San Bartolomé de los Pinares – Ávila

Måndag 7.oktober

Dag 31, etappe 28. 

40084 steg, 28,8 km

Starta dagen med litt hurtigfrukost på herberget. Ingen bar open på ein måndag… 

Tidleg opp, å gjere seg klar med all taping på leggen/leggane tek si tid😊

I dag var det meldt regn, vi valde å gå bilvegen. Å gå i gjørme var lite freistande. 

Vi gjekk oppover, og høgaste punkt på dagens etappe var omlag 1400 moh. 

Haustfargar i fjellet, og beitande kyr og hestar såg vi undervegs. 

Det gjekk i grunnen greitt å gå på bilvegen. Bilane køyrde forsiktig, ingen kvit midtstripe på denne vegen. 

6-7 km før vi var framme, kom regnet, og det til gangs. Regnet rann frå regnponchoen og ned i skoa, så blei ganske så våt, ja🌧️

Då vi endeleg ankom Ávila, ca 1200 moh, var det 13,5 grader, og vi var iskalde. Men slik er det i dette gamet; vi må ta det som kjem.

Då vi gjekk inn i byen, var det nesten ein time meir med gåing for å komme til herberget, som ligg rett utanfor bymuren mot vest.

Til gjengjeld er det eit veldig bra herberge👍🏻

Registrering og stempling av pilgrimspasset.

Klevask (vaskemaskin her) og mat, har vore ettermiddagens syssel her (som vanleg), pluss å tørke sko. 

Kviledag i morgon, eller kort etappe? Det er det vi har grunda på i ettermiddag. Isabella treng kviledag pga smerter under føtene, og eg….. treng det jo, eg og👍🏻 Herberge-verten sa vi kunne vere både to og tre netter meir, om vi hadde behov for det, fordi det er så få pilgrimar no.

Vi har landa på kviledag begge to, og går for det. Så får det stå si prøve i høve vêr og vêrmeldingar dei neste dagane🤞🏻 

Fleire glimt frå dagens etappe:

Endeleg letta det opp.
Gamlebyen i Ávila er oppringa av desse flotte murane.
Mange koselege plazaer.
Ein av portane til gamlebyen. Frå aust.
Katedralen.
Plaza Mayor.

Cebreros – San Bartolomé de Pinares, og vi er meir enn halvveges. 

Søndag 6.oktober

Dag 30, etappe 27

26429 steg, ca. 14,7 km

Vi er bra høgt til fjells, vi har i dag gått frå 750 moh til 1050, men undervegs har vi vore oppe i omlag 1250 moh. 

Begynte etappen med ein time, nesten, bratt stigning. Herleg å kjenne at eg måtte ta i litt. 

Cebreros bak oss.

Så har det vore litt variert, før vi hadde ei ny oppstigning, og nedover att til San Bartolomé de Pinares. 

Det har vore ei flott etappe, totalt ulikt i går. Vi har vandra gjennom flokkar med beitande kyr, men lurer på kva dei finn å ete, då tørt og lite grønt som er att no på hausten. Vi var litt utrygge på kor kjekke desse kyrne var, men det gjekk fint👍🏻  Men baksida med å gå gjennom beiteland, er alle kyraruer…..

Her veks tre og vekstar langt over den norske tregrensa. 

Av og på med kle i dag, kjøleg på toppen.

På vegen i dag var det mange tre som var skada etter skogbrann. 

San Bartolomé de Pinares.
Fantastiske steinformasjonar på vegen ned.

Vi ankom San Bartolomé kl 14, og fekk nærast sjokk då vi kom til Alberguet, og der var ein annan pilgrim😂 Ein spanjol som går motsett veg, mot Valencia. Han har vore på vegen i fem månader. 

