Quiroga – A Pobra do Brollón

Lørdag 26.oktober

Dag 50, etappe 45

34415 steg, 24 km

Ein skikkeleg grå dag i dag. Mørke skyer, og litt regn og yr mykje av vegen. 

Men vi slapp dei skikkelege regnbygene, heldigvis. Men regnponsjoen måtte på fleire gongar. 

Kjøleg, men så snart sola slepp til, blir det varmt. 

Eg gler meg over å sjå at dei melder finare ver framover. Håpar det slår til. 

Vi har no ca 149 km att, fordelt på 8 etappar. 

Kjem til Santiago søndag 3.november, og eg har nettopp booka overnatting tre netter der, og fly tilbake til Norge den 6.  

Ikkje så ofte vi ser esel.

Dagens vandring har verka veldig lang av ein eller annan grunn. Kanskje pga veret. 

Vasa meg bort i ein overgrodd, liten snarveg, så vinninga gjekk opp i spinninga.

Ein del stigning i to omgangar, mykje skog første halvdel. Også noko asfalt, men mest skogsveg.

Isabella valde å ta bilvegen, pga veret. Kanskje ikkje så dumt, for eg gjekk i ein del gjørme i dag. 

Då eg var begynt å gå ned frå første fjellet, omlag halvveges, møtte eg to syklistar. Dei hadde ein hund som kom i “kjølvatnet”, som bestemte seg for å følge meg i staden for. Eg vart litt skremd av den store, lause hunden, men den hadde halsband. 

Han gjekk i førevegen, sjekka med jamne mellomrom at eg kom etter. Verka som han passa på meg. Kvar gong han kom til eit kryss, venta han for å sjå kvar eg gjekk. 

Heilt utruleg. Han følgde meg heilt til døra på herberget, godt over 10 km. 

Eg bad han gå heim, men han skjønte visst ikkje norsk😀 Når vi passerte andre hundar som gøydde på han, gjekk han berre roleg forbi, ingen gøying tilbake. 

Observerte at han fann nye folk å følge – etter at eg smatt inn i herberget👍🏻 

Eg har gått gjennom eit landskap i dag som kunne ha vore heime i Norge. 

Men den romerske brua, Barxa, over elva Lor, finn vi ikkje maken til heime. 

Eg synst dei er så vakre, desse bruene. 

Ponte Barxa

Ingen stad å stoppe for ein kaffi i dag heller. 

Ankom A Pobra litt før kl 14. 

Nytt og fint herberge, som ei ung dame driv. Vi har fått vaska klede, og har bestilt middag her på herberget kl 20. Deileg å sleppe å gå ut, for i heile ettermiddag har det regna. 

Vi er 5 pilgrimar som er på vegen samtidig nett no, og som overnattar her. 

I morgon går vi kjempekort etappe, ca 12,5 km, til Monforte de Lemos. 

A Rúa – Quiroga

Fredag 25.oktober

Dag 49, etappe 44

38943 steg, 29,2 km

I dag var det meldt regn. Det er alltid noko eg gruar meg for, for tenk om det ausar ned i 2-3 mil😱 

Frukost på herberget, som Paco laga til.

Yr og Storm melde regn (med to dråpar under skya) – frå kl 13-14, og jammen fekk dei rett. To skikkelege regnbyger, men så for dei forbi. For ein flaks vi har hatt med tanke på regn! 

Regnbogen har også vore med oss mange gongar. 

Det har vore mykje opp- og nedover i dag. Eg likar det godt, men ikkje alle synst det er like kjekt å gå oppover.

Vakker og frodig landskap, som blei presentert i ei litt mørkare utgåve i dag, sidan mørke skyer hang over oss. 

Dagens etappe var lang, med ingen mogelegheit undervegs for noko servering. Det er litt stressande, det er trass alt nokre timar. 

Då vi kom til ein liten by, Albaredos, etter 7 km, kom vi til ein «sjølforsyningsplass», der pilgrimar kan stoppe, lage seg kaffi (kaffemaskin inne i skapet), ete diverse, frukt m.m. og stemple pilgrimspasset. 

Ho som var leiar for dette initiativet, fortalde at folk gav av det dei hadde til overs. Og vi betalar det vi vil for det vi forsyner oss med. 

Utruleg hyggeleg å oppleve. 

