Almansa – Alpera

Laurdag 14.sept. Dag 8, etappe 8. 

36220 steg, 22 km. 

Eg er ute på landet, vandrar på dei manchegiske sletter.

Her må alt planleggast, skal eg få mat i meg. Ingen små byar undervegs, til å sette seg ned og nyte ein Café con leche. Saknar det litt, men det endrar seg vel når eg nærmar meg større bustadområdet etter kvart. 

Dårleg natt bak meg då eg starta. Blei fortalt at eg skulle dele rom med ei annan. Men ho kom jo aldri, det var såpass stressande at – typisk meg – eg fekk ikkje sove. 

Men det har gått bra å gå i dag likevel. 

Har delt etappen Almansa-Higueruela i to, synst nærare 40 km blir i drygaste laget. Må passe meg så beina tåler belastninga. Så tok ein liten omveg til Alpera. 2,5 tusen innbyggarar, koseleg liten by, med hyggelege folk! 

Vakkert handarbeid pryder gata inn til eit eldresenter.

Byen ligg på 850 moh, og er okonomisk basert på jordbruk og skotøy-produksjon. Vinproduksjon er viktig, det var tydeleg undervegs, med store vinplantasjar. 

Har innlosjert meg på Albergue de Peregrinos, enkel standard til 7 €. Har det heile for meg sjølv.

Men eg veit at der er ein italienar foran meg i løypa. Lurer på om det er han som etterlet seg spor på vegen, skostorleik ca 50🤔 Berre det å finne same avtrykk tre dagar på rad, har gitt meg ei kjensle av ikkje å vere åleine på vegen🤩

Ein blir lett å glede i dette gamet🙏🏻 

I dag er det fest i Alpera. Då er supermarked stengt, m.a., og alle dressar seg opp. Det er 14.sept, dagen då dei ærar Jesu kors, med eit folketog gjennom gatene.

I morgon er det Higueruela som ventar. Ca 22 km. 

Vatningsanlegg langs vegen.

La Font de la Figuera – Almansa 

Fredag 13.september. 

Dag 7, etappe 7. 

Steg: 41964. 27,6 km. 

Tidleg opp. Fekk servert deileg frukost av den nydelege vertinna, før eg la i veg. Vermeldingane melde fare for regn. Mørke skyer det meste av føremiddagen, men eg gjekk klar av regnet. Litt kjøleg dag, har gått med ull, langarma i starten. Deileg temp for vandring. Litt kjøleg også resten av dagen, pga av vind.

I dag har eg entra ein ny region, Castilla La Mancha. Merkinga av ruta blei annleis, gule piler på blå bakgrunn. 

Litt stigning i starten, men elles har det vore flatt, på stiar og vegar over uendelege manchegiske sletter. 

Det er alltid litt spenning knytt til å legge ut på ei såpass lang etappe, der det ikkje finst byar undervegs med høve til å kjøpe mat. Må planlegge litt ekstra. 

Ankom Almansa i 14-tida. 

Almansa i sikte. Borga synleg på lang avstand.

Almansa, 713 m.o.h., er ein litt større by, ca 24000 innbyggjarar. Byen er kjent for sin Moros y Christiania-festival, feira 1.-6.mai. 

Dei har også ei flott borg, bygd på 1300-talet. Den ligg ved foten av byen, og har vore ei viktig forsvarsborg.

Eg overnattar på Albergue Esclavos de María, var heldig å få seng, hadde ikkje booka på førehand. 7€.

I morgon ventar Alpera, ca 22 km. 

Seng til 6€, tomannsrom.
Liknar på eikenøtter, men blada er ikkje eik….

Moixent – La Font de la Figuera 

Torsdag 12.sept. Dag 6, Etappe 6. 

28789 steg, 17,1 km. 

Så var eg i gang att. 

Etter ei avslappande veke i vakre Valencia, tok eg toget til Moixent i gryotta i dag. 

No må eg venje meg til å vandre igjen. Det tek nokre dagar før beina har tilpassa seg. 

Temperaturane har gått mykje ned. I dag tidleg måtte eg starte med ei tynn langarma ulltrøye. Varmen kjem i løpet av føremiddagen, men ikkje så gale som i august. 