I morgon er planen å gå til Ávila, ca 25 km. Ei tøff etappe, og det er meldt regn heile føremiddagen. Det ser eg føre meg blir ein tøff kombinasjon- opp i nesten 1500 meter, med regn og kyraruer……🤔 Kanskje vi må ta ein del av etappen på bilvegen for å unngå problemet. Vi får sove på det her på herberget 😊 

Og foten? Stadig betre, men vil nok tigge/kjøpe is nokre dagar til. Tapa den andre foten også, for sikkerheits skuld. Han murrar litt, men eg ber han teie seg💪🏻

Fleire glimt:

Distansen til Santiago må vere feil….🤔
Drikkekar til dyra. Øverste del veldig gammal.

Cadalso de los Vidrios – Cebreros 

Laurdag 5.oktober

Dag 29, etappe 26

34981 steg, 23,5 km. 

Etter ei god natt, og frukost som vi laga sjølv på herberget, drog vi avgarde i soloppgangen. 

Nok ein nydeleg dag, stjerneklart, men kaldt såpass tidleg. 

El Cruz de Santiago

Passerte el “Cruz de Santiago” då vi var komt ut av byen, og begynte nedstigninga.

Denne etappen har vore nedover, bortover og oppover, siste kneiken opp til Cebreros var herleg, godt for ein vestlending å få kjenne på at ein måtte ta i litt, og skikkeleg løyse sveitten😅

Eit par profilar på vår veg 😚

Vi har gått gjennom nydeleg landskap også i dag. Ingen stad å stoppe for ein kaffi i dag, men slik er det ofte. 

Ein del gåing på asfalt/bilveg i dag, men også masse i terrenget. 

Hausten har kome her i fjella. 

Vi er no på 750 moh. 

Her i Cebreros er herberget stengt for tida, så i dag deler vi eit rom på hotell, Isabella og eg. 

Vi har forlate regionen Madrid, og gått inn i Castilla y León. 

Berre eitt stopp i regionen Madrid, no er det Castilla y León.

Undervegs i dag har vi stoppe på “Toros de Guisando”, (oksar frå G.) i El Tiemblo, frå før-romersk tid. Artig avbrekk. 

Elva Albercha går gjennom området vi bevegar oss i, og i dag har Caminoen gått over fleire romerske bruer. Veldig overraskande, så utruleg vakre dei er desse bruene. Eg blir så andektig når eg går over desse bruene, tenkjer på livet dei levde på den tida, og kor utruleg dyktige ingeniørar dei var, romarane. 

Første brua vi passerte var denne
Isabella. Så hyggeleg selskap på vegen

Vi har gått i fotspora til desse romarane i dag. Etter den første, lille brua, kom vi til to større, Puente de Valsordo y Santa Justa, ca 3 km frå Cebreros, dei var ei oppleving. Dei kom så overraskande på oss! Wow, to slike fantastiske romerske bruer på vår veg👏🏻 Santa Justa-broen har eitt enkelt spenn. Dette er mykje enklare enn det i brua Valsordo, med fleire spenn, men begge så vakre.  

Valsordo

I morgon går vi kort etappe, ca 15 km, til San Bartolomé de Pinares, 1100 moh, altså ein del stigning. Men godt for beina, og min legg er i ferd med å skikke seg👏🏻

Fleire glimt frå dagens etappe:

Cebreros i sikte, laaang der borte.
Cebreros
Middag, smakte godt i dag.

Escalona – Cadalso de los Vidrios

Fredag 4.oktober

Dag 28, etappe 25

35472 steg, 19,8 km

Dette har vore ein fantastisk flott dag! Nydeleg vandring gjennom variert landskap, og vi har gått til fjells. Ein del av etappen var på asfalt i dag.

Nydeleg temperatur å vandre i, men kjøleg i starten. Har stege ca 370 høgdemeter, og  i er no oppe i 804 moh. 

Nesten halvveges👍🏻
Vakker morgon.

Vi har skikkeleg “drøla” i dag, stoppa på to plassar undervegs, Paredes de Escalona og Cenicientos. 