Albaredos
Donativo sjølvforsyning
Fullt av diverse figurar i denne lille fjellandsbyen, laga av same gjengen som står bak « serveringa»

Vi har også møtt på Casimiro, ein mann på 98 år, som tok imot oss når vi kom inn til eigedomen hans. Rank i ryggen  og spenstig, imponerande med slik alder. 

Han fortalde han hadde budd her heile sitt liv. Kona døydde for eit par år sidan, og no var han den einaste som levde her. Det hadde vore eit hardt liv, då det var borgarkrig frå 1936-39, og med påfølgande diktatur-regime til Franco døydde i 1975. 

Men, sa han, andre hadde hatt det mykje verre enn han, som levde litt beskytta langt ute på landsbygda. 

Han inviterte oss inn på kaffi, men vi måtte takke nei, fordi vi ville komme oss lengst mogeleg før regnet kom. 

Eg synst det er heilt fantastisk å gå her på Vintervegen, som leiar oss gjennom frodig landskap og mange små og vakre landsbyar, som vitnar om levd liv i lange tider, men også om forfall og fråflytting. Det fekk vi mange bevis på i dag. Eg synst det er flott når eg ser at nokre tek vare på desse husa. 

Gammalt «vaskeri» – her møttest kvinnene for å vaske klede. Viktig sosial arena.

Eg kom ikkje fram til Quiroga før nærare 15.30. Då er det oftast for seint å få seg varm mat, som dei sluttar å servere ca då. Då stenger dei kjøkkena, og kokken kjem ikkje tilbake på jobb før i 20-20.30 tida. Då er det litt krise for oss, som nesten ikkje har ete noko sidan frukost. 

Men vi spora opp ein restaurant,  Chapakuña 3, der Noelia tilbydde seg å lage til middag til to svoltne pilgrimar, sjølv om ho eigentleg hadde stengt. Og dette var skikkeleg heimelaga mat, suppe og hovedrett. 

To døtrer synst det var stas å kunne hjelpe til med å dekke på til oss. 

Eg blir så rørt av slik hjertevarme og omsorg🫶

Noelia, og to gode hjelparar

Vi legg oss tidleg med dette livet her 🤣

I morgon er det ein ny dag på vegen, ca 22,9 km. 

Då ventar A Pobra do Brollón. Litt usikre vermeldingar, og kjøleg, som i dag. 

Fleire glimt frå dagen:

Kjekt å sjå att desse benkane, vi er i Galicia❤️

Sobradelo – A Rúa de Valdeorras

Torsdag 24.oktober

Dag 48, etappe 43

30279 steg, 21,7 km

Vi er no nede i 314 moh, i A Rúa. 

Drog frå Sobradelo i halv 8-tida, etter frukost hos Manuel på Bar Mar i Sobradelo. Han kom eins ærend for å servere frukost til oss kl 7.

Det har vore ein fin vandredag, sjølv om regnspøkelset har hengt over oss. Men vi var heldige igjen. 

Fin og klar morgon, men skodde i fjella.

Vi passerte Êntoma, etter berre 3 km. Gjekk over ei lita, fin romersk bru: Ponte Romano (Vi er i Galicia, og her snakkar dei galisisk, eitt av dei fire offisielle språka i Spania. Litt annleis enn vanleg spansk).

Etter Éntoma hadde vi to alternativ på veg. Eg valde Camino-ruta, og jo den andre, som gjekk lenger nede. Eg synst ruta eg gjekk, var veldig vakker. Litt høgt oppe, den gav fin utsikt over dalen.

Då vi kom fram til O Barco de Valdeorras, fann vi ein koseleg «Break and Bread»-restaurant, for kaffi og croissant, før vi gjekk vidare. 

I O Barco var til og med kummelokka prega av Caminoen, med eit skjell.

Vegen/Caminoen gjekk langs bilvegen på nordsida av elva Sil. Isabella var veldig klar på at ho ville gå på sørsida, for å sleppe bilvegen. 

Eg hadde ikkje noko i mot det, så det blei slik. 

Det var eit val vi var glade for. 

Her i Galicia er det ikkje raude tak på husa, men svarte. Det er svart skifer, og mange hus har også slike veggar.

Slik skifer brukar dei på taka.

I ein liten landsby, Arnado, fekk vi sjå ei borg frå 1800-talet, og vi fekk sjå cuevas, grotteliknande «hus» for lagring/oppbevaring, av vin?

Ny og gamal tid møtest.
Arnado

Vi fekk også  fin utsikt til den andre sida av dalen. 

