Real de la Jara – Monesterio🍀

Dag 6, etappe 6.

Tidleg opp for å rekke Monesterio før regnet kjem, rundt 12.

Kald start kl 7, tåke.

Overnatting på Hostal Extremadura, med enkeltrom og eige bad til 12€ = luksus🙏🏻

I morgon ventar Fuente de Cantos, 2 nye mil.

2 mil var langt nok med gnagsår, men eg kunne glede meg over å vandre i flott landskap. Ein nydeleg tur gjennom velstelte beiteområde, og gjennom eukalyptusskog.

Almaden – El Real de la Jara

Dag 5, etappe 5.

Nydeleg tur på 13,7 km. Opp kl 5.30, frukost på ein bar før «avgang». Vegen gjekk fortsatt gjennom naturalparken, med store kork-tre, nydeleg underlag: berre grusveg, opp- og ned, så veldig variert. Vakkert landskap.

Passerte mange gardar, ulike dyr der, m.a. svarte grisar, som vi har den iberiske skinka frå😋

Gjekk i lag med Gert og Maik frå Tyskland, og Hugh frå Australia. Hugh gjer sin 15. camino, har gått Via de la Plata 4 gangar før, så han har mykje kunnskap vi andre nyt godt av.

Skya ver, det meste, 15 grader i starten, rett og slett kaldt😂

Overnatting på Albergue Molina, luksus: eige rom😃😴

I morgon ventar Monesterio😊

Vil gjerne fortelje denne spesielle historia om Maik (t.h) og Gert (t.v). Maik gjekk Camino Frances i 2020. Der opplevde han å bli fråstolen pass, kort og pengar, og fekk ikkje tatt ut noko i bank fordi han ikkje kunne identifisere seg. Så prøvde han å finne andre tyskarar på Caminoen, for å «låne» pengar til å fullføre turen. Der fekk han hjelp bl.a av Gert, som lånte han 50€. Maik betalte med paypal tilbake. Så skjer det altså på denne Caminoen at Maik og Gjert møter kvarandre att på Albergue i Guillema på onsdag, heilt tilfeldig. I tre dagar har vi vore i same vandregruppe, men i dag gjekk Gert heilt til Monasterio.

Å bu på herberge…

Å bu på herberge kan vere noko ein vegrar seg for, ingen luksus, dele rom med fleire, og alle herberge er ulike. Men her bur ein for ein billeg peng, og ein ven seg til det. Her er eit par bilete frå Albergue de Reloj. Enkelt og koseleg. Og veldig hyggeleg vertsskap!

Kanskje ein av grunnane til at eg taklar det, kan vere mi fortid som interrailar, der vi overnatta på sovesalar på ungdomsherberge.

Når ein skal vandre i løpet av så mange veker, så blir det dyrt å bu på hotell kvar natt.

Eg opplever alle slags folk som går Caminoen, og vi blir som ei familie etter kvart.

I morgon har eg tenkt å splitte opp «normaldistansen» på over 3 mil, slik at eg går til El Real de la Jara. Dette betyr at dei eg har gått i lag med dei siste to dagane, går vidare, og eg møter nye folk å slå følge med. Slik er det, ein del av opplevinga.

Ankomst Almaden de la Plata – 94 mil igjen, og eg har fått første blemma😊

Dag 4, etappe 4.

28,5 km i dag, 16 av dei på asfalt/ langs bilveg. Starta tidleg, kjøleg temp, soloppgang.

Fekk mi første blemme på denne turen. Det er liksom ein del av det å vandre, må gjennom det. Då er det fram med nål, og gnagsårplaster, og håpe det «er til å gå med»😂

12 km gjennom Parque Natural Sierra Norte, flott vandring gjennom parken, avslutta med litt av ei stigning til toppen, der det berre var å få den bakken unnagjort i ein fei🥵😅

Hadde bestilt rom på Albergue de Reloj dagen før, fordi vi visste her var få sengar. Her er superkoseleg å vere, og ein nydeleg by, kvit, gammal by, «pueblo blanco».