Kaffi i Paredes de Escalona
Smil kvar dag, nyt kvart sekund, lev kvar augneblink.
Kan dette vere drikke-kjelde for hest og kveg?
Vidare frå Cenicientos
Vi forlét Castilla – La Mancha og går inn i regionen Madrid.

Herleg å kunne ta det roleg, når eg absolutt bør ta det med ro. Foten oppfører seg bra💪🏻 Han har fått klar beskjed😊🤞🏻 

(Men sit no her med is, det vil eg nok halde fram med nokre dagar til….💪🏻)

Ankom Cadalso de los Vidrios først halv fire. Åt litt på ein bar, og kontakta herberge-verten. Han viste oss herberget, fantastisk fint herberge, ordna så fint med mykje omsorg. Her har dei alt. Fullt utstyrt kjøkken og vaskemaskin. Vi fekk sengetøy og handkle (til og med❤️), alt til ein pris av 10€ kvar. Vi gav han 15. 

Utanfor herberget
Fantastisk vert.
Omsorg, med slikt koseleg sengetøy. Luksus🥰

Ein elskverdig mann med mykje omsorg, rett og slett nydeleg å oppleve etter alle rare herberge eg/vi har vore innom. 

No er det dagens klesvask som skal gjerast, så den tørkar før sola går ned.  

I morgon skal vi først bratt nedover, så ein del opp og ned, før det er rett opp til Cebreros, 755 moh. Ca 20 km.

Herleg med litt fjell⛰️💪🏻☀️

Fleire bilete frå dagens vandring:

Ei lita romersk bru, over ei lita elv.

Novés – Escalona 

Torsdag 3.oktober

Dag 27, etappe 24

33071 steg, 19,5 km. 

I dag har det vore ein super dag! 

Skal ikkje skryte av herberget, det var skite, golva hadde ikkje sett vatn på år og dag. Kunne sagt mykje, klødde i fingrane etter å gå laus på både eitt og hitt. 

Men, etter ei middelmåtig natt, stod vi opp, og forlét herberget for å få oss litt mat før start. 

Frukost på ein bakerbutikk/bar som var open. Her var det god stemning kl 7 om morgonen😊 Vi bestilte mat, og når eg tok bilete, ville absolutt ein av dei andre gjestane ta bilete av oss i lag med Emilio, eigaren.

Nydelege folk! Det var så hyggeleg der, Emilio spanderte ein ekstra kaffi på oss, og kake, så vi var der ein time, før vi kom oss avgarde. Det var verdt det👏🏻

Han i blå jakke var ein artig, sosial kar. Synst det var stas med nokre pilgrimar😊
Emilio var berre ein superhyggeleg, og lun kar.

Det var ei nydeleg etappe vi gjekk i dag. Flott himmel, super temperatur. Veldig variert landskapsmessig, mykje tre og grønt, men også hausta åkrar så langt auget rekk. 

På veg ut av Novés.

Kaffi undervegs i Quismondo, og framme i Escalona i halv tre- tida. Isabella kom først, eg går veldig seint for tida. Men foten er betre, og eg er optimist. Isbehandling kvar ettermiddag/kveld og taping + stavar…. Eg trur det funkar🤞🏻 

Escalona er ein sjarmerande liten by, som ligg på ei høgde, 439 moh. Byen ligg ved elva Alberche, halvveges omringa av ein mur, og med Castillo de Escalona som eit blikkfang når ein nærmar seg byen. Byen og borga var opprinneleg maurisk, men kom seinare på spanske hender. 

Her bur vêl 3000 innbyggarar. 

Herberget her er betre enn der vi var førre natt, fordi det er reint, har varmt vatn, tørkestativ til kleda, og det luktar ikkje. Men sengar og slikt…… 🤔 vi søv på nokre madrassar på golvet. Men greitt, berre vi får sove. 