Eg har gått i vidstrakt landskap i dag, der oliventrea og vingardar har dominert. Har observert massevis av vinstokkar som har sett ut til å ha fått sjukdom på seg. Og mykje goldt landskap, grå og tørr leirjord, etter all varmen som har vore. 

Blir neppe mykje god spansk vin her.

Klarte å misse pilene undervegs. Gjekk i eigne tankar, og plutseleg hadde eg glippa eit vegskifte. Men eg møtte på dei att etter ei god stund, der eg fekk hjelp av google og ein lokal bonde👍🏻

La Font de la Figuera er ein liten by, 520 moh, her bur litt i overkant av 2000 menneske. Den ligg på i sørvest av regionen, på grensa til Castilla la Mancha i vest og Murcia i sør. 

La Font de la Figuera i sikte.

Dette er siste etappe i regionen Valencia. I morgon går eg inn i Castilla la Mancha. 

Allereie starta julepyntinga🎄

La Font de la Figuera er mest av alt kjent for sin spesielle juletradisjon. I Spania er det tradisjon å bruke rødt undertøy på Nyttårsafta. Men folka i La Font de la Figuera har teke denne skikken til nye høgder, med å springe rundt i gatene kun i raudt undertøy. Resultat:  byen har  høgaste førekomst av lungebetennelse i landet🧐

Når Caminoen forlét denne byen, passerer den det gamle offentlege, kommunale vaskeriet som blei konstruert i 1866. Her var det plass til mange, og ein ser spora i steinen der kvinnene har stått og skrubba klede. Dette var ein viktig sosial møteplass for kvinnene. 

Det gamle vaskeriet.
Her stod dei og skura klede. Plass til mange 😊

Eg bur på eit lite og nydeleg Hostal, “Hostal Rural Amable”. 

Casa Rural Amable.

Elskverdig vertinne. Fine rom, og opphaldsrom, og fin uteplass. 40€ inkludert frukost. 

I morgon ventar Almansa, 27,6 km. Og overnatting på Albergue.

Grøne og raude damer – og menn i Valencia🚦

Det er sikkert andre stader med grøn og raud dame for gåande trafikantar, men det er første gangen eg ser det. 

Nokre stader i byen er det gjennomført med trafikklys med dame på eine sida av vegen, og mann på hi sida. 

Eg skal nok ikkje gå etter slike trafikklys når eg i morgon fortsett vandringa på Camino Levante, då er det gule piler og skjell som gjeld 👍🏻

Akvariet i Valencia – El Oceanográfico

eit akvarium i Valencia, absolutt verdt eit besøk. Vi har brukt heile dagen der i dag. 

Anlegget er ein del av Kunst- og vitskapsbyen, og er Europa sitt største akvarium. 

Det har ein kapasitet på å «hyse» 45.000 levande skapningar, av 500 ulike artar. Her representerer dei dei viktigaste marine økosystem på kloden.

Vi har vandra rundt og opplevd ei mengde artar av dyreliv i havet / på land – og ei mengde ulike fugleartar. 

Leopardhai
Flamingo
Pelikaner
Kokosnøttkrabbe.
Natt-dyr.
Hai, ein trua art.

Eit vakkert anlegg, med ein viktig, underliggande bodskap: klimatrusselen med auka global oppvarming, forureining, og overdriven jakt på ulike artar, som truar bestandane. 

Eit skjelett av ein framtidsfisk, som har tilpassa seg den nye marine faunaen: ein mage for cigarillos, ein mage for plast, ein mage for metall, ein mage for elektronikk.

Eit tankekors og ein realitet! 

Valencia 

Herleg med ei veke «ferie» og slaraffenliv i Valencia, før eg startar oppatt mi vandring på Camino Levante.

Valencia er Spanias tredje største by, med over 807 000 innbyggarar. Grunnlagd av romarane i 137 f.Kr. 

Namnet på byen betyr “styrke”, “aktivitet”, frå latin. 

Kunst- og vitskapsbyen (La Ciudad de las Artes y las Ciencias) i Valencia, er spektakulær å besøke. Den ligg i det tørrlagde elveleiet til Turia. Elva rann tidlegare gjennom sentrum av byen, men i 1957 blei byen råka av ein storflaum, og elva blei difor lagt om sør for byen. Dermed blei eit stort areal ledig, og utanom denne «byen», finn ein parkar, sykkelvegar, små tjern, stiar, fontener, blomsteranlegg, kaféar, kunstverk, fotballbaner, friidrett og andre aktivitetsmulegheiter. Mange bruer fører all trafikk over parken. 