Felles middag, spleiselag, på kvelden, med dyktige kokkar, var hyggeleg avslutning på dagen.

I morgon ventar El Real de la Jara, berre 13,9 km. Har tid til å ta det med ro, deileg❤️

Guillena – Castilblanco de los Arroyos

Dag 3, etappe 3.

Flott vandring i dag, ca 19 km, mesteparten gjennom eit fint jaktområde, med flotte oliventre og hoppande kaninar. Underlaget – slik eg likar det, med grus. Siste halve mila langs ein bilveg….

Eg er einaste dama som går nett no, men eg nyt godt av kunnskapen til mange erfarne pilgrimar. I dag har eg vandra i lag med Hugh, pensjonist frå Australia, og Maik, 35 år, frå Tyskland. Kjekt å gå i lag med nokon av og til.

Bur på Albergue de Peregrinos de Castilblanco de los Arroyos. Det er eit Albergue donativo, som betyr at ein betalar etter evne. Vanlegvis betalar ein då 10€. Det er jo til å leve med. 18 personar er det plass til på sovesalen. Vi er vel 10 i natt, trur eg😴

I morgon ventar Almaden de la Plata, 28,3 km.

Santiponce – Guillena

Dag 2, etappe2.

Slow start, må venje kroppen og – ikkje minst – knea mine til å tåle at eg går med sekk, og altså plutseleg har «lagt på meg» over 10 kg.

Kryssar fingrane for at dei ven seg til det🤞🏻

Flott vandring i dag, på sjølvaste nasjonaldagen🇳🇴🇳🇴🇳🇴 Har gjort mi plikt og sunge «Ja, vi elsker» fleire gangar der eg har vandra på grusveg gjennom område med store solsikke- og kornåkrar. Mange syklistar har dradd forbi, alle ønskjer «Buen camino», det er ein veldig hyggeleg gest🙏🏻 No ankomme Albergue Luz, og fått meg ei seng for natta, i eit dormirorio for damer (som eg hadde åleine, sidan eg var einaste dama der). Verten på herberget, Peter, er tysk, og ein sprek 83-åring! Utruleg hyggeleg og full av energi😊 Anbefalar!

Her er til og med frukost inkl i prisen av 14€👍🏻

Sevilla – Santiponce

Dag 1, Etappe 1.

Endeleg fekk eg ryggsekken! Nydeleg å få den telefonen frå flyplassen! Kunne starte frå Sevilla kl 11. Kryssing av elva Guadalquivir over brua Triana, og vidare retning Camas og Santimonce. Kun 1 mil med vandring i dag, og det var meir enn nok, kjende eg. Det var varmt, og hardt underlag. Mykje asfalt og harde fortau. Minnast muskelstølheita vi hadde på første etappe då eg gjekk Camino Frances. Når eg overlevde og vende meg til det då, så går det vel bra denne gongen også.

100 mil, og 99 igjen. No er det for seint å angre😂 I morgon ventar nok ein varm dag, og Guillema, etter ei natt på koselege Hostal Italica😴

Via de la Plata – VDLP. Sevilla – starten for «Sølvruta» til Camino de Santiago.

I fleire månader har eg planlagt dette, å gå Sølvruta til Santiago de Compostela. Skulle gå i lag med ei venninne, men sidan ho blei hindra i å delta pga sjukdom, så gjennomfører eg planen åleine. Viss eg greier det, vel å merke! Eg skal møte mi islandske venninne, Sunniva i Salamanca, og gå i lag med henne siste tre vekene. Ruta er lang, 100 mil. Blir spennande å sjå om knea held. Har drive mykje styrketrening siste par månadane, under kyndig rettleiing av manuellterapeut Sunde: https://mtsunde.no/

No er eg meir eller mindre stuck her i Sevilla. Ryggsekken kom ikkje fram, så no går eg i uvissa, kor tid kjem den? Utan anna enn det eg står og går i, så er handlingsrommet litt lite😃 Men ein rusletur mot katedralen og klokketårnet Giralda har det blitt, i 30 graders varme (utan solbriller, som ligg i sekken😎)

Glimt frå vår vakre kyst i Sogn og Fjordane

Kysten av Bremanger og Kinn – vest i Sogn og Fjordane, med Botnane og Årebrot, er kanskje ikkje dei stadar som er mest kjende, eller besøkte. Dei ligg litt utanfor allfarveg, og vegstandarden er ikkje akkurat den med gul midtstripe.

