Salamanca

Dag 26: Kviledag. Steg: 22716

I dag har eg stort sett gått i rusletempo, men likevel teke ein del steg.

Eg har teke føre meg nokre av sjåverdigheitene som står på «must do»-lista: Den nye og den gamle katedralen, Bispepalasset, Plaza Mayor, den romerske brua (igjen), frosken på Universitetsveggen og Biblioteket med skjellveggen (conchas). I tillegg har eg sett på livet og teke det bra med ro…..

Plaza Mayor har no ei utstilling av portrett av personar knytt til poeten og dramaturgen Federico Garcia Lorca i høve 125 år etter hans fødsel. Utstillinga er ein hyllest til han.

Den nye og gamle Katedralen. Vanlegvis er det berre ein katedral i ein by. Men her har dei bygd ein ny i tilknytning til den gamle, slik at dei framstår som ein. Mektige bygg.

Rama Salamanca (frosken i Salamanca) på Universitetsfasaden, er ein ornamentalsk detalj, som har blitt eit ikon for byen. Det skal visst bety lukke for den som oppdagar den først i ei gruppe. Frosken sit på ein hovudskalle. Eg tippar at dette var ein kreativ spøk av den som stod for konstruksjon i si tid🤔😀 Universitetet er det eldste i Spania, frå 1218, men fasaden er frå 1500-talet.

La Rama

Biblioteket er kjent for sin fasadevegg full av skjell, kjennemerket til Caminoane.

Biblioteket med sine skjell.

Og eg har opplevd herleg gatemusikk med cubanske rytmer.

Sangaren kjem få Cuba.

Andre glimt:

Gjekk forbi her, synst det var stilig. Dette er eitt eller anna kommunalt prosjekt for mottak av besøkande, trur eg…..🤔
Gatekunstnar i aksjon.

I morgon ventar Calzada de Valdunciel, 16,4 km. Eg deler opp to lange etappar til Zamora, og brukar 4 dagar på det strekket. Beina likar nok det👍🏻

San Pedro de Rozados – Salamanca – og halvveges.

Dag 25, etappe 23. 23,6 km. Steg: 38495.

Endeleg framme i Salamanca👏🏻 No skal eg visst vere omlag halvveges. Det er godt å tenke på. Dette er ein hard camino, eg er godt sliten i beina. I morgon har eg kviledag, og den skal nytast i opne tå-sandalar😅 Dette var staden der eg skulle møte Sunniva den 15.juni. Men eg hadde planlagt for god tid, så no skal eg møte henne i Zamora i staden for.

Også på dagens etappe hadde eg selskap av tyske Georg. Skikkeleg surt og kaldt, kald vind. Etappen blei unnagjort utan å ha ete frukost. Avtalen med eigar av baren i San Pedro var at dei skulle opne kl 7.30. Men der kom ingen! Skikkeleg ergerlig! Ein liten muffins og ein halv banan var det vi gjekk på, til vi fekk kvar vår yoghurt av våre koreanske caminovener i Morille. Energinivået var ikkje særleg høgt, men kom seg litt etter ein pause med ny banan👍🏻

Ankom Salamanca litt over 13. Verkeleg flott by, trur eg vil tilbake hit på ferie ein gong. Dagens meny på restaurant gjorde susen på energinivået.

Takk for godt turfølge til Georg, som vandrar vidare i morgon. Vi har berre snakka spansk på vegen, så det har vore god trening også språkleg👍🏻 Gler meg til kviledagen her i morgon, før eg igjen er åleine på vegen vidare på søndag🌸

Farvel til veldig vennlege koreanske caminovener.
Salamanca laaaaaangt der framme.
Salamanca.
Framme. Den romerske brua, som leiar fram til gamlebyen, med Katedralen.
Slitne bein på rett veg👍🏻
Foran katedralen.
Ved inngangen til Plaza Mayor.

