Carcaboso – Arco de Cáparra – Hostal de Asturias/Cáparra

Dag 21, etappe 19. Steg: 41337. 30 km

For ein flott dag! Tidleg opp, frukost på bar kl 6.30. Fekk sjå soloppgangen👍🏻

Kjøleg temperatur, nesten overskya det meste av føremiddagen, og føttene fungerer. Herleg å kjenne at ein kan berre gå og gå…

Sekken er blitt lettare etter at eg har kvitta meg med (eller sendt heim) det eg ikkje treng. No tippar eg at den er 8kg, pluss vassflaska.

Min gode ven, sekken❤️

Via de la Plata, betyr «Sølvruta», og dei meiner at denne ruta var romarane sin transportveg av sølv.

I dag møtte vi el Arco, som er ein boge frå denne tida, ein boge/ei ark med 4 ansikt, som ruva som eit spøkelse i det som var ein romersk by. No er berre steinrestar att av husa. Diverre var området avstengt då vi var der (måndag).

Nydeleg terreng å vandre i, variert, og lite asfalt heldigvis. Selskap på vegen i dag. Faktisk mange på dame etappe, heile 8 personar.

Ville dyr? Ingenting anna enn firfisler og ein slange, som skvatt til foran beina mine.

Lang etappe i dag. Hadde planlagt å gå til Oliva de Plasencia, men der var ingen ledig overnattingsstad. Då blei Hostal Asturias i Cáparra eit godt alternativ.

I morgon ventar nok ei lang etappe: Calzada de Béjar, 33,2 km.

Dag 20, 18.etappe: Riolobos – Carcaboso.

Steg: 30405

Søndag, og eg har nesten følt eg var på søndagstur i dag. Har teke det litt piano, sett meg litt rundt…

T.d hadde eg eit vegval undervegs, om eg ville fortsette rett fram til Carcaboso, eller om eg ville ta ein avstikkar til Galisteo, og halde fram på ein annan veg til Carcaboso.

Eg gjorde det siste, og angra ikkje på at eg fekk sjå litt av denne lille byen med murar rundt. Men eg blei då «straffa» med å måtte gå 11 km langs bilveg, på asfalt. Hardt og varmt🥵😅

Ankomst Carcaboso og Albergue Señora Elena. Her er det mange som bur, kanskje kan eg håpe på selskap på vegen i morgon, til Arco de Cáparra og Hostal Asturias.

Galisteo
Romersk bru
Galisteo frå den romerske brua.
Solceller og vindmøller
Håpar vinstokkane har meir vatn enn det ser ut til her.
11 km på denne vegen…..🥵
Eit kjent slagord: Tenk globalt, handle lokalt.

Cañaveral – Riolobos

Dag 19, etappe 17. 19,8 km. Steg: 33571

Det er laurdag, og helg. Det kan gå litt i surr i dette «prosjektet» mitt, kva dag det er. Kvar dag lever sitt eige liv, og det er enkle ting som har fokus: Tidleg opp, stelle seg bittelitt, gjere gnagsår klar for nye påkjenningar, ete frukost (oftast, viss noko er ope), pakke sekk, gå, gå, gå….. komme fram, finne stad å sove, vaske klede,…… Så slik går no dagane😅

Nok ein fin dag har dette vore. Vekt av gneldrande bikkjer før 6. Kjøleg ved start, blei varmare etter kvart, men med ein svalande vind deler av tida.

Eg har gått gjennom furuskog, carob-skog, beitemark og utmark. Gjennom ørten grindar. Alt på nydeleg underlag.

Ikkje mykje ville dyr å sjå på min veg, sikkert for langt på dag for det. Men hadde gleda av å helse på ein skvetten harepus. Kyr og sauer, derimot, er det mykje av.

Ein kan ikkje vere redd for kyr når ein skal gå ein Camino.

Opplevde første såkalla «turnoff». Det betyr at ein må ta av frå Caminoen for å gå til ein by der det finst overnatting. 4 km måtte eg gå etter turnoff for å komme hit til Riolobos.

