Kviledag i Benavente. 

Onsdag 16.oktober 

Dag 40. 

I dag har eg rekna på distansar, og kva som gjenstår før eg er i mål: 

Omlag 424 km. 

Eg har gjort nokre endringar undervegs, nokre med motivasjon å gjere etappane meir “høvelege” for ein trøblete legg.

Det har seg slik at ein del stadar går Camino Levante (frå Valencia) saman med Camino Sureste (frå Alicante). Dermed har eg kunna velje stoppestadar på C. Sureste, fordi det var gunstigast for meg. 

Planen var å gå Camino Levante heilt til Zamora, der ein held fram på Camino Sanabrés til Santiago. 

Men, sidan eg ikkje ønska å gå omatt Sanabrés, då eg gjekk den i fjor, så ville eg gå nordover til Astorga. Då valde eg å gå Camino Sureste frå Medina del Campo, med 8 etappar til Astorga, i staden for å gå via Zamora til Astorga, som ville blitt 9.

Kanskje dette biletet kan gjere det heile meir forståeleg:

Frå Astorga er planen no å gå to etappar på Camino Francés til Ponferrada, og derfrå gå Camino de Invierno (Vintervegen) til Santiago. 

Denne vegen går sør for den franske ruta, og seiest å vere veldig vakker, og ikkje overbefolka slik som den franske har blitt. 

Etter Ponferrada går vi inn i Galicia. Her er veret mykje likt Norge, så eg er spent på det. Stor risiko for mykje regn, men vi må berre ta det vi får. Til gjengjeld er herberga i Galicia veldig bra, også med Wifi inkludert.

Det var deileg å ikkje legge i veg i dag, i gryotta, men kunne ta det roleg. 

Eg har handla diverse ting eg mangla, m.a ei hovudlykt. Eg kunne jo teke med heimanfrå, men tenkte eg klarte meg utan. Det var ei feilvurdering. 

Elles har eg rusla rundt i slow motion, og har ikkje akkurat blitt overvelda. På langt nær så vakker by som mange andre spanske byar.

T.d har dei ein Plaza Mayor full av bilar:

Santa María la Mayor
Kyrkja frå ein annan vinkel.
Slik kan ein også gjere det, pynte litt på bosspanna.

Vi er på 800 moh. 

Det er kjøleg vind, sola varmar når den er framme, men regnet truar med å komme. 

Håpar eg slepp det på vandringa i morgon, til Alija del Infantado. 

21,6 km. 

Villalpando – Benavente

Tysdag 15.oktober

Dag 39, etappe 35

43945 steg, 29 km

Eg følte eg var i ei krise då eg høyrde regnet plaska ned då eg stod opp. Gå i ausande regn i 29 km, …….hjelp🤯🫣

Heldigvis gjekk byga over, og eg slapp bli våt på veg til baren for å ete frukost. 

Ein dårleg dag for vandring, meinte bareigaren. Veit ikkje om det var fordi han tykte synd på meg, men i allefall nekta han å ta imot betaling for frukosten🙏🏻 

Eg starta med hovudlykt, lånt av Isabella. Eg må kjøpe meg ei, tok ikkje med, tenkte eg ikkje trengte det. Men her er ganske mørkt heilt til klokka er over 8, og sola står ikkje opp før i 9-tida no. 

Eg hadde god bruk for hovudlykta, så eg unngjekk å trakke i alle vassdammane. 

Vegane vi går på blir veldig gjørmete når det regnar. Og dette er ei gjørme som kladdar under skoa, fælt å gå på. Det har vore mykje slikt i dag. 

Men heldigvis klarna det opp, og det blei riktig fint vêr. Kven skulle tru det, i høve vêrmeldinga. 

Eg gjekk på alt eg greidde i dag, hadde eit matstopp undervegs i San Esteban del Molar, elles gjekk eg i eitt. Viktig å komme fram før evt regnet kom. 

Det kom då eg var ca 1,5 time unna Benavente. 

Heldigvis har eg med meg ei lett regnbukse, i tillegg til plastponcho frå Biltema😂 

Vi bur på mostal her i Banavente, ein by på 20.000 innbyggarar, som knyter saman to Caminoer, Via de la Plata og C. Sureste.

Eg tek kviledag i morgon, det kjenner eg på skal bli veldig godt etter dei to siste etappane. 

