Uventa fridag :)

I dag fekk eg ein uventa dag fri, men skal jobbe lørdag, så då går det vel opp i opp 🙂 Ønska å verkeleg «ha ferie», og drog til eit hotell her i Liberia, der ein kan nyte dagen ved bassengområdet for 6 dollar.

Bassenget for meg sjølv :)
Bassenget for meg sjølv 🙂

Hadde heile området for meg sjølv, herleg avslappande i selskap med Ken Follett og «Vinter over verden».

Eg har elles jobba med meg sjølv, og mine frustrasjonar frå i går, og prøver å skru ned forventningane mine. Det trur eg (?) at eg skal klare……. Eg er spent på morgondagen, med 6 grupper og 6 dobbelttimar på rappen. 10 timars arbeidsdag, ikkje rart det blir kaos!

Iguan

Iguan

På veg til bassenget, såg eg denne karen: Ein iguan. Ganske flott, synst eg. Nyttedyr, heilt ufarlege, men bit viss dei ikkje kjem seg unna. Dei kjem t.d. inn i huset til Hellen, og et insekt, maur og andre dyr som måtte befinne seg der. Mindre artar – firfisle – kryp oppover veggane. Det kan ikkje iguanen.

Også passerte eg parken i byen, kyrkja og plassen framfor. Har begynt å like parken, og synst at den er fin, med sine originale benkar 🙂

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Ei av kyrkjene, ein moderne variant.

Ei av kyrkjene, ein moderne variant.

Avslutta dagen med ei god suppe til middag, med Hellen som kokk, og i selskap med Sabina, frå Holland, som også er volontør, og bur på naborommet 🙂

Take care i heimlandet, ser at det er meldt «Indian summer» heime, det gjer nok godt, tenkjer eg 🙂

Første «skikkelege» dag på jobb………..

På jobb i dag, der eg skal jobbe saman med/og tidvis i staden for – Jessica. Her skal eg vere onsd. – fredag. Onsdagar frå 7 til 11.30, torsdagar og fredagar frå 7 til 17. Hjelpe meg, for nokre lange dagar! Måndagar og tysdagar på ein annan skule……

To skjønne, glade jenter :)

To skjønne, glade jenter 🙂

Eg avslutta heldigvis dagen i dag med denne gjengen. Der var det i alle fall ingen som plaga andre…….. Med den første klassen eg deltok i først dag, frå 8.25 – der var det store utfordringar i så måte! FOR ein kulturkollisjon, og for nokre disiplinære problem dei har her! Eg trur at eg kan seie at eg aldri har følt meg så mislykka som lærar nokon gang, som når eg skulle prøve å undervise den gjengen i dag! Heilt makteslaus følte eg meg, eigentleg………., grunnleggande kaos.

Læraren brukte elles halve tida inne i klasserommet, (for å prøve å disiplinere elevane? Eller for å «overleve»?) Ho brukte alltid å starte inne i klasserommet, sa ho….. PÅ timeplanen står det volleyball – heile oktober.

Øving må til.....

Øving må til…..

Og desse 11-12-åringane hadde hatt prøve i reglane i volleyball. Straffelekse for dei som ikkje gjorde det godt nok. Og når der ikkje blei ro, så heva berre læraren stemma slik at ho skulle overdøyve støyen…..

Eg må seie – at eg er temmeleg disillusjonert etter første dagen. Kva kan vesle meg gjere, når eg berre snakkar sånn halvveges bra spansk – i ein

Og her er vi, klasse 6-4.

Og her er vi, klasse 6-4.

slik samanheng…….? Jaja, vi får no sjå korleis det går, kanskje skal eg ikkje ha nokon illusjon? Hadde det ikkje vore for denne siste klassen, så hadde eg sett temmeleg mørkt på å vere 4 veker på denne skulen.

Håpar det går betre etter kvart!

La madre de casa :)

Det er tysdag ettermiddag her i Liberia, regnet har nett begynt for dagen……og heime gjer de dokke klare til å gå til sengs. Eg har etter kvart begynt å tilpasse meg tidsforskjelen.

La mamá de casa - Hellen :)

La mamá de casa – Hellen 🙂

Eg bur i det rosa huset, ved hotellet La Riviera, 75m meter mot nord, Liberia = adressa der eg bur. Her i Liberia har ikkje gatene namn, berre nr. 1 eller nr. 2 – i beste fall….. Og adressa til ulike hus blir knytta til spesielle bygningar i nærleiken 🙂

Her bur Hellen, og dattara Ashley. Vi er to voluntørar som bur hos henne, Sabina frå Holland, og eg. Her blir vi teke godt vare på, Hellen er ei strålande dame på 36 år, og alltid blid og hyggeleg – som alle costarikanarar.