Men dette er perler av nokre stadar, og absolutt verdt eit besøk. Først i 1993 fekk Botnane vegsamband med omverda, men langs vegen kan ein sjå fleire gravrøyser, som vitnar om at det har budd folk her gjennom lange tider. Fram til vegsambandet var på plass var sjøvegen einaste framkomstmiddel, frå ca 1890 har ein kunna komme dit med rutebåt frå Florø.

Diktaren Jan-Magnus Bruheim budde i Botnane i fleire år, frå 1978 til 1985. Han var produktiv medan han budde her, gav ut heile 11 av sine 45 bøker her. Han kom frå Skjåk i Gudbrandsdalen, men hadde ein lengt mot kysten, og åra her ute gav ny næring for diktinga hans. Han skreiv jordnært, og var oppteken av mellom anna «å høyre til»:

Å høyre til

Vondt er av alle andre
bli trakka på og trengd.
Men vondare å veta
at du er utestengd.

Det er så mangt i livet
du ventar deg og vil.
Men meir enn det å vera,
er det å høyre til.

Jan-Magnus Bruheim

I 2018 vart «Diktarstien» i Botnane opna, der du kan gå ein natursti med dikt av «Bruheimen», som han blei omtala av bygdefolket.

Eitt av stoppa på «Diktartien»
Kven kjenner seg vel ikkje treft av teksten her?

Baskerland – ei eiga verd i Spania, og eit paradis av pinchos.

Baskerland er ein av dei autonome provinsane i Spania som eg ikkje hadde sett tidlegare, og den har lenge stått på lista mi over stadar eg gjerne ville besøke.
Denne sommaren la vi turen dit, og sette oss på flyet til Bilbao, via Madrid. Baskerland ligg i Biscayabukta, heilt i nordaust på grensa mot Frankrike, og ved foten av den vestlege delen av Pyreneane. Klimatisk er det litt likt Norge, litt ustabilt, reBaskiskgnar ein del, berre noko varmare.
Offisielle språk er spansk og baskisk. Baskisk er eit språk utan slektskap men andre kjende levande språk, og er altså å rekne som det einaste isolerte språket på det europeiske kontinent. Vedlagde bilete på ordet «informasjon», talar for seg,  umogeleg å forstå……
Vi fekk veldig godt inntrykk av baskarane, og opplevde dei som vennlege og stolte folk.
Vi besøkte mange stadar i den nordlege delen av provinsen, mellom anna:

Guernica / Gernika:

Eg har hatt gleda av å stå i museet Reina Sofia i Madrid og studere Picasso sitt meisterverk «Guernica. Med sine 3,5 m høgt, og nærare 8 meter langt – så gjer det eit usletteleg inntrykk å observere korleis Picasso skildra den tragiske bombinga av Guernica5Guernica i gryotta måndag 26.april 1937, og lidinga til både menneske og dyr. Å vandre rundt i Guernica, og oppsøke historiske stadar og viktig informasjon om hendingane, gjer inntrykk.

Guernica-treet.

