Chinchilla de Monte-Aragón – Albacete

Tysdag 17.september

Dag 11, etappe 11

28838 steg, 16,5 km. 

Fekk meg frukost på kafé Volante i Chinchilla, før eg drog avgarde, omlag 7.30. Fekk borga / El Castillo på toppen av byen bak meg då eg gjekk, i soloppgangen kl 8.15.

El Castillo

Ein kort etappe i dag, omlag 16 km. Landskapsmessig er nesten alle etappane ulike, men i dag var det litt som i går; mykje udyrka åkrar, og vide sletter.l

Albacete – nesten framme.

Eg tok det veldig med ro i dag, og temp. var perfekt. 22 grader då eg kom fram. 

Eg har allereie komt eit godt stykke veg inn i landet, som kartet viser.

Det er ingen Albergue i Albacete, så eg bur på eit lite hotell, El Principe, der eg nyt godt av ei god seng, og – ikkje minst – kvite frottéhandkle. Luksus i “dette livet her”❤️ Hotellet ligg i sentrum, nært alt. 

Det er “Feria de Albacete”, frå 7. til 17.sept, siste dag i dag, og det er som ein søndag her. Mykje festivitas på programmet. 

Då eg kom til Albacete i dag, var eg akkurat for sein til opptoget for å feire Jomfru Maria. Men eg fekk eit bilete av nokre “bunadskledde” deltakarar. 

Katedralen San Buan

Avslapping på ein benk i ein leikepark, der eg hadde stor glede av å observere ein pappa som leika/sparka fotball med dottera, Olivia, på 3 år og 4 mnd, og allereie med god dreis på ballen. Herleg å sjå kor ivrig og flink ho var⚽️

Albacete, med ca 170 000 innbyggjarar, ligg 686 moh, så eg er no på veg nedover att, før eg skal opp i nye høgder att seinare, i San Bertolomé de Pinares, på 1039 moh, veka etter Toledo, i starten av oktober. 

I morgon skal eg 20 km til La Gineta. Eg er veldig spent på det alberguet der🤔 Men eg overlever nok! 

Higueruela – Chinchilla de Monte-Aragón

Måndag 16.sept. 

Dag 10, etappe 10

44688 steg, 28,9 km

Frukost på La Posada i Higueruela før eg starta kl 7.10. Det var tidleg nok, temmeleg mørkt, i alle fall for ei mørkepyse som meg. 

Men ein nydeleg morgon, i flott ver. 12 grader ved start.

Ca 500 m på bilveg, før vegen gjekk over åkrar og enger. Herleg etappe å gå, grusveg heile vegen! 

Uendelege sletter, nydyrka mark, åkrar så langt auget rekk,  bondeland og surrande fluger, er passande karakteristikk på etappen. Ganske forskjellig frå gårsdagen grøderike omgivnader. Men fantastiske sletter! 

Og i dag var det stopp i Hoya Gonzalo på vegen, etter 8,5 km, for ein kopp kaffi og litt mat. Luksus som gjorde godt. Slike avbrekk forkortar på ein måte etappen. 

Hoya Gonzalo
Dette er iberisk historie, “hytter” som dei kalla “cucos” og “chozas”
Ikkje mykje dyr eg har sett, så langt (utanom kaninar), men i dag var det to saueflokkar. Med gjetarar.
Chinchillo de Monte-Aragón.

Ankom Chinchillo kl 14.30. Ein koseleg, liten by, berre vel 4000 innbyggjarar. Ligg oppetter fjellsida, med smale gater. Det er nok verdt eit besøk den borga som ligg på toppen av byen. Bygd på 1400-talet, og vore viktig i forsvar gjennom fleire krigar. Eg stod over den gåturen opp dit i dag🤔

Eg fekk omsider – etter ein del telefonar, nøkkel til Alberguet. 

Her håpar eg på ei god natt. 

I morgon er det kort etappe til Albacete, 16,1 km. Har booka rom på eit billeg hotell, ingen herberge her. Det var berre så vidt eg fann ein stad å bu! Har rett og slett vore for relaxed😂 Skjerpings💪🏻

Nokre fleire glimt:

Albergue donativo.
Alberguet ligg i dette flotte, gamle bygget, på byens viktigaste plaza, Plaza de la Mancha.
Godt å vite at ein er på rett veg (skjellet)
Eg hatar selfie, men måtte ha eit bevis på at eg er her😂

Alpera – Higueruela 

Søndag 15.september. 