Fuenterroble de la Salvatierra – San Pedro de Rozados

Dag 24, etappe 22. 27,9km. Steg: 42162

Lang etappe i dag, starta 7.10. Såg ut til å bli regn, men dei mørke skyene forsvant bak oss, heldigvis, men vi hadde litt kjøleg temperatur på dagens vandring. 7 personar på vegen mot San Perdro.

Bestemte meg for dette alternativet, å bruke to etappar til Salamanca, i staden for tre.

Første 2/3 av dagen i dag var gjennom vindmølleland. Men dette var vindmøller med ein heilt anna dimensjon enn dei enorme dei vil sette opp heime. Men bråkte gjorde dei, så bra dei stod der ingen budde.

Vi er litt i høgda, og høgaste punktet i dag var på 1150moh. Markert med ein kors.

Siste 1/3 var på asfalt, veldig trøyttande, og slitsamt for beina.

Bur på herberge, veldig basic, overprisa med sine 12€, samanlikna med andre herberge eg har budd på.

I morgon ventar altså Salamanca, 23,6km, og kviledag lørdag👍🏻

Nok ein variant av pilmerking❤️
Smarte steinar når det har regna mykje.
Ein søt, liten salamander som eg nesten trakka på.
Høgaste punkt
Uendeleg, 8-9 km på asfalt.
San Pedro de Rozados.

Calzada de Béjar – Fuenterroble de la Salvatierra

Dag 23, etappe 21. 20,7 km. Steg: 32871

Sov godt på ca 850m høgde over havet. Frukost, før avgang – regn. Det var slikt sipregn, konstant, i fleire timar, måtte gå med regnponsho 2/3 av turen. Var innom to småbyer på vegen, m.a Valdelacasa, ca 2000moh.

Blei veldig sørpete på vegen av regnet, tungt å gå fordi skoa sank nedi, så måtte leite etter beste plassen å sette skoa.

Men elles flott tur og flott natur.

Ankom Fuenterroble tidleg, og til Albergue Parroquial Santa Maria, donativo, altså vi betalar det vi vil. Dette er litt av eit Albergue, eit samansurium av rom og ting! Eige dormitorium for oss damer, herleg. Det blir kalla Casa Noruega, det norske hus.

Vi er ikkje mange damer på denne Caminoen. Nett no er det ei sveitsisk dame, Isabella, og meg. Resten menn.

Middag i lag på Alberguet. 8 ulike nasjonar rundt bordet: Tyskland, Norge, Spania, USA, Frankrike, Sveits, Italia og Sør- Korea.

I morgon ventar enten Pedrosillo de los Aires eller San Pedro de Rozados, har ikkje bestemt meg enno om eg skal bruke 2 eller 3 dagar til Salamanca.

På veg vidare
Valdelacasa
Framme👍🏻
Alberguet
Casa Noruega
Middag på herberget, 8 nasjonar: Sør-Korea, Italia, Sveits, Frankrike, USA, Spania, Tyskland og Norge

Cáparra – Calzada de Béjar

Dag 22, etappe 20. 33,2km. Steg: 49511

For ein nydeleg dag! Starta kl 6, mørkt, nesten full måne, men på ned. Sola på veg til å gå opp. Kjøleg, flott å gå. Lang etappe foran oss, også i dag selskap på vegen, elles hadde eg ikkje tort å starte så tidleg. Såg ein liten slange midt i vegbana, den var mykje mindre enn den i går, sikkert ein annan sort. Kompanjongen er Georg frå Tyskland. Vi snakkar berre spansk, så god repetisjon for meg.

Gjekk til Aldeanueva på Via Verde, ein veg dei har laga til i ein tidlegare togtrase, så vegen var smoothe, utan ups and downs.

Frukost i Aldeanueva, etter 2,5t, deretter vidare til Baños de Montemayor, kjent for sitt romerske bad. Lunsj her.

Veldig koseleg liten småby.

Høgdepunktet var vegen derfrå til Calzada de Béjar. Nydeleg natur. Vi gjekk i skog, frodig og grønt, grønt, grønt…

Passerte eit herberge/kafé midt ute i skogen, driven av ein tyskar. Vi stoppa og kjøpte cola. 5 nasjonar var vi rundt bordet. Artig oppleving.