Albergue Municipal donativo

I morgon forlét vi Castilla – La Mancha, og går til Cadalso de los Vidrios, som ligg i regionen Madrid, 20 km. 

Fleire glimt frå dagen:

Ikkje mange dyr å sjå på denne tida.

Mange veggmaleri her:

Vakker kveld i Escalona:

Rielves – Novés

Onsdag 2. oktober

Dag 26, etappe 23

25889 steg, 15 km 

Vi sov godt vegg i vegg med kyrkja i natt.

Frukost på bar, før vi la i veg denne vakre morgonen. 

Rielves

Litt vind i dag, men varmt og deileg. Men det er meldt fare for regn seinare på ettermiddag / kveld. 

Kort etappe i dag, og eg klarte å gå i slow motion, mens Isabella gjekk så fort ho ville. 

Vi møttest på ein bar i ein liten by undervegs, Huesca. 

På vegen gjennom byen, blei eg snakka til av ein mann, han lurte på kvar eg var på veg. Jau, eg skulle møte ei venninne, på ein bar. Var ho sveitsisk? Ja, det var jo rett. Ja, ho er på den baren som låg rett nedi gata, rett fram. Og så måtte eg fortelje kvar eg var frå. 

Isabella fortalde at ho var blitt snakka til av fleire, også. 

Folk er så hyggelege og hjelpsame, og merksame. Eg blir så rørt av all omsorg mange viser. 

På baren blei vi også snakka til av ein vennegjeng. 

Ei av damene der fortalde at i Mellomalderen da pilgrimane møttest på vegen, sa dei ikkje ¡Buen Camino! som i dag. Dei sa «Ultreia». Det er ei slags helsing, for å gi mot og oppmuntring til kvarandre på vegen, eit ønske om å gå vidare, uansett kor vanskeleg vegen måtte verke. 

Vi skal sove på Albergue Parroquial her i Novés, også dette eit donativo. Kunne vore gjort mykje meir ut av dette herberget, m.a. ein grundig vask. Men her fekk vi i det minste laken på senga, og vaskemaskin. 

Novés er ein lite by med vel 2700 innbyggjarar, 573 moh. 

Vegen og landskapet på veg hit i dag, var omlag som i går, med hausta åkrar, vindrueplantasjar, pistasj og oliven. Så langt auget rekk. 

I skrivande stund er det 22 grader, frisk bris frå vest, og eg sit (som vanleg😅) med foten høgt og is. Det går framover🤞🏻👍🏻. Stabukken av ein inflammasjon er i ferd med å gi opp, kan det verke som. I alle fall var dagen i dag oppløftande. Det hjelper å gå korte etappar, og det hjelper med elastisk tape. Trur også det hjelper med stavar, at dei er med på å redusere vekta av sekken på beina. Same kva det er som hjelper, berre det hjelper❤️

I morgon går vegen vidare til Escalona, ca 20 km. 

Novés
Vakker liten slange på vegen (død)
Kjempegod middag her i Novés

På vegen igjen: Toledo – Rielves

Tysdag 1.oktober

Dag 25, etappe 22. 

39122 steg, 25 km. 

Tidleg opp kl 6, brukte lang tid å komme oss ut av Toledo, asfaltgange. Ingenting ope kl kvart på sju, men vi fekk oss ein kaffikopp og croissant på ein bensinstasjon. 

Vakker morgon, 16 grader på morgonkvisten, og meldt ganske varmt utover dagen.

Vi har delt ein distanse frå Toledo til Escalona i tre, som vanlegvis blir gjort på to etappar. Vi har jo nokre føtter som protererer litt….

Har teipa med blå stretchtape, etter beste evne etter video på youtube. Trur det funka, unngjekk opphovning. I tillegg var eg nybegynnar med stavar, trur det funka også👍🏻

Vi har gått gjennom flatt og veldrive jordbruksland, med dyrking av oliven, mais og vindruer. 