Dag 9, etappe 9

32822 steg, 21,4 km

Higueruela er ein koseleg, liten by med 1.350 innbyggarar. 1039 moh.

Ankom kl 13, etter ein fin og variert vandretur. 

Starta dagens vandring 7.30. Hadde bestilt drosje som tok meg tilbake til Caminoen, der eg forlét den i går, for å gå til Alpera. 

Soloppgang kl 8.

Eg har gått gjennom eit område med fantastiske vinplantasjar, i tillegg til ei mengd med vindmøller (berre halve storleiken av dei som er sett opp og elles planlagt i Norge). Vinstokkar og tre elles verka sunne og friske, ikkje prega av sjukdom, slik eg har sett for etappane tidlegare. Vindruene var blå og modne, og nydelege! Eg smakte éi😋 

Vinstokkar så langt auget rekk.
Masse vindmøller i dag
Og store område brukt til solceller.

Siste 10 km var på bilveg/asfalt. Ein syklist stoppa og prata, lurte på om alt gjekk bra:) Dei tek lett kontakt, kjekt! 

Han kunne fortelje at han hadde ein son som budde i Norge, i Halden😊 

Ein fantastisk fin søndag vermessig. Kaldt i starten, 11 grader, men kl 11 var det 23. I skrivande stund – 27 grader, her eg sit på Plaza Mayor, utanfor Alberguet. 

Lørdagar og søndagar er noko “herk” her i Spania. Nesten alt er stengt, og det store spenningsmomentet er om ein får tak i mat. Eg er alltid letta når kvardagen kjem. 

Eg kom til ein sovande by, Ingen bar eller butikk open, heilt stille. Kvar er folk?

Berre Pensjonistforbundet sin bar, “Håp” (👍🏻) var open, og berga meg. 

Eg spurte mannen bak disken kva som gjorde at alt var stengt. Jo, det er “Feria” i Albacete, som varer til tysdag, og “alle” i byen var der. Dans, god mat, masse folk, salsboder, osv. 

Spanjolane kan verkeleg å lage fest😀Vi burde lage fleire festar heime! 

Eg har Alberguet for meg sjølv, har vaska klede, men ingen plass å henge opp. Så då har eg hengt det på nokre stolar og sett dei ut på gata i sola😀 (lite folk i denne gata, altså)

Albergue municipal i Higueruela.
Svært enkel standard, men til pris kr 0.

I morgon går eg til Chinchilla de Montearagon, 29,5 km. Synst det er langt så det held! Men det går vel bra, det óg💪🏻

Almansa – Alpera

Laurdag 14.sept. Dag 8, etappe 8. 

36220 steg, 22 km. 

Eg er ute på landet, vandrar på dei manchegiske sletter.

Her må alt planleggast, skal eg få mat i meg. Ingen små byar undervegs, til å sette seg ned og nyte ein Café con leche. Saknar det litt, men det endrar seg vel når eg nærmar meg større bustadområdet etter kvart. 

Dårleg natt bak meg då eg starta. Blei fortalt at eg skulle dele rom med ei annan. Men ho kom jo aldri, det var såpass stressande at – typisk meg – eg fekk ikkje sove. 

Men det har gått bra å gå i dag likevel. 

Har delt etappen Almansa-Higueruela i to, synst nærare 40 km blir i drygaste laget. Må passe meg så beina tåler belastninga. Så tok ein liten omveg til Alpera. 2,5 tusen innbyggarar, koseleg liten by, med hyggelege folk! 

Vakkert handarbeid pryder gata inn til eit eldresenter.

Byen ligg på 850 moh, og er okonomisk basert på jordbruk og skotøy-produksjon. Vinproduksjon er viktig, det var tydeleg undervegs, med store vinplantasjar. 

Har innlosjert meg på Albergue de Peregrinos, enkel standard til 7 €. Har det heile for meg sjølv.

Men eg veit at der er ein italienar foran meg i løypa. Lurer på om det er han som etterlet seg spor på vegen, skostorleik ca 50🤔 Berre det å finne same avtrykk tre dagar på rad, har gitt meg ei kjensle av ikkje å vere åleine på vegen🤩

Ein blir lett å glede i dette gamet🙏🏻 

I dag er det fest i Alpera. Då er supermarked stengt, m.a., og alle dressar seg opp. Det er 14.sept, dagen då dei ærar Jesu kors, med eit folketog gjennom gatene.

