Xunqueira – Ourense

Dag 43, etappe 38. 22,1 km, 32679 steg.

Start i overskya ver /litt skodde, noko som er vanleg her. Blei etterkvart sol og varmt. Ein god del på asfalt, noko som ofte er slik når ein nærmar seg ein storby.

Herleg å vandre forbi små pueblos, der det er opne barar, og høve til å kjøpe ein café con leche, eller frukost med tostada. Vi blir så lette å glede😂

Mange stopp på vegen for å ete plommer, epler og pærer. Også pasjonsfrukt smakte vi på😋

Quince- frukt.
Pasjonsblomst og frukt

Ankom Ourense kl 14. Flott Albergue, nytt og fint, Xunta-Albergue.

Dagens sjokolade var å møte Sunna igjen. Lang og god ettermiddag i lag med henne, etter at ho var med oss camino-vener å ete middag. Ho har bestemt seg for at ho ikkje blir med på dei siste fem etappane, av helsemessige grunnar. Veldig synd, synst eg, men helsa først. Og vi kan gjere ein annan Camino i lag seinare.

Veldig varmt i dag. 30 grader.

5 etappar att. I morgon ventar Cea.

Varm kjelde, 67 grader.
Innhald i vatnet. Mange har kome/ kjem hit for å ta vatn for å drikke etter nedkjøling. Trur det har lækjande verknad.
Alberguet

Alberguería – Xunqueira

Dag 42, etappe 37. 21,7 km, steg: 30261

Vakna til skodde i dag, og overskya det meste av dagen sjølv om meldingane var sol. Men deileg vandrever.

Vi var 4 på vegen, ein galisier, dei to sør- koreanarane og meg, og vi hadde stor nytte av kunnskapen til vår nye ven frå Galicia.

Eit særmerke med Galicia er alle hórreos, små hus som har blitt, og framleis blir, brukt til å lagre/oppbevare korn og mat i løpet av vinteren. Dei er typiske her, desse små husa. Veggane har sprinkler, som sørger for god ventilasjon. Nokre slike «hus» har ein kors på taket. Kvifor? Kanskje for å sørge for velsigning av grøda? Liknar litt på våre stabbur, og står på ein slags pælar for å hindre mus å komme inn (slik våre stabbur gjorde).

Vi har også sett mange gamle «vaskestasjonar», som var viktige møteplasser for kvinnene – å komme saman, vaske klede, og utveksle siste nytt av diverse sladder😊

«Vaskeri»

Frukostpause undervegs i Vilar de Barrio. Slike kjekke avbrekk gjer til at etappen verkar kortare.

Flott natur, nedstigning frå Albergueria, gjennom veldig gammal eikeskog på siste del.

Vi merkar at vi er i Galicia. Dei syner stor omsorg for pilgrimane. Dei har benkar undervegs, mange vannpostar med frisk, kaldt vatn, og merkinga er fantastisk.

I tillegg har dei offentlege Alberguer av ypperste klasse, til berre 8€ for ei seng.

Jian og Jaeik inviterte på «middag» på kvelden. Triveleg selskap. Dette måtte berre bli «the chocolate of the day»👍🏻

I morgon, Ourense, 22,1 km.

«Vaskeri» og vasskjelde undervegs.
«Til Santiago går eg»
Gammal vasskjelde. Bygd slik for å beskytte mot skitt.
Klem eit tre. Denne eika må vere vanvittig gammal.

Campobecerros – Albergueria, og under 15 mil att.

Dag 41, etappe 36. 26,6 km. Steg: 39007. Søndag 25.juni.

For ein dag! Forlot Alberguet kl 7. Nydeleg ver, gode Caminovener på vegen, låg an til å bli ei perfekt etappe. Fortsatt er vi i fjella søraust i Galicia. Og i dag har det vore ei slik ned og opp- etappe.

Etter 6 km passerte vi As Eiras, og der venta litt av ei overrasking: dekka opp i ein koseleg krok i vegkanten, med kaker, kaffi, nøtter, honning, juice,…. Dette var verkeleg «the chocolate of the day». Utruleg kjekt, og rørande omsorgsfullt av dei som gjer dette som honnør til pilgrimar. Gratis, men dei tek mot gåver for å kunne halde fram med dette. Vi gav raust.