Her bur eg på Camping Las Catalinas, enkeltrom til 20€. VELDIG hyggeleg vertskap❤️

Camping Las Catalinas.

I morgon står Carcaboso på planen, 20km.

Gammal kyrkje i Riolobos, med tak og tårn fullt av storkereir.

Casar de Cáceres – Cañaveral

Dag 18, etappe 16. 33 km. Steg: 49978

I dag kjenner eg meg letta og glad for at denne etappen er unnagjort. 3,3 mil i variert terreng. Dei lange etappane må ein berre ta, fordi der ikkje finst overnattingsplassar i mellom. Og denne etappen har eg grua meg litt til, så herleg å vere framme i Cañaveral. Siste mila var veldig lang. Tordenver og litt regn i ryggen, jaga meg framover på slutten.

Starta i overskya ver, herleg temp, dvs kjøleg, trudde det ville komme regn. Så klarna det opp og blei ein varm dag.

Møtte på nokre galne hundekvelpar, som knurra og verka aggressive. Vart litt stressa då! Nydeleg å gå, i flotte omgivnadar.

Måtte gå 5km på bilveg, som var veldig trøyttande. Over to høge og veldig lange bruer, der høydeskrekken fekk bryne seg😩 Deretter var det vandring i terreng igjen.

Men – alt i alt ei flott etappe med masse variasjon. Også i dag i fotefara til romarane. Alle som passerer, t.d på sykkel, eller i bil, helsar ein «Buen Camino». Til og med eit tog som passerte, fløyta på meg. Det var hyggeleg oppmuntring for ein sliten kropp😅

Booka enkeltrom på Albergue Cañaveral i dag tidleg. 25 € for eit rom. Lurer på om det er pilgrimspris🤔

I morgon ventar Riolobos, 19,8 km.

Her var eg ikkje høg i hatten, trur det var ein 6-7 hundar.
Når det er grønt og gult på merkesteinen, betyr det at det er tidlegare romersk veg.
Cañaveral i sikte, så nært og likevel så langt i frå….

Valdesalor – Casar de Cáceres. Under 3/4 att.

Dag 17, etappe 15. 23,2 km. Steg: 38490

Nok ein flott dag, med sol og varme. Fin vandring på godt underlag, også i dag. Fantastiske vidder så langt auget rekk. Hadde selskap av mine tyske vener til Cáceres. 11 km i godt selskap går fort. No var deira reise slutt i denne omgang, tilbake til jobb i Tyskland. Og eg er no åleine på vegen att. Slik er det.

Takk for hyggeleg selskap i 2 dagar🙏🏻

Gjekk vidare til Casar de Cáceres kl 12, gjennom gamlebyen av Cáceres. Rota litt for å finne vegen, dårleg merking. Truleg fordi bydelen er historisk, den blei bygd av romarane i første århundre f. Kr, står på UNESCO si verdsarvliste. Så då er det vel slik at den ikkje kan «skjemmast» med gule piler?

Etter kvart var sola begynt å varme skikkeleg, så det blei ein varm tur til målet. Litt stigning i dag, over eit høgdedrag. Framme i halv 4-tida, midt i siestaen, booka inn på Albergue de Peregrinos, 6€ for ei seng. Meget enkel standard.

I morgon ventar Cañaveral, eller kanskje Grimaldo.

Vidare mot Casar de Cáceres
Velkommen til Casar de Cáceres

Santiponce – Guillena

Dag 2, etappe2.

Slow start, må venje kroppen og – ikkje minst – knea mine til å tåle at eg går med sekk, og altså plutseleg har «lagt på meg» over 10 kg.

Kryssar fingrane for at dei ven seg til det🤞🏻

Flott vandring i dag, på sjølvaste nasjonaldagen🇳🇴🇳🇴🇳🇴 Har gjort mi plikt og sunge «Ja, vi elsker» fleire gangar der eg har vandra på grusveg gjennom område med store solsikke- og kornåkrar. Mange syklistar har dradd forbi, alle ønskjer «Buen camino», det er ein veldig hyggeleg gest🙏🏻 No ankomme Albergue Luz, og fått meg ei seng for natta, i eit dormirorio for damer (som eg hadde åleine, sidan eg var einaste dama der). Verten på herberget, Peter, er tysk, og ein sprek 83-åring! Utruleg hyggeleg og full av energi😊 Anbefalar!