I morgon er det Higueruela som ventar. Ca 22 km. 

Vatningsanlegg langs vegen.

La Font de la Figuera – Almansa 

Fredag 13.september. 

Dag 7, etappe 7. 

Steg: 41964. 27,6 km. 

Tidleg opp. Fekk servert deileg frukost av den nydelege vertinna, før eg la i veg. Vermeldingane melde fare for regn. Mørke skyer det meste av føremiddagen, men eg gjekk klar av regnet. Litt kjøleg dag, har gått med ull, langarma i starten. Deileg temp for vandring. Litt kjøleg også resten av dagen, pga av vind.

I dag har eg entra ein ny region, Castilla La Mancha. Merkinga av ruta blei annleis, gule piler på blå bakgrunn. 

Litt stigning i starten, men elles har det vore flatt, på stiar og vegar over uendelege manchegiske sletter. 

Det er alltid litt spenning knytt til å legge ut på ei såpass lang etappe, der det ikkje finst byar undervegs med høve til å kjøpe mat. Må planlegge litt ekstra. 

Ankom Almansa i 14-tida. 

Almansa i sikte. Borga synleg på lang avstand.

Almansa, 713 m.o.h., er ein litt større by, ca 24000 innbyggjarar. Byen er kjent for sin Moros y Christiania-festival, feira 1.-6.mai. 

Dei har også ei flott borg, bygd på 1300-talet. Den ligg ved foten av byen, og har vore ei viktig forsvarsborg.

Eg overnattar på Albergue Esclavos de María, var heldig å få seng, hadde ikkje booka på førehand. 7€.

I morgon ventar Alpera, ca 22 km. 

Seng til 6€, tomannsrom.
Liknar på eikenøtter, men blada er ikkje eik….

Moixent – La Font de la Figuera 

Torsdag 12.sept. Dag 6, Etappe 6. 

28789 steg, 17,1 km. 

Så var eg i gang att. 

Etter ei avslappande veke i vakre Valencia, tok eg toget til Moixent i gryotta i dag. 

No må eg venje meg til å vandre igjen. Det tek nokre dagar før beina har tilpassa seg. 

Temperaturane har gått mykje ned. I dag tidleg måtte eg starte med ei tynn langarma ulltrøye. Varmen kjem i løpet av føremiddagen, men ikkje så gale som i august. 

Eg har gått i vidstrakt landskap i dag, der oliventrea og vingardar har dominert. Har observert massevis av vinstokkar som har sett ut til å ha fått sjukdom på seg. Og mykje goldt landskap, grå og tørr leirjord, etter all varmen som har vore. 

Blir neppe mykje god spansk vin her.

Klarte å misse pilene undervegs. Gjekk i eigne tankar, og plutseleg hadde eg glippa eit vegskifte. Men eg møtte på dei att etter ei god stund, der eg fekk hjelp av google og ein lokal bonde👍🏻

La Font de la Figuera er ein liten by, 520 moh, her bur litt i overkant av 2000 menneske. Den ligg på i sørvest av regionen, på grensa til Castilla la Mancha i vest og Murcia i sør. 

La Font de la Figuera i sikte.

Dette er siste etappe i regionen Valencia. I morgon går eg inn i Castilla la Mancha. 

Allereie starta julepyntinga🎄

La Font de la Figuera er mest av alt kjent for sin spesielle juletradisjon. I Spania er det tradisjon å bruke rødt undertøy på Nyttårsafta. Men folka i La Font de la Figuera har teke denne skikken til nye høgder, med å springe rundt i gatene kun i raudt undertøy. Resultat:  byen har  høgaste førekomst av lungebetennelse i landet🧐

Når Caminoen forlét denne byen, passerer den det gamle offentlege, kommunale vaskeriet som blei konstruert i 1866. Her var det plass til mange, og ein ser spora i steinen der kvinnene har stått og skrubba klede. Dette var ein viktig sosial møteplass for kvinnene. 

Det gamle vaskeriet.
Her stod dei og skura klede. Plass til mange 😊

Eg bur på eit lite og nydeleg Hostal, “Hostal Rural Amable”. 

Casa Rural Amable.

Elskverdig vertinne. Fine rom, og opphaldsrom, og fin uteplass. 40€ inkludert frukost. 

I morgon ventar Almansa, 27,6 km. Og overnatting på Albergue.

Grøne og raude damer – og menn i Valencia🚦

Det er sikkert andre stader med grøn og raud dame for gåande trafikantar, men det er første gangen eg ser det. 