Eg kunne ha vore mora :)

Eg kunne ha vore mora 🙂

Hellen elskar å lage mat. Det varierer mykje kva vi får til dei ulike måltida, til frukost i dag, t.d. fekk vi pannekaker. Uvant for meg som er van med den norske frukosten. Her er det også slik at det er «husmora» som legg på tallerkenen når vi får middag.

I morgon skal eg møte på den skulen der eg skal jobbe dei fleste dagane. Det blir spennande, for

Utsikt frå rommet mitt, første solnedgang, dei andra dagane har det regna....
Utsikt frå rommet mitt, første solnedgang, dei andra dagane har det regna….

her er det mykje disiplinproblem, og eg har ei kjensle av at eg blir ein slags aktivitetsleiar.

¡ Hasta pronto!

Sundag i El Coco :)

Park langs vegen. Slik ser parakane ut her i området.

Park langs vegen. Slik ser parkane ut her i området.

I dag kjende eg  behov for å sjå noko anna enn gatene i Liberia, og tok bussen til kysten av Stillehavet, til El Coco. Ein 45 minutters tur, til kr. 7. Ikkje grunna til å klage på prisen, i alle fall!

Her var veret veldig bra, klar himmel til klokka 12, deretter skya det til. Det er jo vinter her, og då er det visst slik. God plass på stranda, og det gjorde

Store bilar har dei også her....

Store bilar har dei også her….

Ein strålande dag, fekk starta på Ken Folletts «Vinter over verden, åt lunsj på ein kafè – med god oversikt over aktiviteten på strandpromenaden. Her var det skating og sykkeltriksing som var dei populære fysiske utfordringane for ungdomen i El Coco 🙂

Ein ting som undra meg – på vegen heim att – med stappfull buss og mange som måtte stå: Ikkje ein einaste som lot seg irritere! Alle like blide og vennlege!

I morgon skal eg møte alle på kontoret til Project abroad, og min superwiser Andres. Spennande!

El Coco

El Coco

El Coco

El Coco

Nokre rikfolk finst òg...

Nokre rikfolk finst òg…

El Coco

El Coco

El Coco

El Coco

El Coco

El Coco

Kanskje monstermaster er betre?

Kanskje monstermaster er betre?

Byen Liberia :)

Det kan vere eit problem – ofte – at ein gjer seg nokre førestillingar om korleis

Ei "vanleg" gate i byenn Liberia.

Ei «vanleg» gate i byen Liberia.

ting og stadar ser ut – før ein kjem dit. Eg skal vere ærleg å seie at eg faktisk hadde sett føre meg Liberia som ein liten og vakker by i Guanacaste i nord-øst Costa Rica. At han er liten, er korrekt, men eg vil ikkje akkurat kalle han vakker. Men han gjenspeglar at det er mykje fattigdom her, og vedlikehald er eit framandord, diverre.

Vegane er eit einaste stort lappeteppe.

Vegane og gatene er eit einaste stort lappeteppe.

Men eg tippar at eg etter kvart vil sjå at han kan også vere vakker, når eg får litt meir tid på meg 🙂 Dessutan så finst det veldig mange fine stadar her i Costa Rica!

I tillegg så er folka her –  fantastiske! Utruleg vennlege, rolege og tålmodige.

Trur dette skal gå bra 🙂

På plass i Liberia :)

Så er eg på plass i den lille byen Liberia, i nord-vest i Costa Rica, ca 45 min med buss frå kysten 🙂    60 000 innbyggarar, så det er ein liten by.Utsikt frå rommet mitt - gjennom myggnettet.

Turen i går gjekk overraskande bra, var veldig spent på flyreisa over Atlanteren frå Franfurt til Houston, Texas, sidan den skulle vare 10 t 45 min. Men servicen og måltida på Lufthansa var fortreffeleg, så alt gjekk knirkefritt.

Eg hadde problem med å førestille meg kva eg gjekk til, det gjorde det jo ekstra spennande – kva «galskap» hadde eg gitt meg ut på? Ikkje «berre» vere turist – som er så sytalaust, men arbeide – få kjenneksp til der «verkelege» livet her……. Det gjorde spenninga ekstra stor framfor turen.