Her er til og med frukost inkl i prisen av 14€👍🏻

Via de la Plata – VDLP. Sevilla – starten for «Sølvruta» til Camino de Santiago.

I fleire månader har eg planlagt dette, å gå Sølvruta til Santiago de Compostela. Skulle gå i lag med ei venninne, men sidan ho blei hindra i å delta pga sjukdom, så gjennomfører eg planen åleine. Viss eg greier det, vel å merke! Eg skal møte mi islandske venninne, Sunniva i Salamanca, og gå i lag med henne siste tre vekene. Ruta er lang, 100 mil. Blir spennande å sjå om knea held. Har drive mykje styrketrening siste par månadane, under kyndig rettleiing av manuellterapeut Sunde: https://mtsunde.no/

No er eg meir eller mindre stuck her i Sevilla. Ryggsekken kom ikkje fram, så no går eg i uvissa, kor tid kjem den? Utan anna enn det eg står og går i, så er handlingsrommet litt lite😃 Men ein rusletur mot katedralen og klokketårnet Giralda har det blitt, i 30 graders varme (utan solbriller, som ligg i sekken😎)

Farvel til Liberia og Costa Rica…..

Her i det rosa huset har eg budd, (vindauget oppe t.h.), med adr: 75 meter nord for hotel La Riviera :)

Her i det rosa huset har eg budd, (vindauget oppe t.h.), med adr: 75 meter nord for hotel La Riviera 🙂

No står heimreisa for tur! Tida her – 9 veker – har gått fort. Samtidig kjennest det som evigheiter sidan eg kom! Rart at eg no skal heim att!

Her i Costa Rica seier dei berre «Buenas» i staden for «Buenos días» eller «Buenas tardes/noches» (God dag/ettermiddag/kveld). Kanskje er det eit uttrykk for deira avslappa «Pura vida»-haldning? Ikkje veit eg!

Eg har opplevd mykje. Diverre vann eg i uhell-lotteriet og fekk denguefeber, og det er som eit lite «svart hol» i tida her. Ei veke med feber og to veker til å komme meg på…… Tenk at det tok så lang tid før energien og matlysta var tilbake! Men elles har eg hatt det veldig bra!

Byen som eg såg på som ei litt sjokkarta oppleving å komme til, skal eg no reise frå. Litt vemodig, for eg har blitt litt glad i denne byen, og folka her.

Liberia

Liberia

Eg kjem til å sakne dei mange som smiler og helsar på gata, – noko som er høgst uvanleg heime!!!!! Og å sjå alle dei gode klemmane som eg ser dei gir kvarandre, gode vener, når dei møtest. Og måten gutane – både unge og eldre, helser på kvarandre: «Give me five» + fingerknokane mot kvarandre, eller berre fingerknokane! Og alle «Con mucho gusto» – som folk svarar, når du takkar for noko = «med stor glede/fornøyelse (for å bruke eit godt nynorskord….)

Eg kjem til å sakne fuglekvitteret i parken frå kl. 17 til 18. Eit øyredøyvande leven av store mengder svarte fuglar, som samlar seg her ved solnedgang, i trea og på tak og straumleidningar.

Eg kjem òg til å sakne å «berre» vere skuleelev, og kunne rusle til skulen i bedageleg tempo (har øvd meg på å gå seint…Hehe 🙂 ) – i sol og varme. Eit privilegium!

Liberia

Liberia

Og eg kjem til å sakne den fløyelsmjuke varmen om kveldane. Kanskje blir det også rart å ikkje vakne til sollyset og hanegal i 5-tida når eg kjem heim til Norge i desember månad…..