Kom i snakk ned folk på vegen. Dei er då frimodige og interesserte, veldig hyggeleg. 

Her er veldig grønt, og frodig.

Lagring av…? Cuevas (Covas)

Siste delen til A Rúa gjekk enten langs vegen, eller alternativt – i skogen. Eg valde det siste, av nysgjerrigheit. Godt val, tykte eg. 

Vi har no ca 200 km igjen. 

Vi bur på Alberguet her i A Rúa. Det er nytt og fint, og hospitaleroen har laga middag til oss. Nydeleg mat. Suppe, frisk og god salat og tortilla espanola, med lokal vin og vatn til. Fantastisk👍🏻 

Herberget. Nytt og fint.

I morgon lagar han frukost til oss, kl 7. Kan vi ha det betre?

I morgon er det Quiroga som står for tur, ca 30 km. Dette er ei etappe det er umogeleg å dele. Der er ingen plassar på vegen der ein kan overnatte eller kjøpe seg noko, så alt må planleggast. Det går nok fint, sjølv om det er meldt regn😩

Fleire bilete:

Vinstokkar
Kastanjenøttee i hopetal langs vegen. Vi ventar på mulegheit for å tilberede (må ha steikeovn). Dei som finst her, er minst tre i kvar nøtteskal.
Foto: Isabella. Ho er berre rå på å sjå gode motiv😀

Las Médulas – Sobradelo, og eg har gått inn i Galicia❤️

Onsdag 23.oktober

Dag 47. Etappe 42

32148 steg. Ca 21 km 

I dag har eg gått åleine, Isabella fekk transport til Sobradelo. Ho tok det som kviledag, då ho har mykje vondt i eine foten. 

Eg har i dag gått inn i Galicia. Det likar eg godt, er begeistra for denne regionen. Skiljet går med brua i Puente, over elva Sil. Merkesteinane endra seg, det er no brukt mørkare stein. Og nedteljinga har begynt, kor langt det er att til Santiago 💪🏻. 

Det har vore nok ein flott dag på vegen i dag. Det var slik at eg gjekk og tenkte at – dette må ikkje ta slutt. La etappen vare! Så fint var det, både underlag og landskap. 

Puente de Domingo Flórez

Eg tenkte også mykje på kor heldig og privilegert eg er som kan gjere dette. Bruke veker på å vandre her nede, sjå landet “minutt for minutt”, mens eg sakte bevegar meg framover, og utan returbillett, så der er rom for å gjere endringar. 

Eg gler meg veldig over det❤️ 

Det var skikkeleg kaldt i dag tidleg ved start 7.45. Hanskar, buffer og dunjakke måtte til, heilt til byen Puente, der eg hadde meg ein kopp kaffi. 

Har også vore skikkeleg på rakedis i dag (igjen!😩). Gjekk i eigne tankar, nedover frå fjellet. Registrerte ikkje ein merkestein med pil til høgre, og vandra vidare….. til eg begynte å undre meg over at eg hadde soloppgangen mot ansiktet, og – det var no lenge sidan eg hadde sett ei pil….🤔🧐 

Såg på kartet/appen, og oppdaga at eg var langt avgarde i motsett retning. Så var det berre å snu og ta motbakken oppatt, truleg var eg 2 km på avvege, om så “mista” ein del tid der. At det går an! Men det gjer det altså😅 

Pumares

I Pumares kom eg i snakk med Tim, ein engelskmann som jobba i eit hus eg gjekk forbi. Han og kona hadde kjøpt eit renoveringsprosjekt for to år sidan. Dei hadde tidlegare hus i sør, men flytta til Galicia pga varmen, men også pga at dei likte godt folka som bur i denne regionen. Han bad meg helse sin gode ven, Manuel på Bar Mar i Sobradelo, for eg fortalde vi skulle overnatte der. 

Veldig hyggeleg å prate med han, og eg fekk sjå litt av det han hadde gjort. Dei hadde prioritert å ta vare på alt det gamle, og stilen, så langt det var mogeleg.

Han var pensjonist, og likte å bale med dette. 

Han fortalde også at her kunne vere veldig kaldt om vinteren. Men der var ikkje snø, berre på fjella rundt.