Isabella går 20 km i morgon, til neste stopp. 

Vi møtest att i Astorga. 

Middelalderbru over elva Esla.

Mota del Marqués – Villalpando

Måndag 14. oktober

Dag 38, etappe 34

5367 steg, 38,2 km. 

Vakker morgon, med landemerka til Mota bak oss då vi gjekk ut av byen i gryotta. 

Eg slo saman to etapper i dag. Ikkje fordi eg hadde så innmari lyst til å gå langt, men fordi det var meldt masse regn onsdag, då planen var lang etappe til Benavente. Tenkte det var betre å ta den etappa i morgon. 

Men veret skiftar fort her, også meldingane, så ein veit jo aldri. Kanskje kjem regnet i morgon i staden for🫣

Men det har gått greitt å gå så langt i dag. Isabella tok ei anna rute til San Pedro de Latarce, som var første stopp, for lunsj. Ho var nysgjerrig på ei rute i appen Mapy.cz.  

Eg har gått hardt i dag, mellom 5 og 6 km i timen. Eg kom fram til San Pedro ein time før henne. Ho hadde teke nokre avstikkarar. Ho tok ei drosje resten av vegen. 

Kvar og ein lagar sin eigen Camino. Nokre får bagasjen frakta. Andre tek buss eller drosje. Andre går kvar km. Her er alle variantar. Eg har som mål å gå kvar km, sjølv om eg blei transportert ca 20 km då leggen var på det verste. 

Kom fram til Villalpando etter 3,5 time, kvart over 4. 

Grei vandring. Har hatt fokus på å komme meg fram, klare å gå så langt. 

No ventar dusj, tøying og føtene høgt, på eit herberge vi er glade for berre er for nokre timar ei natt. Her er store forskjellar. 

Eg skal gå 29 km i morgon til Benavente. Mykje av vegen går parallelt med bilvegen, så ikkje så spennande etappe. Men slik er det, stor variasjon. Isabella tek bussen. 

Sekken min og eg❤️
Plaza Mayor. Der er alltid ein Plaza Mayor.

Tordesillas – Mota del Marqués

Søndag 13.oktober

Dag 37, etappe 33

35910 steg, 24,7 km. 

God natts søvn på det fantastiske herberget i Tordesillas. 

Frukost på bar, og vi la veg igjen. 

Slik går no dagane😂 

Nydeleg ver, det var meldt opp i 22 grader. 

Rosa lys og sløyfe på rådhuset, til støtte for brystkreftramma.
Ut frå Tordesillas.

Litt kjedeleg etappe i dag. Mykje parallelt med motorvegen. Underlaget var litt steinete, tungt og vanskeleg å gå på. 

Det er flatt, rundt 750 moh, og slik skal det vere i allefall 3 etappar til. 

“Åker” med Solcellepanel – i soloppgang.

Kaffi og mat i Vega de Aldetronco, etter vel 16 km. 

8 km att til Mota del Marqués, denne delen var mykje kjekkare, her gjekk Caminoen ute i terrenget, og underlaget var betre. 

Å komme seg forbi her, var ei lita utfordring.

Vi hadde litt slik søndags-tur tempo på gåinga i dag. Var framme i Mota litt før tre. 

Mota de Marqués er ein liten by med ca 360 innbyggarar. 

På toppen ragar ruinane av Mota de Marqués – borga. Dette er ei rund borg, einaste bevarte i provinsen Valladolid. Opphavet er ukjent. 

Ved foten av høgda ligg også ruinane etter kyrkja Salvador. 

Ruinane i bakgrunnen for dagens kyrkje.

Vi er i tankeboksen på morgondagen, 20 km til San Pedro de Latarce, eller 40 til Villalpando🤔 

Foten er mykje betre, han murrar berre bittelitt av og til, så har trua på at dette skal gå bra👍🏻

Undervegs, i Villavieja.
Kjende stadar – vi er nær det meste no.
Mota del Marqués.

Medina del Campo – Tordesillas

Laurdag 12.oktober

Dag 36, etappe 32

36499 steg, ca 24 km. 

Vi er på veg nordover, Tordesillas ligg nordvest for Madrid. Vi har 7 etappar att til Astorga. 

I dag var det meldt regn, og det kom etter ein god time på vegen.