As Eiras
Laureano frå Spania, meg, Jaeik og Jian frå Sør-Korea.

Vidare på vegen – kaffi og tostada i Laza, før vegen vidare til Albergueria.

Skikkeleg stigning opp frå ca 450 moh til over 900.

Nydeleg natur, men skikkeleg varmt på slutten.

Ankom Albergueria på ettermiddagen. Koseleg fjellandsby. Her bur 17 fastbuande. Ein bar som blir styrt av den same personen som driv herberget her: Albergue El Rincón del Peregrino. Kjent for sine skjell som folk har hengt opp sidan 2004. Litt weird, men får trøyste meg med at det er mange gode ønsker formidla på desse skjella😊 Så vil tru eg vil sove godt.

I morgon Xunqueira, 21,7 km.

Vassjukts 😊 Rennande vatn her i Galicia👍🏻
Pust i bakken etter harde stigningar
Seng og ikkje bunk bed, herleg👍🏻 Omringa av skjell…

A Gudiña – Campobecerros

Dag 40, etappe 35. 20,2 km. 29345 steg.

Ingen frukostservice, trekker tilbake alle kompliment til gårdsdagens bar! Men vi har lært etter kvart, og har nødproviant på lur. Laurdagar og søndagar er ei mare «her nede»😅

Vakker, klar morgon.
Utanfor det flottaste herberget eg har sove på til no, og berre til 8€.

Blei gledeleg overraska ved start i dag, då vi såg merkestein med til km att. Gårsdagens tal gjalt ei anna løype/camino. Vi har no litt mindre enn 18 mil att! Neste søndag – Santiago, om alt går som planlagt👍🏻

Dagens etappe har berre vore fantastisk! Vi er i høgda, og det er visst sjeldan at ein har flott utsikt og klarver. Men vi fekk det! Så heldig eg eigentleg har vore med veret. Høyrer frå folk som går nokre dagar lenger framme, at dei har hatt mykje meir regn enn det eg har hatt.

Ja, vi er i høgda, 1000-1300 i løpet av etappen, vil eg tru. Fantastisk ver, litt bris her i høgda, men frå kl 11 blei det bra varmt. Små plassar undervegs, då eg tenkte at her skulle ein tru at ingen kunne bu. Og smal bilveg, utan rekkverk, og hundrevis av meter rett nedover…. Eg hadde ALDRI køyrt bil her, hadde forlanga å gå ut😂😅

Fantastisk utsikt, og på slutten nokre triste felt med skogbrannherja tre frå i fjor.

I morgon er planen å gå til Albergueria ca 24,5km

Ingen rekkverk…

Lubián – A Gudiña

Dag 39, etappe 34. 24,6 km. Steg: 36895. Start kl 7, også i dag i følge med mine koreanske vener. Kor heldig eg er!

Fin merking av vegen ut av Lubián
Første del litt asfalt

Også i dag ein del stigning, før vi kom opp på etappa sitt høgaste punkt, grensa til Galicia.

Endeleg i er vi komt hit! Her er det så fint og frodig, og stor forandring på merkinga av Caminoen. I tillegg verkar stien å vere preparert mykje betre dei fleste plassar. Er spent på om det blir slik heilt til Santiago. Herberga her i Galicia er kalla Xunta Albergues, og er styrt av regjeringa her. Her er det verkeleg skikkeleg standard. Verkeleg ein forskjell frå dei to førre, der vi ikkje ein gong fekk madrass- eller putedekke!

Endeleg i Galicia

Fekk eit lite sjokk når vi kom til grensa til Galicia. Då viste det seg at vi hadde ikkje 21 mil att, slik eg trudde, men 24… Kjendest som når ein spelar brettspel, og ein må ta tre steg tilbake😂 Det er jo ei lang dagsetappe i forskjell😅

Vi er fortsatt i høgda, A Gudiña ligg på 978 moh. Kom hit ca kl 13.

A Gudiña i sikte

Dagens vandring i strålande sol, har vore heilt fantastisk. Så variert! Nydelege stiar, med unntak av nokre våte delar. Vakker natur, frå skog, fjell og opne vidder. Gjennom mange koselege, små landsbyar. I tillegg til meg og mitt turfølge, har vi hatt god kontakt med dei fire spanske søstrene, og to spanske menn. Til saman 10 nokolunde samla som gjekk denne etappen i dag.