I dag har vi forlete Extremadura, og gått inn i eit nytt «fylke» – Castilla y León. Vi har passert det høgdedraget som skil desse to fylka, så det har vore ein del stigning i dag.

Siste stigninga var opp til Alberguet, den var hard etter 3 mil i beina😊 Koseleg vertskap på herberget. Byen her er knøtliten, bur berre 50 personar her, ungdomen har flytta ut….. Ei kjend problemstilling også i Distrikts-Norge.

Fall pladask for dette motivet❤️
Alberguet

Carcaboso – Arco de Cáparra – Hostal de Asturias/Cáparra

Dag 21, etappe 19. Steg: 41337. 30 km

For ein flott dag! Tidleg opp, frukost på bar kl 6.30. Fekk sjå soloppgangen👍🏻

Kjøleg temperatur, nesten overskya det meste av føremiddagen, og føttene fungerer. Herleg å kjenne at ein kan berre gå og gå…

Sekken er blitt lettare etter at eg har kvitta meg med (eller sendt heim) det eg ikkje treng. No tippar eg at den er 8kg, pluss vassflaska.

Min gode ven, sekken❤️

Via de la Plata, betyr «Sølvruta», og dei meiner at denne ruta var romarane sin transportveg av sølv.

I dag møtte vi el Arco, som er ein boge frå denne tida, ein boge/ei ark med 4 ansikt, som ruva som eit spøkelse i det som var ein romersk by. No er berre steinrestar att av husa. Diverre var området avstengt då vi var der (måndag).

Nydeleg terreng å vandre i, variert, og lite asfalt heldigvis. Selskap på vegen i dag. Faktisk mange på dame etappe, heile 8 personar.

Ville dyr? Ingenting anna enn firfisler og ein slange, som skvatt til foran beina mine.

Lang etappe i dag. Hadde planlagt å gå til Oliva de Plasencia, men der var ingen ledig overnattingsstad. Då blei Hostal Asturias i Cáparra eit godt alternativ.

I morgon ventar nok ei lang etappe: Calzada de Béjar, 33,2 km.

Dag 20, 18.etappe: Riolobos – Carcaboso.

Steg: 30405

Søndag, og eg har nesten følt eg var på søndagstur i dag. Har teke det litt piano, sett meg litt rundt…

T.d hadde eg eit vegval undervegs, om eg ville fortsette rett fram til Carcaboso, eller om eg ville ta ein avstikkar til Galisteo, og halde fram på ein annan veg til Carcaboso.

Eg gjorde det siste, og angra ikkje på at eg fekk sjå litt av denne lille byen med murar rundt. Men eg blei då «straffa» med å måtte gå 11 km langs bilveg, på asfalt. Hardt og varmt🥵😅

Ankomst Carcaboso og Albergue Señora Elena. Her er det mange som bur, kanskje kan eg håpe på selskap på vegen i morgon, til Arco de Cáparra og Hostal Asturias.

Galisteo
Romersk bru
Galisteo frå den romerske brua.
Solceller og vindmøller
Håpar vinstokkane har meir vatn enn det ser ut til her.
11 km på denne vegen…..🥵
Eit kjent slagord: Tenk globalt, handle lokalt.

Cañaveral – Riolobos

Dag 19, etappe 17. 19,8 km. Steg: 33571

Det er laurdag, og helg. Det kan gå litt i surr i dette «prosjektet» mitt, kva dag det er. Kvar dag lever sitt eige liv, og det er enkle ting som har fokus: Tidleg opp, stelle seg bittelitt, gjere gnagsår klar for nye påkjenningar, ete frukost (oftast, viss noko er ope), pakke sekk, gå, gå, gå….. komme fram, finne stad å sove, vaske klede,…… Så slik går no dagane😅

Nok ein fin dag har dette vore. Vekt av gneldrande bikkjer før 6. Kjøleg ved start, blei varmare etter kvart, men med ein svalande vind deler av tida.