Og – så har eg nesten begynt å synast at denne byen er no i alle fall litt fin…. 🙂

Har til og med vent meg til å dusje og vaske håret i kaldt vatn. Dei aller fleste husstandane her i Costa Rica har ikkje innlagt varmt vatn, og i denne varmen er det fort gjort å venje seg til det. Også har dei berre halvautomatiske vaskemaskiner, med vask i kaldt vatn, men merkeleg nok ser det no ut som det blir  reint…. (Skjønar ikkje kvifor dei ikkje

Liberia

Liberia

satsar på solceller her, men det er vel for dyrt, kanskje.)

Eg kjem ikkje til å sakne dei holete fortaua! Her er ikkje eitt einaste fortau der du kan rusle i eigne tankar – utan å sjå deg føre. Då ligg du der før du får sukk for deg!

Måtte eg komme tilbake til dette vakre landet ein gong! Her er så grønt, og så masse plass! Nesten som i Norge, her bur berre rundt 4 millionar menneske.

Ned her, 25 m nord for hotel La Riviera.....

Ned her, 25 m nord for hotel La Riviera…..

Eg har hatt så mange flotte opplevingar her og flotte turar, men ingen stad kan matche Río Celeste! Den staden kjem eg aldri til å gløyme, berre så vakker! Har prøvd å dele mine opplevingar med alle dokke heime så godt som muleg. Ein del har respondert, og det har betydd mykje for meg!

No er det jobb som ventar, og 5 prøvebunkar….., men også førjulstid. Julebaksten trur eg at vi «kjøper sjølv» – også i år. Der er så mange heimebedrifter som treng også vår støtte, og den skal dei få 🙂

Men først og fremst så skal det jammen bli utruleg godt å komme heim att til mi kjære familie 🙂

Takk for laget – og for turen 🙂

Holete fortau...... :)

Holete fortau…… 🙂

Holete fotau....

Holete fotau….

1.desember – og tenning av julegrana i Liberia :)

Masse folk på Plazaen mellom kyrkja og parken i Liberia.

Masse folk på Plazaen mellom kyrkja og parken i Liberia.

Rart å vere med på seremonien – å tenne julegrana – i 25 graders varme. Stappfullt av folk på Kyrkjeplassen ved parken i Liberia, og julegrana var ikkje gran frå Norge, men kunstig juletre. Dekorert med lys og reklamelogoar for mobiltelefonselskapet Kölbi………. D.v.s. sponsa juletre-seremoni! Ja ja, ein ven seg vel til alt, kanskje?Taler, underhaldning av ulikt slag – mellom anna fin song, akkompagnert av orkester med nisseluer.

Orkester med nisseluer.

Orkester med nisseluer.

Her var det sommarkledde folk, og ungar som åt is – som om det skulle vere

Julegran sponsa av mobilselskapet Kölbi......

Julegran sponsa av mobilselskapet Kölbi……

17.mai heime. Full aktivitet i parken, av underhaldning med klovnar for ungane, eller frie syslar – som skateboard, i paviljongen. Folk kosa seg. Dei som ønska det, kunne kjøpe seg grillmat, eller sukkerspinn, is eller andre søtsaker, om det var det ein hadde lyst på.

Kjekt å oppleve ein annleis 1.søndag i advent 🙂

Full konsentrasjon om isen....

Full konsentrasjon om isen….

Denne 3-åringen sjarmerte meg med sin iver ette å lære å stå på skateboard :)

Denne 3-åringen sjarmerte meg med sin iver ette å lære å stå på skateboard 🙂

Julegrana i dagslys.....

Julegrana i dagslys…..

Lettekledde, både vaksne og barn.

Lettekledde, både vaksne og barn.

Siste helga i Costa Rica: La Fortuna og Volcán Arenal :)

Solnedgang undervegs, før regnet kom

Solnedgang undervegs, før regnet kom

Hadde litt forventningar til denne turen, det skal innrømmast. «Alle» har snakka om at dette er slik ein vakker plass, og «du berre må sjå denne plassen før du reiser». Ja vel, tenkte eg, får ta siste helga der, då 🙂

Drog frå Liberia med shuttlebus – fredag ettermiddag etter skuletid, direktebuss. Herleg å sleppe alle desse stoppa, og turen kunne difor ta «berre» 3,5 timar. La Fortuna ligg litt sør-austover, i provinsen Alajuela, ved innsjøen Arenal, som då har namnet etter vulkanen. Dette er ein kunstig bygd innsjø, bygd for å produsere straum, og den forsyner neste halve befolkninga

Innsjøen Arenal.