Å gå slik, frå stad til stad, er ein unik måte å sjå mest mogeleg. Ein kjem tett innpå folk og daglegliv, i høve korleis det hadde vore å komne hit med bil. Eg synst det er fantastisk.

I morgon er vi lova frukost på ein bar her, kl 6.30. Og dei gjorde det kun for oss, sa dei❤️ Snakk om service🙏🏻

Ei stund sidan nokon gjekk opp denne trappa.
Fine preparerte stiar
Døme på fin sti…
Vann-kunst
Dsglegliv på bygda
Jian ved ei bjørk.
Kyr gjennom gatene i A Gudiña.

Requejo – Lubián

Dag 38, etappe 33. 18,9 km. Steg: 28058.

Folk her er så høflege. Dei ein møter på, helsar ein med Buenos días eller Buenas Tardes, eller berre “Buenos/Buenas”, fordi dei ikkje gidd seie begge orda? Men har registrert at det etter kvart har blitt meir og meir vanleg også her, å seie «Hola» (hei). Når ein sit og et, og nokon går forbi, så seier alle «Que aproveche!» (nyt/ nyt maten!)

Hadde ei grei natt på Albergue municipal, men reagerer på at det ikkje er obligatorisk av hygieniske omsyn, å dele ut laken og putevar. Dette er andre gangen eg opplever at dette ikkje blir handheva. Dei fleste plassar inkluderer dei dette i prisen for å bu. På Alberguet budde det 4 spanske søstre, ein spansk mann, mine to koreanske vener, Jian og Jey, i tillegg til meg. Vi avtalte å stå opp kl 6, alle, så vi slapp å ta omsyn, og kunne «bråke» og slå på lyset.

Gjengen samla før avgang 6.45.

Det har vore ein fantastisk vandredag. Gjekk etter dei gule pilene i lag med Jian og Jey, dei andre gjekk bilvegen. Turen gjekk gjennom frodig natur, mykje bjørkeskog, faktisk, og eikeskog. Og det har vore sildrande bekkar overalt. Minte meg veldig om heime, her eg gjekk. Rennande vatn har eg ikkje sett mykje av så langt på turen. Men no er vi i høgda. Starta på 991, gjennom eit pass til 1363 (som er denne Caminoen ditt høgaste punkt) og så ned til Lubián, på 1020. Det merkast at vi er i fjella. Kjølegare både på dag- og nattestid.

Stoppa halvveges i Padornelo og åt frukost, på Bar Silva, solid bocadillo med salchichón. Muy rico👍🏻 Frustrerande å ikkje kunne kjøpe med seg nokre av godsakene i restauranten.

Padornelo
😋
Gjekk forbi eit par kirsebærtre i vegkanten, fulle av bær. Forsynte meg grådig😂

Gjekk gjennom ein nydeleg liten pueblo, Aciberos, før vi til slutt var framme i Lubián.

Aciberos

Overnatting på Hostal Casa Mariana. Måtte ha litt luksus i form av kvite handkle og ei god seng.

I morgon ventar A Gudiña, 978 moh.

Kastanje? I alle fall gammalt:)
Mykje rennande vatn i dag.
Lubián
Lubián

Asturianos – Requejo

Dag 37, etappe 32. 26,8 km, steg: 38077

Eg er i Requejo, og det er mindre enn 1/4 att. Eg gler meg over det, å kunne sjå at målet er nært.

Flott tur i dag. Første del til Puebla de Sanabria var gjennom eikeskog. Stopp undervegs i Palacios for ein frukost.

Har nok regna i natt.
Gamlebyen av Sanabria

Etter Sanabria var det mykje asfalt. Dårleg merking og vedlikehald av Caminoen gjorde til at eg blei leda ut på bilvegen. Hardt for beina….

Lang distanse på asfalt….😩

Men siste del var på nytt gjennom eikeskog, med nydeleg underlag.

Ei kyrkje midt ute i huttiheita.
Her har det gått folk i århundrer…..

Ankomst Requejo kl 13. Fin gammal, liten pueblo, som ligg på 1000moh. Albergue municipal med seng til 5€, er veldig basic. Men greitt for ei natt.

Middag på «Tu Casa», til 9€, med ein veldig hyggeleg eigar. Folk er veldig vennlege overalt, for det neste.