Framme i Rielves kl 14.30. Åt middag på lokal bar, før vi gjekk til alberguet, som er bygd vegg i vegg med kyrkja her. 

Herberget, det gule tilbygget til høgre.

Ikkje mykje å skryte av nokre av herberga vi overnattar i, og dette er eitt av dei. Ikkje mykje som har blitt gjort for å gjere det til ein trivelegare plass. Ikkje ein gong tørkestativ til dagens klevask. Vi måtte lage til nokre provisoriske greier med stolar og gåstavar. Det funka godt i sola, som tørkar alt på ein blunk. Men, folka vi har kontakt med, er utruleg hyggelege og hjelpsame❤️ Og folk her i Spania elles, elskverdige❤️

Camino-livet😅 Slik kan t.d. klevasken tørkast.

Ingen matbutikk open på ettermiddagen her, i det heile ein litt sovande liten by vi bur i i dag😅

I morgon er det 15 km til neste stopp, Novés. 

Kveld i Rielves
Foten høgt😊

Turist i Toledo. 

Måndag 30.september

Dag 24, Kviledag 3. 

Reine slaraffenlivet å sove til 7.45, utan vekking😊 

Frukost på restauranten på hostalet, i lag med Isabella. 

Så fekk vi selskap av Florencia, som skulle avgarde til Zaragoza i dag, og kom for å seie Adjø. 

Ei skjønn og modig jente, utdanna ingeniør frå Argentina, og som hadde gått fleire Caminoar åleine. Ho hadde mål om å finne seg jobb i Spania. 

Katedralen i Toledo.

Katedralen Primada Santa María i Toledo er verkeleg verdt eit besøk. Trur det er den vakraste katedralen eg har vore i nokon gang. 

Her har Isabella knipsa meg då eg skulle ta det førre biletet av katedralen:)

Den er bygd i kvit kalkstein frå eit steinbrot nær Toledo, innvendig med vakre skulpturar i stein og marmor. 

Dette er ein romersk katolsk katedral, i høggotisk stil, bygd oppå ein muslimsk moské.  Før det, frå 400-talet, hadde det vore ei kyrkje her. Byggestart var i 1226, og den stod ferdig i 1493, eitt år etter at Kristoffer Kolumbus nådde Bahamasøyane. 

Katedralen har fire skip, og måler 120×59 meter. 

Sakristiet i katedralen er reine utstillinga av kunst av El Greco, spanskgrekaren. Han var født på Kreta, 1.oktober 1541, og døydde i 1614, i Toledo, som på den tida var den religiøse hovudstaden i landet. Der hadde han budd sidan 1577. Kristendomen hadde stor innverknad på hans kunst. 

Han hadde ein særeigen målestil, som har inspirert kunstnarar heilt fram til 1900-talet, m.a. Picasso. Det var utruleg “levande” portrett som hang i sakristiet. 

Sakristiet med kun El Greco-kunst
Avkledninga av Jesus

I skrivande stund er det 28 grader her, og eg sit med is på foten, høgt, og kryssar fingrar og alt for morgondagen. 

Då ventar 25 km til Rielves, og det er meldt høge temperaturar.

Fleire bilete:

Dette er inngangen til the Mozarabe kapellet, men diverre stengt. Einaste som var att frå moskeen, trur eg.
Foto: Isabella: Puente de San Martín. Romersk bru inn til Toledo
Foto: Isabella
Foto Isabella: same bru, seint kveld.
Foto: Isabella

Turist i Toledo, og gjensyn med Isabella. 

Søndag 29.september

Dag 23. Kviledag 2. 

Eg har fått selskap av Isabella, frå Via de la Plata! Det var berre så kjekt å treffe henne igjen.

Eg gjekk aldri i lag med henne i fjor, men møtte henne på ulike stopp, mellom anna i Salamanca. Og – etter vandringa var over i Santiago, så møtte vi på henne langs vegen til Muxía. 

Herleg! 