Men no er eg her…….. Her er livet totalt annleis enn det eg er van med. Her er det tydeleg stor fattigdom, folk lever enkelt, men alle verkar så hyggelege og blide, og hjelpsame.

Har i dag hatt meg ein tur rundt i byen, i lag med mi vertinne, Hellen og dattera Ashley. Tenk at eg kunne gløyme å kjøpe med meg ein elektrisk adaptor på flyplassen i Houston…. Men heldigvis fekk eg tak det i her, så eg klarar meg.

Eg bur i det «rosa huset» ved hotel Riviera, – og utsikta frå rommet mitt i eine retninga er som biletet viser – gjennom myggnettingen. Tidsforskjellen er 8 timar etter Norge – men eg klarte å sove til 8 i dag, dvs til klokka 16 heime i Norge. Har ikkje gjort det sidan eg var ungdom, ha 😀 Dette trass iat ein hane i nabohuset gjorde iherdige forsøk på å få meg opp kl 4 i natt!

Hellen vil så gjerne at eg har det bra, og spør kva mat eg likar, og eg trur ho hadde laga kva det var – for at eg skulle få ha det bra. Men eg er altetande, og vil ete den maten ho serverer, costarikensk mat 😀

Her er kjeeeeeeempevarmt (eg klagar ikkje!) – og regntid, så det er lummert og skya, og regn på ettermiddagen. Eg tek det som det kjem 🙂

Ha det godt heime!  KLem.

«Pura vida»…….?

«Pura vida» er eit uttrykk som er vanleg / typisk for Costa Rica, og det

http://www.residencycr.com/wp-content/uploads/2012/02/pura-vida.jpg

Pura Vida – Costa Rica

reflekterer deira avslappa liv, og evne til å nyte det, og vere avslappa…. Slik som det heiter i sangen: “Hakuna matata” – ikkje bekymre deg!

Dette håpar eg å lære noko av,……….å kunne klare å slappe litt meir av…. 😀  Nyte livet? Ja, skal prøve på det innimellom jobbing. Har fått klar melding om at det ikkje er ferie det eg skal vere med på. Men håpar og trur at det blir litt fritid i helgane, å kunne reise ut til kysten.

Begynner i grunnen å glede meg!

Trur dette skal bli bra 😀

Neste stopp: Costa Rica

http://www.projects-abroad.no/_photos/_global/photo-galleries/en-uk/costa-rica/_global/large/stretching-on-sports-project.jpg

Sports-prosjekt

2 månader i Costa Rica står for døra:) Nærare bestemt reiser eg til Liberia, i den  nord-vestlege delen av landet. Her skal eg delta i eit prosjekt, knytta til Project abroad.

Project abroad – Costa Rica

Eg skal arbeide som «volontør» – og jobben min blir – første månaden – å vere «gymlærar» på ein barneskule på 700 elevar mellom 6 og 13 år. Deretter blir det ein månad på skulebenken, det skal berre bli herleg å få vere elev igjen!

Bonusen for meg – i tillegg til mange opplevingar, vil vere å få skikkeleg dreisen på spansken.

Torsdag 3.oktober set eg meg på flyet vestover 🙂 GLER MEG!

Meg…

Dette er altså meg…..

Biletet er teke på mi vandring sommaren 2023, då eg gjekk Caminoen Via de la Plata til Santiago de Compostela, i Spania, 1006km.

Ei stor oppleving. Eg elskar å gå. Det gir mi rastlause sjel ro. Så dette er ei «ferieform» som passar meg. Eg skal definitivt gå fleire lange Caminoer i Spania.

 

Kva tek ein med i sekken når ein skal ut på pilgrimsvandring?

Leon – Santiago de Compostela,

2 siste vekene i juli, 2011.

Eg brukte lang tid til å førebu pakking av sekken til turen.

Målet var å få så lett sekk som mogeleg, helst rundt 7 kg…..Var det muleg….?  Difor prioriterte eg å bruke litt pengar på ein god, solid og lett sekk og sovepose.