Baskarane var ingen tilhengarar av general Fransisco Franco, og jobba for ein Baskisk republikk med rett til sjølvstyre. I 1931 samla alle dei baskiske nasjonalistiske ordførarane seg i Gernika, der dei under Gernikatreet proklamerte den Baskiske republikk, med rett til sjølvstyre. Republikken blei kortvarigGuernica4 fordi den spansk borgarkrigen starta i 1936, og den baskiske regjeringa måtte gå i eksil. Men motstanden mot Franco var sterk under den spanske borgarkrigen, og Franco let Hitler teste ut sine våpen med ei «bombe-treningsøkt» over Guernica denne aprilmorgonen i 1937.
Franco påstod at det var baskarane og sosialistane som hadde bomba seg sjølv, og dette var ei offisiell «sanning» i Spania gjennom heile diktaturtida under Franco, til han døydde i 1975. Den engelske krigskorrespondenten George L. Leer, var den første som fortalde verda om bombinga, publisert både i The Times og New York Times onsdag 28.april. Og denne artikkelen var det som inspirerte Picasso til å måle dette berømte måleriet, som måtte bergast unna Franco og fraktast i «eksil» i USA, før det til slutt kom tilbake til Madrid i 1981.

Bilbao.

Bilbao er ein viktig havneby, og kjent for sitt Guggenheim-museum. Byen opplevde ei krise når dei m.a. mista viktig skipsverftsindustri, og det var nødvendig å tenkje nytt i Bilbao20byplanlegginga. Det blei mellom anna satsa stort på kultur, for å gjere Bilbao attraktiv som ein moderne turistby.
Det blei vedteke å bygge eit museum, teikna av arkitekten Frank O. Gehry, under kraftige protestar frå befolkninga, og museet blei innvia i 1997. Alle protestar har stilna etter at bygget har medført ein enorm auke av besøkande til byen, og har bidrege til ei kulturell oppblomstring.

Det var berre kjempeflott å sjå dette vakre bygget, og vandre rundt både inne og ute, og nyte alle den flotte kunsten, og dei flotte og spennande skulpturane rundt.

Bilbao19Bilbao11


Bilbao er ein by det er lett å orientere seg i, pga. elva som renn gjennom byen, og alle dei mange bruene. Kan minne litt om Praha i så måte. Den gamle bydelen har sine koselege smale gater og Bilbao12utestadar, og sine typiske plazaer. Her kan du overalt nyte ulike pinchos og eit glas vin til ein billeg peng, slik som alle andre stadar i provinsen.

 

 

Bilbao14

Eit eventyr av pinchos……

Baskerland er altså kjent for sine pinchos, som er deira eigen form for «tapas». Alle restaurantar har sine variantar av desse smårettane, som er ei nyting å sjå på – og ei nyting for ganen. Små kunstverk, og du plukkar ut dei du vil ha, og så kan dette vere lunsjen din, eller middagen din. Smart!

Her er bilete frå eit par restaurantar i Bilbao:

San Sebastián.

Ein kan ikkje besøke Baskerland utan å dra til San Sebastián.

Det er det fremste turistmålet i provinsen, og det merka vi. Her er det mange turistar, spesielt amerikanske, men dei held stort sett til i Gamlebyen. Viss ein styrer unna denne delen, og flyttar seg over til den andre sida av elva, så får ein oppleve meir den delen der spanjolane sjølve oppheldt seg. Mykje rolegare, og trivelegare.

SB9
Byen ligg vakkert til ved havet, med stranda Concha (betyr muslingskjell), som blir rekna blant dei finaste i verda. Concha -skjellet er også symbolet for Pilegrimsvegen, slik vi har T-ane i den norske fjellheimen.
Strandkulturen her er ulik andre turiststadar. Her kjem «heile byen» hadde vi inntrykk av, og stranda er viktig rekreasjonsstad for folket. Ingen solsenger og solparasollar å leige, alle tek med seg sitt handklede og legg seg ned der det er ledig plass. Ingen plagsame seljarar, ingen iskioskar, roleg og stille, ungane kosar seg, ingen herjing og skriking, og – det mest utrulege – ingen boss som flyt rundt, verken på stranda, vatnet eller i gatene!

Dette slutta vi aldri å forundre oss over.

Eg anbefalar absolutt ein tur til Baskerland!

 

This slideshow requires JavaScript.

av kariviken Posta under Reiser