Her hadde han pussa og polert alle steinveggane, som tidlegare var tildekka.
Her var badet laga til, i eit rom som tidlegare var brukt til dyra, slik dei også gjorde i Norge.
Døra inn til badet var laga av tremateriale frå det gamle taket.
Stoppa også for eit stempel i Pumares

Eg har gått langs elva Sil og innsjøen Encoro de Pumares, som er eit vassreservoar. Naturen her liknar veldig på Norge. 

Dette er ein gammal veda-omn.
Snart framme i Sobradelo, på ein fin turveg, med fint gelender!

Ankom Sobradelo i 13-tida. Eg blei veldig godt teken i mot av Manuel, og eg kunne overbringe helsinga frå Tim. 

No nyt eg sola her i ein siestasovande by. Eg har ete og gjort mine daglege tøyeøvingar i sola på ein leikeplass.

Det spøker for dei gode vermeldingane. I morgon er det meldt regn. Håpar berre dei held det dei lovar – at det først skal komme på ettermiddagen. 

I morgon går vi til A Rúa de Valdeorras, 21,22 km. 

Rusletur i Sobradelo, og såg nok ei vakker bru:

PS.

Vi er “milevis” unna alt som skjer i verda, men har ei aning frå glimt på barar i gryotta, der nyheitene står på.

Eg kjem nok kjapt tilbake til kvardagen om eit par veker.

No nyt eg å kunne “ta meg roleg tid”….

Ponferrada – Las Médulas

Tysdag 22.oktober

Dag 46, etappe 41

36310 steg, 24 km. 

Det er ikkje alltid lett å sovne på ein ny stad kvar dag. Vi delte rom med to ungdomar som ikkje ville ha oppe vindauget. Men eg sneik no meg til ein liten gløtt😉 

Det var ikkje så kaldt ved start i dag, kunne gå i shorts. 

Litt stas å finne merkesteinen for Camino de Invierno. No har eg begynt på  siste “etappe” av denne lange vandringa: Ponferrada – Santiago. Den avstanden seiest å vere 263 km. 

Søndag 3.nov håpar vi å vere framme i Santiago. 

Vi hadde ei nydeleg etappe i dag. Først med hovudlykt ein god time. 

Verka som vi gjekk gjennom ein tunnel.

Ankom Toral de Merayo etter vél 5 km, for ein kaffi. 

I dei andre byane vi passerte, var der ingen bar open. 

I Villabre de la Jurisdicción (alle desse rare stadnamna😊) gjekk vi forbi Manor House of the Yebra, som var eit hotell/una posada – for 600 år sidan. Her overnatta t.d dronning Isabella 2. når ho drog forbi. 

Casa de Manor

I dag har vi gått på slang. Her var fikentre fulle av umodne fiken, men eitt og anna med modne. Nydeleg! Fikenhausten har vore katastrofe nokre stadar i år pga kulde ved blomstring. 

Kveke, kan bli til syltetøy.

Så har vi funne eple, og vi har plukka nærare eit kilo med kastanjenøtter. Målet er å tilberede dei i morgon, viss forholda ligg til rette for det, der vi skal bu. 

Vi fekk selskap på vegen av ein annan vandrar, Raúl frå Alicante. Det var veldig hyggeleg. Han treff vi nok på fleire gongar, vi skal jo same veg😅

Han var sprek nok (har gått “berre” 5 etappar til no) til å gå dei ekstra 11 km opp til gullgruva, som eg skreiv litt om i går. Vi fekk sjå bilete få han kom ned att, vel verdt turen, tykte han. Kjende litt på det at dette burde eg jo ha sett, men det får så vere…

Flott landskap i dag, minner meg veldig om Norge.

Las Médulas er ein typisk turiststad, der alt er veldig dyrt. Her er ingen herberge, så vi booka eit rom på eit rimeleg hotell.

Vi har vandre litt rundt og teke bilete av desse fjellformasjonane som høyrer til gull- og mineralgruvene.

I morgon skal vi gå til Sobradelo, ca 20 km. 

Fleire glimt:

Ei kyrkje ute i Ingenmannsland.
Kastanjenøtter.
Kyrkje med balkong👍🏻

Foncebadón – Ponferrada

Måndag 21.oktober

Dag 45, etappe 40

41689 steg, 27 km. 

Dagens etappe var lengre enn vi trudde, dei operer med ulike tal, desse appane vi går etter. 

Men til gjengjeld har den vore heilt fabelaktig flott! 

Beinkaldt, 6 grader i dag tidleg. Måtte ha hanskar i starten. Og etter kvart fullt av folk på vegen, m.a ein skuleklasse med viltre ungdomar.