Nokre stader i byen er det gjennomført med trafikklys med dame på eine sida av vegen, og mann på hi sida. 

Eg skal nok ikkje gå etter slike trafikklys når eg i morgon fortsett vandringa på Camino Levante, då er det gule piler og skjell som gjeld 👍🏻

Akvariet i Valencia – El Oceanográfico

eit akvarium i Valencia, absolutt verdt eit besøk. Vi har brukt heile dagen der i dag. 

Anlegget er ein del av Kunst- og vitskapsbyen, og er Europa sitt største akvarium. 

Det har ein kapasitet på å «hyse» 45.000 levande skapningar, av 500 ulike artar. Her representerer dei dei viktigaste marine økosystem på kloden.

Vi har vandra rundt og opplevd ei mengde artar av dyreliv i havet / på land – og ei mengde ulike fugleartar. 

Leopardhai
Flamingo
Pelikaner
Kokosnøttkrabbe.
Natt-dyr.
Hai, ein trua art.

Eit vakkert anlegg, med ein viktig, underliggande bodskap: klimatrusselen med auka global oppvarming, forureining, og overdriven jakt på ulike artar, som truar bestandane. 

Eit skjelett av ein framtidsfisk, som har tilpassa seg den nye marine faunaen: ein mage for cigarillos, ein mage for plast, ein mage for metall, ein mage for elektronikk.

Eit tankekors og ein realitet! 

Valencia 

Herleg med ei veke «ferie» og slaraffenliv i Valencia, før eg startar oppatt mi vandring på Camino Levante.

Valencia er Spanias tredje største by, med over 807 000 innbyggarar. Grunnlagd av romarane i 137 f.Kr. 

Namnet på byen betyr “styrke”, “aktivitet”, frå latin. 

Kunst- og vitskapsbyen (La Ciudad de las Artes y las Ciencias) i Valencia, er spektakulær å besøke. Den ligg i det tørrlagde elveleiet til Turia. Elva rann tidlegare gjennom sentrum av byen, men i 1957 blei byen råka av ein storflaum, og elva blei difor lagt om sør for byen. Dermed blei eit stort areal ledig, og utanom denne «byen», finn ein parkar, sykkelvegar, små tjern, stiar, fontener, blomsteranlegg, kaféar, kunstverk, fotballbaner, friidrett og andre aktivitetsmulegheiter. Mange bruer fører all trafikk over parken. 

Heile området ser ein som «ein grøn tarm» på kartet, og gir folk høve til å forflytte seg over lang avstand utanom all trafikk. 

“Byen” som er konstruert av Valencia sin eigen stjernearkitekt, Santiago Calatrava, blei påbegynt i 1996. Han fekk boltre seg fritt på dette store områder, og i 1998 stod første bygget, Hemisfæren, ferdig, og så blei resten fullført etter kvart. 

«Kunst- og vitskapsbyen»

I dag er det rundt 3 mill besøkande her kvart år. 

Hemisfæren, t.h., var første bygg ferdig.
Framfor «Umbracle».
Den karakteristiske brua over den tidlegare elva.
Kunst- og kulturbygget.

Akvariet, som er ein del av “byen”, er enormt, Europa sitt største, eit område på heile 110.000 kvadratmeter, og 42 millioner liter saltvatn. 

Akvariet, el Oceanográfico.

Valencia er ein perfekt ferieby. Her kan ein bade på fantastiske sandstrender, shoppe i spennande små nisjebutikkar, eller handelshus, og oppleve kunst og kultur, og historie. 

Topp høve for badeliv.

I gamlebyen finn ein den vakre katedralen, der Camino Levante startar. Ein finn vegen ved å følge skjella som er nedfelt i gata.

Katedralen frå nordvest.
Mykje gull og rikdom, bygd i ei tid, 1200-talet, med mykje fattigdom for vanlege folk.

Snart klar for å halde fram på Camino Levante🎒

No er dato bestemt, og flybillettar booka. Reiser til Valencia den 5.sept, og skal der tilbringe ei veke ferie i lag med Oddvar. Litt latmannsliv, med bading i Middelhavet, og sightseeing i denne vakre byen.

Så tek eg toget til Moxent 12.sept, og startar derfrå etappe 6, til La Font de la Figuera, som er siste stopp før eg går inn i ein ny region, Castilla la Mancha.

Kryssar fingrane for legre temperaturar🌡️