I morgon skal eg opp på Caminoens høgaste punkt, 1363 moh. før eg kjem til Lubián. Gler meg til den etappen😊

Rionegro – Asturianos

Dag 36, etappe 31. 25,9 km, 38408 steg. Litt meir enn 1/4 att.

I dag har eg vore åleine på vegen att. Sunniva har teke pause pga av mange blemmer, og teke toget til Ourense, for å gå til lege og ta ein liten småbyferie, mens ho ventar til eg kjem dit, så vi tek siste del i lag. Trist for meg, det er så kjekt å gå i lag med henne, mykje liv😀

Flott tur i dag🌸 Start kl 7.10, visste at der var ein tyskar og ein østerrikar på vegen, så kjende meg ikkje åleine. Kjenner meg i fin form, ingen problem å gå distansen i dag. Dei melde regnbygene blei ikkje noko av. Fin temp å gå i. Stoppa i Mombuey – etter 2 timar, og åt frukost.

Flott landskap, og nydelege stiar å gå på.

Gjekk gjennom nokre små, koselege pueblos, med tydelege teikn på litt forfall og levde liv. Som på landsbygda heime. Mange eldre som er ute og jobbar i potetåkeren, dei unge er vel på jobb.

Cernadilla

Ankomst Alberguet Nuestra Señora kl 13. Her traff eg att mine to koreanske vener. Det var kjempehyggeleg. Dei hadde også måtta ta pause pga ein vond fot. Seng i eige rom, 6 €.

I morgon ventar Requejo. 26,8 km.

Camarzana – Rionegro del Puente

Dag 35, etappe 30. ca 24 km. Steg: 39425

God natt søvn, og sein start kl 8. Vermeldingane for dagen var litt usikre. Kunne bli regn.

Vi er no på Camino Sanabrés, son går frå Granja de Moreruela og vestover, rett nord for Portugal, før den vender nordvestover i Galicia – til Santiago.

Dagens etappe var berre nydeleg. Gjekk på fine stiar/grusvegar, gjennom små pueblos, gjennom område med dyrking av mais, solsikker, poteter og korn. Gjennom skog og langs vatn (m/kraftverk) Også i dag ein del utbrent skog etter skogbrannane i fjor.

I ein lite pueblo, Villar de Farfon, stoppa vi på Alberguet der og drakk kaffi. Hyggeleg møte og prat med Creg, eigaren, frå Sør-Afrika. Nydeleg lite Albergue.

Vegen derfrå gjennom vakkert skogslandskap, der vi kom overraskande på fleire hjortar med kalv.

Siste km kom torden og regnet🌧️⛈️🌩️

Avslutning på dagen med 4 rettars middag på «Me gusta comer» med vin og vatn inkludert, til 15€.

I morgon ventar Asturianos, 25,9km.

Skeive tre🏳️‍🌈😀
Typiske steinveggar
Vakkert lite Albergue, plass til 4.
6km att til Rionegro

Tábara – Santa Marta de Tera / Camarzana

Dag 34, etappe 29. 28 km. Steg: 47795

Tidleg opp, start litt før kl 6. Kjøleg, frisk vind, overskya, nesten. Lurte på om det kom til å regne, men det gjorde det ikkje.

I starten var vi verkeleg på rakedisen. Vi gjekk i eigne tankar, oversåg ei pil, og dermed begynte vi å surre. Rota nok vekk ein time på dette surret, før vi var tilbake på rett veg.

Nokre stigningar i dag. Landskapet har vore veldig variert, rød jord og grus. Siste halvdel av etappen gjekk gjennom område som blei ramma av skogbrannar i fjor. Store mengder med skog gjekk med, trist syn.

Vi gjekk gjennom ein liten pueblo, Villanueva, der vi kunne sette oss ned og ta ein pinchos og kald cola.

Ved ankomst Santa Marta, traff vi ein annan vandrar, José frå Baskerland. Han hadde komt til stengt Albergue. Stengt pga desinfisering (som dei gjer 2g årleg). Slike overraskingar er krise når vi har gått langt. Vi hadde ingen val, anna enn å gå ekstra 5 km til Camarzana, etter at vi hadde booka rom på eit billeg hotell der. Desse 5 km kjem i fråtrekk på distansen i morgon, det er godt.

I morgon Rionegro del Puente.