I dag har vi rusla rundt og vore turistar i Toledo. 

Vi blei samde om å matche kvarandre i fargane👍🏻
Her er eit dyr til deg, Sunna😅 Eg har aldri sett slik stor grashoppe før, i kamuflasjefargar.

Vi har vore ved muren rundt gamlebyen, og vore på Alcázar, borga som ligg på høgste punktet i byen. 

Det er ein steinfestning, rektangulær, 60 m høg, med eit tårn i kvart hjørne. Kvart tårn er kruna med det såkalla Madrid-spiret. 

Borga blei bygd i romertida, og blei brukt som eit romersk palass, på 200-talet. Restaurert seinare. 

I dag er borga eit museum for hæren. 

Borga frå taket på hostalet, etter solnedgang.

Dagen som turist blei avslutta med middag på restauranten her på Oasis, og deretter ei lang stund med is på foten, på takterrassen som høyrer til hostalet. Her har vi fantastisk utsikt over byen, og godt selskap med ungdom som bur her, mellom anna Florencia frå Argentina.

¡Hasta luego! som alle seier her i Spania, – “på gjensyn”👍🏻☀️

Eine tårnet på katedralen, som er opplyst om kvelden.
Vakre tak.
Takterrassen i solnedgang.

Toledo 

Laurdag 28.september

Dag 22.

Kviledag 1. 

Toledo, med sine omlag 84000 innbyggjarar, ligg på 529 moh, og det kjendest iskaldt ut i dag, før sola begynte å varme, 9 grader kl 9. 

Oasis, midt i gamlebyen. Her bur eg på rom med tre unge jenter, to av dei er frå Sør-Amerika; Argentina og Chile.

Toledo sitt gamle sentrum står på UNESCO si verdsarvliste for kultur- og naturarv. 

Den var tidlegare hovudstad i Spania, heilt til maurarane la under seg den iberiske halvøya i 711. 

Byen ligg på ei klippe. Høge murar råmar inn gamlebyen, og elva Tajo omringar meir en halve byen, på tre sider: mot vest, sør og aust. Romerske og/ mauriske bruer over. 

Alcázar ligg på høgste punkt. Firkanta, med eit 60 meter høgt tårn i kvart hjørne.

Toledo har maurisk og jødisk preg, smale, trange gater, og høgast oppe ligg borga Alcázar. Den blei kringsett i 70 dagar av regjeringsstyrken i starten på borgarkrigen i 1936, og fekk store skader. 

Byen er rett og slett vakker. 

Katedralen.

Sverd og knivblad fra Toledo har vore kjent sidan romartida. Men i dag er det turisme som er hovudinntekta til byen, og det er tydeleg. Her kryr av turistar, mykje sikkert fordi det er helg, mange spanjolar har teke ein helgatur. Men her er t.d. mange asiatar, ser eg.

Eg har i dag teke bussen til Decathlon, og – kjøpt meg stavar. Det kan avlaste litt vekta av sekken på beina. No gjer eg kva som helst, nesten, for å bli betre. 

For å sitere Daniel (som igjen siterte ein annan pilgrim): “Same kor hardt det er å gå din veg, – å gi opp er ikkje eit alternativ. Hald fram med å gå!” (“No matter how hard it is to walk your way, to give up is not an options. Keep walking!”

Ein metafor for livet, men kan definitivt illustrere ein vandretur med sekk på ryggen.

Før eg drog til Decathlon, hadde eg frukost på hostalet her. Det var ei gåve frå Daniel, han hadde ordna det og lagt i resepsjonen før han drog herifrå på torsdag. Eg blei så rørt av at han var så snill, så eg begynte å sipe for meg sjølv der eg sat. Fantastiske folk eg møter på min veg🙏🏻 Eg er lett å glede i dette gamet her🥲🥹 

Herleg frukost.

Alle er så hjelpsame, og det rører meg kvar gong. 

Slike opplevingar løfter dagen👍🏻