Heile området ser ein som «ein grøn tarm» på kartet, og gir folk høve til å forflytte seg over lang avstand utanom all trafikk. 

“Byen” som er konstruert av Valencia sin eigen stjernearkitekt, Santiago Calatrava, blei påbegynt i 1996. Han fekk boltre seg fritt på dette store områder, og i 1998 stod første bygget, Hemisfæren, ferdig, og så blei resten fullført etter kvart. 

«Kunst- og vitskapsbyen»

I dag er det rundt 3 mill besøkande her kvart år. 

Hemisfæren, t.h., var første bygg ferdig.
Framfor «Umbracle».
Den karakteristiske brua over den tidlegare elva.
Kunst- og kulturbygget.

Akvariet, som er ein del av “byen”, er enormt, Europa sitt største, eit område på heile 110.000 kvadratmeter, og 42 millioner liter saltvatn. 

Akvariet, el Oceanográfico.

Valencia er ein perfekt ferieby. Her kan ein bade på fantastiske sandstrender, shoppe i spennande små nisjebutikkar, eller handelshus, og oppleve kunst og kultur, og historie. 

Topp høve for badeliv.

I gamlebyen finn ein den vakre katedralen, der Camino Levante startar. Ein finn vegen ved å følge skjella som er nedfelt i gata.

Katedralen frå nordvest.
Mykje gull og rikdom, bygd i ei tid, 1200-talet, med mykje fattigdom for vanlege folk.

Snart klar for å halde fram på Camino Levante🎒

No er dato bestemt, og flybillettar booka. Reiser til Valencia den 5.sept, og skal der tilbringe ei veke ferie i lag med Oddvar. Litt latmannsliv, med bading i Middelhavet, og sightseeing i denne vakre byen.

Så tek eg toget til Moxent 12.sept, og startar derfrå etappe 6, til La Font de la Figuera, som er siste stopp før eg går inn i ein ny region, Castilla la Mancha.

Kryssar fingrane for legre temperaturar🌡️

På veg heim for ei stund🥵

Ein ting vi skal vere lukkelege for heime i Norge, er at vi slepp slike høge temperaturar. Eg gler meg til å kjenne den avkjølande lufta igjen😊

Etter ei god natt på alberguet i Moixent, tok eg toget til Valencia.

Tilfeldigvis er mi gode, islandske venninne, Sunniva, på ferie her. Eg har gått 2 veker av Camino Francés i lag med henne i 2011, og nokre etappar på Via de la Plata i fjor. Dagen her i Valencia blei brukt i lag med henne. Det var absolutt “dagens sjokolade” å treffe henne❤️

Eg har testa “bubbletea”/tapioca på kinesisk restaurant, og “orxata/horchata – ein drykk laga av ris, med kanel.

Den siste er eg usikker på om eg kjem til å bestille fleire gongar.

Eg var også innom “Oficina de peregrinos”, og sikra meg credencial/pilgrimspass for heile ruta. Det var ei hyggeleg oppleving, og eg blei foreviga framfor kartet over Camino Levante. Og eg fekk eit concha-smykke som gåve🙏🏻

Ei spennande rute, tvers over Spania, dei første 80 mila, til Zamora, gjennom eit område eg aldri har vore (unntatt dei første 5 etappane som er unnagjort😊)

No fly heim.

Xátiva – Moixent, og eg har bestemt meg for å bryte😢

Dag 5, 5.etappe.

45 437 steg, 27,5km

Dette har vore ein lang og hard dag. Lang etappe, opp tidleg, starta litt over 6. Prøvde å gå på, slik at eg fekk gjort unna mest mogeleg før varmen kom.

Det er slik, når du går åleine, så merkar du kor lange kilometrane er. Og spesielt når varmen blir ulideleg etter kl 11. Den siste mila var uuthaldeleg varm, og lang, og eg berre bestemte meg for at dette stoppar eg no, inntil vidare. Det er grenser for kor mykje vatn du kan bære på, og litt i grenseland har det vore med tanke på helse, trur eg.