Eg har gått gjennom furuskog, carob-skog, beitemark og utmark. Gjennom ørten grindar. Alt på nydeleg underlag.

Ikkje mykje ville dyr å sjå på min veg, sikkert for langt på dag for det. Men hadde gleda av å helse på ein skvetten harepus. Kyr og sauer, derimot, er det mykje av.

Ein kan ikkje vere redd for kyr når ein skal gå ein Camino.

Opplevde første såkalla «turnoff». Det betyr at ein må ta av frå Caminoen for å gå til ein by der det finst overnatting. 4 km måtte eg gå etter turnoff for å komme hit til Riolobos.

Her bur eg på Camping Las Catalinas, enkeltrom til 20€. VELDIG hyggeleg vertskap❤️

Camping Las Catalinas.

I morgon står Carcaboso på planen, 20km.

Gammal kyrkje i Riolobos, med tak og tårn fullt av storkereir.

Casar de Cáceres – Cañaveral

Dag 18, etappe 16. 33 km. Steg: 49978

I dag kjenner eg meg letta og glad for at denne etappen er unnagjort. 3,3 mil i variert terreng. Dei lange etappane må ein berre ta, fordi der ikkje finst overnattingsplassar i mellom. Og denne etappen har eg grua meg litt til, så herleg å vere framme i Cañaveral. Siste mila var veldig lang. Tordenver og litt regn i ryggen, jaga meg framover på slutten.

Starta i overskya ver, herleg temp, dvs kjøleg, trudde det ville komme regn. Så klarna det opp og blei ein varm dag.

Møtte på nokre galne hundekvelpar, som knurra og verka aggressive. Vart litt stressa då! Nydeleg å gå, i flotte omgivnadar.

Måtte gå 5km på bilveg, som var veldig trøyttande. Over to høge og veldig lange bruer, der høydeskrekken fekk bryne seg😩 Deretter var det vandring i terreng igjen.

Men – alt i alt ei flott etappe med masse variasjon. Også i dag i fotefara til romarane. Alle som passerer, t.d på sykkel, eller i bil, helsar ein «Buen Camino». Til og med eit tog som passerte, fløyta på meg. Det var hyggeleg oppmuntring for ein sliten kropp😅

Booka enkeltrom på Albergue Cañaveral i dag tidleg. 25 € for eit rom. Lurer på om det er pilgrimspris🤔

I morgon ventar Riolobos, 19,8 km.

Her var eg ikkje høg i hatten, trur det var ein 6-7 hundar.
Når det er grønt og gult på merkesteinen, betyr det at det er tidlegare romersk veg.
Cañaveral i sikte, så nært og likevel så langt i frå….

Valdesalor – Casar de Cáceres. Under 3/4 att.

Dag 17, etappe 15. 23,2 km. Steg: 38490

Nok ein flott dag, med sol og varme. Fin vandring på godt underlag, også i dag. Fantastiske vidder så langt auget rekk. Hadde selskap av mine tyske vener til Cáceres. 11 km i godt selskap går fort. No var deira reise slutt i denne omgang, tilbake til jobb i Tyskland. Og eg er no åleine på vegen att. Slik er det.

Takk for hyggeleg selskap i 2 dagar🙏🏻

Gjekk vidare til Casar de Cáceres kl 12, gjennom gamlebyen av Cáceres. Rota litt for å finne vegen, dårleg merking. Truleg fordi bydelen er historisk, den blei bygd av romarane i første århundre f. Kr, står på UNESCO si verdsarvliste. Så då er det vel slik at den ikkje kan «skjemmast» med gule piler?

Etter kvart var sola begynt å varme skikkeleg, så det blei ein varm tur til målet. Litt stigning i dag, over eit høgdedrag. Framme i halv 4-tida, midt i siestaen, booka inn på Albergue de Peregrinos, 6€ for ei seng. Meget enkel standard.

I morgon ventar Cañaveral, eller kanskje Grimaldo.

Vidare mot Casar de Cáceres
Velkommen til Casar de Cáceres