Då passa der supergodt å komme fram til byen Rueda etter 12 km. Vi stoppa ved ein kombinert bodega og restaurant. Fantastisk koseleg plass med eit personale som elska jobben sin, verka det som.

Eg gjekk ut att for å ta vekk gjørme på skoa, men – nei, det var ikkje nødvendig, og ein av dei tilsette kom ut og leia meg innatt. 

Vi følte oss veldig velkomne, og alle var så interesserte i å høyre om pilgrimsvandringa vår. 

Vi åt brunsj her, og vi fekk servert litt kvitvin frå bodegaen. 

Dette vart verkeleg ei hyggeleg oppleving. 

Vi ringte herberge-verten herifrå og sa at vi var på veg. Vi skulle møte han på Plaza Mayor når vi kom til Tordesillas.

Rueda var ein koseleg liten by.

Festpynta by.

Då vi starta oppatt, begynte det å blåse og regne igjen, men heldigvis fekk yr og storm rett, det slutta igjen etter kort tid. Og etter kvart skein der opp, og blei skikkeleg varmt. 

Vi kom fram til Tordesillas i halv 3-tida, etter å ha sett byen “der framme” lenge. 

Entra byen over ei fin bru frå middelalderen – over elva Douro
Endeleg framme, Plaza Mayor.

Koseleg by, og fantastisk hyggelege og hjelpsame folk, mellom anna verten på herberget, Antonio. Han ordna det slik at vi fekk oss middag, sjølv om vi var for seint ute, eigentleg. 

I dag er det Fiesta Nacional her i Spania. Det er ikkje så mykje vi merkar til det, anna enn at det har vore uvanleg mykje folk ute, i gatene og på varar, der dei har kosa seg med god mat og drikke. 

Herberget her er det flottaste vi har vore på. Det var tidlegare ein bodega her, på slutten av 1800-talet. Så stod huset til forfalls, og blei restaurert og bygd om til herberge for tre år sidan. Tverrbjelkane i taket er originale. Her har dei alt, m.a vaskemaskin og tørketrommel, fullt utstyrt kjøkken. Og det er reint, og med dekke for pute og madrass. Ingen sjølvfølge! 

Pilgrimspass.
Utanfor herberget.
Antonio og Isabella.

Ei natt her skulle han ha 5€ for. Vi gav han 10. Eg tenkjer på andre plassar vi har budd og betalt 5€ for, som ikkje var verdt dét ein gong. For å bu på slike herberge, må ein ha pilgrimspass. 

Tordesillas var ein viktig by for 5-600 år sidan. Det var t.d. her at Spania og Portugal signerte avtalen i 1494, om korleis dei erobra områda i Sør-Amerika skulle fordelast dei i mellom. Dei blei einige om å dele dei i to, og Portugal fekk det som i dag er Brasil, medan Spania tok resten. 

År 1494

Ikkje akkurat ei historie å vere stolt av, meiner no eg.

I morgon går vi vidare til Mota del Marqués. 24,7km. 

Fleire glimt, mellom anna eit- tre par av veggmåleria her.

Quasimodo😂🤣

Arévalo – Medina del Campo

Fredag 11.oktober

Dag 35, etappe 31

51127 steg, 33 km. 

Fantastisk morgon, med frukost på ein serveringsstad langs vegen, etter eit par km. 

Vakker romersk bru og ark, på vegen ut av byen.

Flatt landskap i 700m høgde, etappen minte meg om etappane i Castilla La Mancha, med eviglange vidder og lite variasjon. 

To kaffi- og matstopp undervegs, siste i San Vincente del Palacio. 

Siste 8-9 km parallelt med motorvegen inn til Medina del Campo. 

Ein sort magnolia.

Då fekk eg regnet på meg, når 2 km att. 

Kom fram til Medina litt før 5. 

Lang etappe, er rett og slett sliten. Hovudet er fullt av bomull, kjennest det ut som, etter dårleg søvn førre natt. 

Innlosjering på alberguet her, eit tidlegare kloster. 

Kvar sitt rom. Med handklede👏🏻 og sengetøy!

Herberget t.h.

Her i Medina må vi bestemme oss for om vi skal ta Camino Levante til Benavente eller Sureste (dei går litt saman, nokre stadar). Vi har hamna på Sureste, der er lengda på etappane mest sympatiske i høve såre bein. 

Så i morgon ventar Tordesillas, 24 km. Og det er meldt regn.