Gatekunst, – bekymrar seg for framtida overalt, all grunn til med slik auke i ekstremvarme🥵
Soloppgang litt før 7.30.

Eg har gleda meg veldig til å gjere denne lange “sakte-reisa”, og har førebudd meg godt. Hadde sett av to mnd, med avslutning og avslapping i Porto i Portugal. Men veret rår ein ikkje med, flybillettar og togbillett, samt tre overnattingar blei booka i mai.

Skikkeleg nedtur må eg innrømme at det er, men det skal jo vere kjekt også, og det ser eg ikkje føre meg at det blir, med vêrmeldingar på 37 grader ei veke fram i tid. Det har vore, og er, så varmt at det ikkje er triveleg å vere ute, og det er nesten like varmt i skuggen. Sveitten berre renn heile tida, og det er slitsamt😅

Men det er ikkje over. Eg dreg ned att i september, når det er blitt kaldare, og fullfører. Startar her eg sluttar, i Moixent.

Håpar de alle vil følge meg då!

¡Buen Camino!

Nokre glimt frå dagens etappe:

Variert landskap.
Passerte eit fikentre, og gjekk på slang😋
Har oppdaga systemet dei har for merking sv Camino Levante i byane, skjell/conchas på veggen i den gata du skal gå.
Ankomst Moixent.

La Pobla Llarga – Xàtiva

Søndag 4.august: Dag 4, etappe 4.

25931 steg, 16,2 km.

For ein flott søndag dette har vore! Gule piler heile vegen, nydeleg og avslappande å gå etter dei, sleppe å leite opp mobilen for kvart kryss ein møter. Håpar det fortset🤞🏻

Det er ingen herberge i Xàtiva, men bestilte meg rom på Casa Rural Xàtiva i går.

Etter ei god natt på herberget i La Pobla, starta eg vandringa litt før 7. Soloppgangen var ca kvart over 7.

Ankom ein liten, koseleg by, Manuel, etter ca ein time, der eg fekk min etterlengta café con leche. Og eg hamna midt opp i ein fest, som tydelegvis hadde starttid kl 8 om morgonen. Veit ikkje namnet på festen, men kunne likne på liknande arrangement andre stadar i Spania, med prosesjonar med folk i ulike kostymer, eit slags spel om maurarane og spanjolane, frå 1400-talet.

Ulike grupper med ulike kostymer, alle gruppene blei akkompagnert av eit orkester.

Variert landskap og vegar i dag. Gjekk m.a på ein smal sti gjennom tett buskas, og der presterte eg å sjanselaus skli i gjørme. Festleg! Tørka av meg det beste eg kunne, og traska vidare😅

Ikkje alt er like vakkert langs ruta. Også her finn ein private avleveringar av søppel, nitrist å sjå.

Då eg nærma meg Xàtiva, høyrde eg plutseleg nokon rope. Det var ein mann under eit frukttre på andre sida av vegen. Han kom over, og gav meg to store, modne fiken. For ei nydeleg oppleving, eg blei så glad og rørt❤️ Dette var nok “the chocolate og the day”.

Xàtiva er ein veldig koseleg by, passe stor, ca 30 000 innb. Her har både romarane og maurarane regjert. I romersk tid var byen kjend for sine silkefabrikker. Også dreiv dei papirproduksjon til 1151 med arabisk teknologi.

Her er det smale gater, fullt av vakre, små plazaer, og i bakgrunnen ruver fjellet med to borger, som blir kalla “Den største” og “Den minste”. Tidlegare brukt som forsvarsverk, og seinare også som fengsel.

Hadde det ikkje vore 37 grader, skulle eg ha teke turen opp, men det får bli ein annan gong.

I morgon må eg opp tidleg, komme i gang kl 6, helst. Målet er Moixent, 27,5 km. Må få gjort unna så mykje som mogeleg før varmen kjem.

Her ser ein deler av festningsverk og borg på fjellet.
Denne skulpturen frå 2019, av Alfredo Moral, er laga til minne om dei omlag 10 000 republikanarar som blei deportert til Frankrike etter den spanske borgarkrigen. Dei fall i hendene på tyskarane, og sendt i konsentrasjonsleir. Meir enn 5000 av dei døydde. 8 var frå Xàtiva, 2 av dei overlevde.