Innsjøen Arenal.

her i Costa Rica med straum. Etter vulkanutbrotet i 1968, var det to austvende landsbyar som blei tatt av lavastraumen. La Fortuna låg i vest, og blei ikkje ramma. I den tida heitt landsbyen «El Borio», men etter utbrotet blei den døypt om til La Fortuna, som betyr den heldige…..

Då vi var komt så langt at vi såg innsjøen Arenal, så begynte det å regne………

Stupmørkt når vi kom fram, innlosjerte meg på hotellet Montechiari, ein sjarmerande stad, anbefalt av Sabine, fordi der

Og her i denne "hytta" budde eg.

Og her i denne «hytta» budde eg.

var fullt av kolibri i hagen. Men dei kunne eg ikkje rekne med å få sjå, pga av regnet – som fortsette og fortsette! Fekk ei slik heimekoseleg kjensle når regnet tromma på taket gjennom heile natta………. P1030991

Neste dag – sameleis! Ekte Førdever, med tåka langt nedetter fjellsidene, og silregn, i eitt…… Forskjellen  frå Førde var vel temperaturen. Her slapp vi å fryse i hel, kunne gå med slippers og shorts likevel…..Sjølv om det var litt kaldare her enn i Liberia. Frykta at eg ikkje skulle få sjå vulkanen ein gang 🙂 Men heldigvis, så klarna det opp ein augneblink, slik at eg fekk sikra mine obligatoriske bilete, hehe 🙂

Tur til fossefallet. Julepynta inngang til stien ned.

Tur til fossefallet. Julepynta inngang til stien ned.

P1040004Føremiddagen rusla eg rundt i «byen». Så reiste eg for å sjå fossefallet. Eg er jo van med fossar frå Norge, så det skal litt til for å imponere meg. Og den «lange» turen ned til fossen, var unnagjort på 10 min, og et same oppatt. Men fossen var fin, den, 70 meter fall, og til og med to fossar – pga av regnet. Fekk dobbelt for pengane, ikkje verst, hehe!

P1040010

På ettermiddagen var det Hiking – for å sjå vulkanen Arenal, som er ein av verdas 10 mest aktive. Vi var ei gruppe – med unge par – og så meg då…. 🙂 Utruleg heldige med veret var vi – det var opplett dei to timane vi var ute og gjekk! Begynte å regne med ein gang vi var ferdig. Diverre var det skodde på toppen, men vi fekk ei fin vandring på stiar som lavastraumen hadde laga, og vi såg digre steinar som var blitt kasta ut under utbrotet, det siste i 1992.P1040018

Deretter var det Tabacón «hot springs». Dette er eit anlegg laga til for bading i den naturleg oppvarma elva – med varme frå Arenal. Fantastisk flott laga til, med mange mulegheiter, små og store «basseng» i elva, og fossar, som gav god  massasje 🙂 Til slutt middag i restauranten på same stad. (Fekk ikkje teke bilete pga av mørket (men eg legg ved eitt frå Google.)

Flott oppleving!

I dag, 1. søndag i advent, heimreise 8.30. Silregn fortsatt. Då vi nærma oss Liberia, møtte vi blå himmel og sol!

Det var jammen godt å komme «heim att» 🙂

Cafe con leche på "my coffee" i La Fortuna :)

Cafe con leche på «my coffee» i La Fortuna 🙂

Så klarna det opp :)

Så klarna det opp 🙂

P1040038P1040047

Tre som blei øydelagt under siste utbrot, 1992.

Tre som blei øydelagt under siste utbrot, 1992.

P1040050

Lava-straumen laga stiar....

Lava-straumen laga stiar….

Utsikt over innsjøen.

Utsikt over innsjøen.

P1040071

P1040078

 

 

P1040076

Digre steinar som var kasta ut ved utbrotet.

Digre steinar som var kasta ut ved utbrotet.