Eg kjøpte ein sekk av typen

  • Arcteryx Women’s Axios. Den var eg kjempefornøgd med!
  • I tillegg kjøpte eg den lettaste soveposen eg fann – ein dunpose, ca. 600gr.
  • Lakenpose i silke, nesten vektlaus, og god å ha når det var varmare netter, og det blei for varmt med soveposen.
  • Sko: Kva sko skulle eg velje, det var vanskeleg! Skulle eg ta mine vanlege løpe-joggesko og sandalar, eller skulle eg ta mine Gore-Tex fjelljoggesko og sandalar? Eg testa det ut på lengre turar før eg reiste nedover, og valde til slutt mine gode løpe-joggesko. Men – skulle eg ha gått på ei anna tid, hadde kanskje vasstette joggesko vore lurt! Men – i alle fall er det lurt at dei er «inngått» før turen!
  • Sandalar: her «landa» eg på Keen-sandalar, fantastisk gode å gå i, og lette.

Eg var svært fornøgd med vala eg gjorde av sko, og kunne variere mellom desse to para. Hadde berre eit par gnagsår i løpet av 14 dagar.

I tillegg hadde eg med eit par gode støytdempande slippersar til å bruke om kveldane – når såre føter trengde å kvile, og ingenting måtte presse på ev. gnagsår.

Klede:

  • Fleecegensar, ikkje av den tjukke, tunge sorten, men ein lett sportsfleece, gjerne med slike armar som kan trekkast ned over hendene, og der det er mulegheit for litt høg hals.
  • Tynn ulltrøye med lang arm.
  • Ytterjakke tok eg ikkje med. Men dersom eg skulle gå på nytt, ville eg ha teke med ein superlett/supertynn ytterjakke, for det kan blåse temmeleg friskt på fjellet i grytidlege morgontimar.
  • Regnjakke – tok eg ikkje med. Og dette treng ein ikkje – etter mi meining. I staden for hadde eg med ein 2-3 slike tynne regncapar som ein kan kjøpe på sportsforretning, tek lite plass, og veg lite.

Eg kjøpte regntrekk til sekken, men det angra eg på at eg tok med. Det brukte eg ikkje, for regncapen dekka sekken ved regn.

  • 1 stk lett, romsleg, behageleg shorts med lommar – til å gå i, lett å vaske, tørkar fort.
  • T-skjorter: 2 til å gå i, av den lette sports-sorten som er lette å vaske, og som tørkar fort. 2 stk til å ha om kveldane, etter framkomst.
  • Eit skjørt + lett sommarkjole, var gode plagg etter endt gange om dagane.
  • Lang bukse (superlett) hadde eg med, slik eg kunne ta av beina på. Denne brukte eg berre ein kveld……
  • Labbar: 2-3 par gode, litt mjuke hurtigtørkande sportslabbar, og 2 par tynne – som transporterer lett sveitte. Dei tynne kan brukast innerst, viss ein har 2 par i skoa.
  • Undertøy, truser, BH, soltopp……
  • Nattkjole i silke (lett og varmande/kjølande).

Toalettsaker:

  • 2stk handklede, slike lette av microfiber. Lurt å ha eitt av desse litt større.
  • Toalettveske – i gjennomsiktig plast! Det gir god oversikt over innhaldet – krem, deo, shampo, såpe, kam, tannbørste/-krem, personleg medisin,……
  • Gnagsårplaster, diverse saker her…
  • Solkrem, sollipsyl…
  • Lita saks/liten kniv kan vere lurt.

Andre ting:

  • Solbriller.
  • Kamera: Her kjem ein langt med mobil-kamera!
  • Skrivesaker, ei lita bok å skrive daglege notatar.
  • Ei god bok (lett).
  • Lita lykt / leselys – til kveldsbruk – når andre vil ha det mørkt på sovesalen…..
  • Klesvaskemiddel. (Sveitte, illeluktande klede på sovesalen er ei lite hyggeleg oppleving!)
  • Ei lita lett veske – til kveldsbruk…..
  • «Lomme» til pass, pengar, kort og pilgrimspass.
  • Reiseguide-bok – med oversikt over rutene.

Sminkesakene let eg ligge att heime. Eg måtte gå nokre runder med meg sjølv på dette, men kom til at – her kjende ingen meg, og eg skulle klare meg utan dette…… Eg sparte ein del gram på det.

Elles er det massevis av apotek langs vegen, og dei som arbeider der, er ekspertar på gnagsår!

Når eg starta dagens vandring, og hadde med meg ca ein liter vatn, så vog nok sekken mellom 8 og 9kg. Tyngre enn det bør sekken ikkje vere! Etter kvart blei sekken ein god ven, og eg merka den nesten ikkje!

Anbefalast!

GOD TUR!