit enkelt hostal, og betalte litt meir. Elles er der mange hotell å velje mellom dersom ein vil spandere meir for ei god natt søvn.

Skal det vere ein hekk med hortensia?

Molinaseca, ein vakker liten by undervegs.

 
 

Santiago de Compostela.

Eit stor augneblink var å komme fram til Santiago de Compostela. Byen er vakker, spesielt er gamlebyen flott, med sine trange gater, og mange koselege plazaer, der ein kan sette seg ned og studere folkelivet og nyte ein øl eller eit glas vin. Santiago = Sant Jakob, oppattkalla etter apostelen Jakob, som er gravlagd i denne byen. Ei kyrkje blei bygd over grava, og denne blei etter kvart erstatta av den katedralen som står der i dag, Santiago de Compostela-katedralen. Vi oppsøkte pilgrimskontoret ved katedralen og fekk vår “compostela”, eit brev/bevis på vår vandring. Den compostelaen eg fekk, samsvarar med motivet eg hadde for turen.

Katedralen, med sitt vakre inngangsparti.

Santiago de Compostela-katedralen

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Å delta på pilgrimsmessa i katedralen i Santiago, var eit høgdepunkt. Uansett ståstad – må ein berre bli rørt av denne.

Nonna María Asunción.

Å lytte til nonna María Asunción var berre fantastisk! Hennar klokkeklare stemme gjekk rett til hjarta på oss alle. Også å få oppleve “El botafumeiro” som avslutning på messa, var eit høgdepunkt!

Å gå ein av pilgrimsrutene fram til Santiago er noko eg absolutt vil anbefale å gjere ein gong! Eg synst turen var verdt kvart steg eg tok!

Både byen Santiago de Compostela og pilgrimsvegen dit, står på UNESCO si verdsarvliste.

Vi gjekk frå León til Santiago de Compostela på 13 dagar:

Dag 1: Onsdag 13.juli: León – Hospital de Órbigo = ca. 25 km
Dag 2: Torsdag 14.juli: Hospital de Órbigo – Astorga = ca. 17km
Dag 3: Fredag 15.juli: Astorga (868moh) – Rabanal del Camino (1150moh) = 20 km
Dag 4: Laurdag 16.juli: Rabanal – Molinaseca (590) = 24,5km
Dag 5: Sundag 17.juli: Molinaseca – Cacabelos = 23,4km
Dag 6: Måndag 18.juli: Cacabelos – Vega de Valcarce = …km
Dag 7: Tysdag 19.juli: Vega de Valcarce – Ponfría = 24 km
Dag 8: Onsdag 20.juli: Ponfría – Sarria = 25km
Dag 9: Torsdag 21.juli: Sarria – Portomarín = 21,5 km.
Dag 10: Fredag 22.juli: Portomarín – Palas de Rei = 22km.
Dag 11: Laurdag 23.juli: Plas de Rei – Arzúa = 28 km.
Dag 12: Sundag 24.juli: Arzúa – O Pedrouzo = 19 km.
Dag 13: Måndag 25.juli: O Pedrouzo – Santiago de Compostela = 20km

 

 
Litt fleire glimt fra ein flott tur.

Den lille byen Rabanal.

Vakre landskap undervegs.

Over fjellet til Molinaseca.

 

Vår?????

Måtte snart varmen komme………… Men vi har sett sola, heile to dagar har ho vore her, rett nok ofte bak skyene, med ein bitande nordavind om øyra.

Vi klagar ikkje, konstaterer berre at det er slik, og lurer på om det er berre hestehoven vi skal få glede oss over i vår? Bjørka har framleis berre knoppar.

Lenge sidan sist våren var så sein som i år.

Våren er ei fantastisk tid! Kven hugsar ikkje – frå då vi var små – kjensla når vi fekk lov å ta av oss strømebuksa, og på med turnskoa! Og kjensla av å gå berrføtt – etter at vi hadde høyrt gjøken gale…… 

No går ungdomen med sommarsko heile året, og det er knapt noko som heiter vintersko lenger, har eg inntrykk av…..

Vi aksjonerer for sentralsjukehuset…….

La oss kjempe for eit sterkt sentralsjukehus i Sogn og Fjordane, og slik sikre eit godt helsetilbod for innbyggjarane i fylket!

Eg er medlem av «Aksjonsgruppa for eit godt helsetilbod i Sogn og Fjordane»  og har merka meg at Harry Mowatt har trekt seg som medlem i styret for Helse Førde.  Når han no med dette har fått frigjort tid, så kan eg ynskje han velkommen som medlem av nemnde aksjonsgruppe!

Det kan trengast – i allefall no – når det blir kringkasta på NRK Sogn og Fjordane, i dag, 23.02.2010, at Volda sjulehus i Møre og Romsdal, treng eit større pasientgrunnlag enn dei har i dag, og at løysinga på det problemet, er å rekruttere nordfjordingar……..

Kven skal betale den kaka, skal tru? Jau, rekninga blir nok sendt til Helse Førde. Er det slik vi vil ha det?

Applaus til Helge Johnsen i «Firda» for ein flott kommentar i dagens avis. Firda 23.02.2010.

No må folk i Sogn og Fjordane vakne, og skjøne at vi må alle arbeide for eit sterkt sentralsjukehus! Slik vil vi kunne halde på fagkompetanse, og slik sikre eit godt befolkningsgrunnlag. Førde Sentralsjukehus er den største arbeidsplassen i fylket, og det er viktig for oss alle å behalde den!

Firda på nett

http://www.nrk.no/contentfile/imagecrop/1.1211851?cropid=f169w650

Eit lite hjartesukk…….

Så er snart jule»ferien» over for denne gangen…..òg! Merkeleg kor fort tida går – både når ein har «fri» og når ein er på jobb. Betalt jobb, vel og merke, for det er jo det som tel, ikkje sant? «Kva gjer du på?» – spør vi, og då meiner vi sjølvsagt kva vi verkeleg gjer på – i det verkelege livet – i  jobbsamanheng, altså……. ikkje sant?

Men jammen er det mykje jobb i andre samanhengar òg! Men desse tel mest for oss sjølve og dei vi har rundt oss, men jammen er det viktig, det òg!

Godt nytt år til alle, måtte det bli eit flott år, også for oss damer…:-)

Legg her ved ei koseleg nyttårshelsing frå ein god nabo!

Nyt ein god latter:

Godt nytt år alle vakre damer…..