Gotarrendura – Arévalo

Torsdag 10.oktober

Dag 34, etappe 30. 

39516 steg, ca 29 km. 

8 grader ved start kl 6.40. Mørkt, avhengig av hovudlykt når ein startar så tidleg. 

Stjerneklar, vakker morgon.

Ut frå Gotarrendura, 6.40.

Det har vore kjøleg haustver i heile dag, men sola varma godt etter kvart. Ingen regn i dag heller, lurer på om vi har flaks, eller om det kjem veltande innover oss frå Galicia snart, hjelp! 

Vakkert kjedeleg landskap.

Vi har bevega oss ute i “huttiheita” i dag. Ikkje mykje liv og røre, mange av ungdomane flyttar ut, og dei eldre blir att, slik som i Norge. Dei to første stadane vi kom innom i morgontimane, hadde ingen bar open før kl 10. Men til slutt fekk vi oss kaffi og frukost i Tiñosillos. 

Fram til Tiñosillos gjekk vi gjennom flatt landskap med hausta åkrar, så langt auget rakk. 

Frukost her👍🏻😆

Etter denne byen gjekk vi gjennom furuskog. Heilt fantastisk å gå her, på sti med fin sand. Kilometer etter kilometer, rett og slett nydeleg! 

Nesten alle trea var utstyrt med “bøtter” for utvinning av kvae. 

Km på km gjennom furuskogen
Oppsamling av kvae

Ankom Arévalo halv tre, ein halv time før vi hadde kalkulert. 

Bur på Albergue donativo, og vi har fått selskap av ein irsk syklist, som kjem motsatt veg, frå Santiago til Valencia. 

Inngangen til herberget
Golvet i gangen

Heldigvis er det to rom på herberget😉. I har begynt å bli bortskjemde med å vere åleine på overnattingsstadane. 

I morgon er det 34,4 km til Medina del Campo.

Det går vel bra, det også👍🏻

Fleire glimt:

Vi er i Castilla y León, og storkereir på kyrkjene.
Dronning Isabela og Isabella😊
Berre veggen att.

Ávila – Gotarrendura

Onsdag 9.oktober

Dag 33, etappe 29

33847 steg, ca 26 km. 

Frukost på herberget, Isabella laga scrambled eggs og kaffi. Heldige meg❤️

Kl 06.45 starta vi, med lykt. Etter omlag ein time var det lyst. 

Ankom Cardeñosa etter halve distansen, kaffi og spansk tortilla der på ein bar. 

Banksy her, i Cardeñosa?🤔

I dag har det vore vindfullt å gå. Men heldigvis ikkje regn. 

Nydeleg etappe, med fine stiar, slik eg hugsar dei frå Castilla y León i fjor. 

Stor variasjon i landskap, og så har vi støtt på kyr undervegs. Meir dyr her enn i Castilla la Mancha. 

Ankom Gotarrendura halv 2. 

931 moh, 167 innbygg.

Ein gudsforlatt plass – om eg kan seie noko slikt i dette gamet. Men utruleg hyggelege og hjelpsame folk.

Her bles vanvittig, trur det må vere stiv kuling. Isabella prøvde henge opp si fyre Patagonia-jakke. Og plutseleg var den vekk! Ut på leiting, eg ut på jordet, inga jakke.

Kanskje hadde den blåst over taket bort til naboen? Vi tok eit sykkelstativ, og kven skulle tru at høgdepysa meg torde klatre opp – i badesko, og kikke ned i patioen til naboen. Der var jakka! No er det berre å håpe at naboen kjem heim i løpet av ettermiddagen🤞🏻😆

Sykkelstativet var fin stige👍🏻😆

Middag her på den einaste baren, kl 16. Ho som møtte oss på baren då vi kom og gav oss nøklar til herberget, har laga nydeleg mat til oss. Ho heiter Maribo, og kjem frå Venezuela.

Fine folk❤️ Og på baren møtte vi naboen, som jobba der. Så då var jakka berga🙏🏻

Her er ingen butikk, eller matbutikk. Men etter 3,7 km i morgon kjem vi til ein plass der vi kan ete frukost. Vi skal klare ein bra distanse i morgon då💪🏻 Då går vi til Arévalo. Ca 28 km. 

PS:

I går fekk eg melding frå Anunciación, kvinna som inviterte meg på kaffi på veg til El Toboso. Ho skulle gå Camino frå Sarria til Santiago. I går var ho framme:

Anunciación framme i Santiago❤️

Fleire glimt frå dagen:

Kviledag i Ávila

Tysdag 8.oktober

Dag 32

Det er ikkje lett å vere i ro når ein har mykje å gjere. 

Har vore på Decathlon (tok buss…) og kjøpt meir ullklede. Det er kaldt her oppe i fjella, og når vi kjem til Galicia kan vi vente oss allslags ver i slutten av månaden. Til og med snø.

Eg har vore på postkontoret og sendt heim klede eg ikkje treng meir her. 

Og eg har vore hos lege (tok buss…) og fått resept på betennelsesdempande medisin. Eg endar vel opp med å bli ekspert på både taping og behandling av denne skiten, skulle klart meg fint utan🤔

Så eg har ikkje fått sjå allverda av denne fine byen. 

Mange koseleg butikkvindauge her.
Kaffi på baren Santa Teresa.
Santa Teresa de Ávila, byen sin helgen.

Bymuren rundt gamlebyen er frå Middelalderen. Den er over 2,5 km lang rundt, har 87 tårn og 9 portar. Den har 2500 taggar, og muren her er den best bevarte av sitt slag i verda.

Det er Spania sin nasjonaldag, Día de la Hispanidad, 12.oktober. Dagen blir også kalla Columbus-dagen, til minne om at Christoffer Columbus gikk i land på Bahamasøyene 12.oktober 1492.

Dette er generelt ein skulefri dag for ungane, men elles inga feiring blant folk. Offisiell feiring er ei militærparade i Madrid med kongen til stades. Her i byen såg vi stridsvogner oppstilt ved muren i dag, kanskje skal dei ha ei slags markering her også? 

Såg det var spennande for barna å komme opp på desse monstera, ikkje særleg kjekt å sjå, tykte eg.

Det har bore kaldt her, 13 grader, men litt vind i tillegg, 16 grader midt på dag. Overskya. Det er meldt regn i Spania heile veka, då det er spennande dagar vêrmessig. 

I morgon skal vi gå til Gotarrendura.

24 km. 

San Bartolomé de los Pinares – Ávila

Måndag 7.oktober

Dag 31, etappe 28. 

40084 steg, 28,8 km

Starta dagen med litt hurtigfrukost på herberget. Ingen bar open på ein måndag… 

Tidleg opp, å gjere seg klar med all taping på leggen/leggane tek si tid😊

I dag var det meldt regn, vi valde å gå bilvegen. Å gå i gjørme var lite freistande. 

Vi gjekk oppover, og høgaste punkt på dagens etappe var omlag 1400 moh. 

Haustfargar i fjellet, og beitande kyr og hestar såg vi undervegs. 

Det gjekk i grunnen greitt å gå på bilvegen. Bilane køyrde forsiktig, ingen kvit midtstripe på denne vegen. 

6-7 km før vi var framme, kom regnet, og det til gangs. Regnet rann frå regnponchoen og ned i skoa, så blei ganske så våt, ja🌧️

Då vi endeleg ankom Ávila, ca 1200 moh, var det 13,5 grader, og vi var iskalde. Men slik er det i dette gamet; vi må ta det som kjem.

Då vi gjekk inn i byen, var det nesten ein time meir med gåing for å komme til herberget, som ligg rett utanfor bymuren mot vest.

Til gjengjeld er det eit veldig bra herberge👍🏻

Registrering og stempling av pilgrimspasset.

Klevask (vaskemaskin her) og mat, har vore ettermiddagens syssel her (som vanleg), pluss å tørke sko. 

Kviledag i morgon, eller kort etappe? Det er det vi har grunda på i ettermiddag. Isabella treng kviledag pga smerter under føtene, og eg….. treng det jo, eg og👍🏻 Herberge-verten sa vi kunne vere både to og tre netter meir, om vi hadde behov for det, fordi det er så få pilgrimar no.

Vi har landa på kviledag begge to, og går for det. Så får det stå si prøve i høve vêr og vêrmeldingar dei neste dagane🤞🏻 

Fleire glimt frå dagens etappe:

Endeleg letta det opp.
Gamlebyen i Ávila er oppringa av desse flotte murane.
Mange koselege plazaer.
Ein av portane til gamlebyen. Frå aust.
Katedralen.
Plaza Mayor.