Vi har gått frå 1400 moh til 1500, og så ned att til ca 500 moh. Det var det nok mange som kjende på i knea i nedoverbakkane. Fjellet heiter Monte Irago, og er det høgaste på den franske ruta, med sine 1517 moh. 

Her finn vi “Cruz de Ferro”, der tradisjonen er å legge att ein stein, som vitne på at ein har vore der, og som skal sikre vandraren ei trygg veg vidare. 

Eg hadde ikkje med meg stein, men håpar det skal gå bra likevel🤞🏻 

Cruz de Ferro

Dette er første stoppet etter Foncebadón, for dei som overnattar der, difor er det alltid mørkt når ein kjem dit.

Her oppe har ein ei fantastisk utsikt over dalane rundt, og vakre små, og gamle landsbyar undervegs. 

Nokre tok bilvegen, for å skåne beina.

Første lille kaffistopp var Manjarín, deretter landsbyane Acebo, Riego de Ambrós, og til slutt Molinaseca.

Eg elskar desse små byane med dei fine steinhusa. 

Manjarín er berre ein liten kafé i form av eit overbygg med campingvogn. 

Manjarín
Acebo

Dei andre er alle utruleg vakre gamle byar. 

I Molinaseca går ein inn i byen over ei fin romersk bru. 

Molinaseca

Vi kom fram til Ponferrada utpå ettermiddagen. Altfor seint til å nå å få i oss menú del día, men vi fann andre løysingar for to svoltne vandrarar. 

Ponferrada har namnet sitt etter jarnet (Ferro)som blei brukt for å forsterke brua (pon – puente) over elva Sil. 

Vi skal sove her i Ponferrada på eit digert herberge. 

I morgon går vi over på Camino de Invierno, og første stopp er Las Médulas. Området her blei eit viktig gruvesenter i romersk tid. Det blei brote gull og andre metall og mineral, og vi finn fortsatt synlege gruveplassar her. Den mest spektakulære er gullgruva Las Médulas, som har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1997. 

Så det er eit spennande område vi går inn i i morgon. 

27 km. 

Fleire bilete frå dagens etappe:

Er det purpurlyng, skal tru?

Astorga – Foncebadón 

Søndag 20.oktober

Dag 44, etappe 39

36424 steg, 28,5 km. 

I dag har vi gått ganske fort. 

Vi starta på nesten 900 moh, og har no komt til Foncebadón, vél 1400 moh. 

Dette har vore ein annleis vandredag, enn det vi har vore vane med til no. 

Starta å gå kl 6, og gjekk med hovudlykt i to timar. Då lyset kom, var det skodde.

Første stopp, og frukost, i Santa Catalina de Somoza, etter ca 10 km.

Etter ei stund høyrde eg steg bak meg, kvapp skikkeleg😱Har jo ikkje vore van med andre folk på vegen på 6 veker🤣 

Her er vi på den “populære” franske Caminoen, som alle ungdomar går, og som mange trur er den einaste ruta å gå. 

Vi snakka om det på vegen, at vi er glade for at det er berre desse to etappane til Ponferrada, før vi går over på Vintervegen. Truleg færre folk der. 

Eg gjekk denne delen av den franske ruta i 2011, men eg klarte ikkje å kjenne meg att. 

Fordelen med å vere her på denne Caminoen, er at du finn opne kaféar på alle stadar. 

Det har vore ein fin vandretur i dag, i grønt og frodig landskap. Vi har gått gjennom eikeskog, og fjellplantar har dominert, mellom anna røsslyng, og vill timian. 

Røsslyng

Siste delen, frå Rabanal del Camino, var det skikkeleg stigning. Det var herleg å kunne gå på, og sveitte litt. 

Rabanal

Her i Foncebadón er det kjøleg og friskt, fjelluft. 

Foncebadón i sikte

Vi har fått oss seng på eit privat herberge, Albergue Casa Chelo, som er knytt til ein pizzería. Her blir det pizza til middag, det skal smake godt med litt forandring🍕

I morgon blir det frukost her på herberget, før vi går vidare til neste delmål, Ponferrada. 

23,6 km. 

Fin utsikt frå Foncebadón

La Bañeza – Astorga

Lørdag 19.oktober

Dag 43, etappe 38

38445 steg, 24 km

Siste etappe før Astorga, mitt neste mål. 

Sov godt, faktisk, på det digre herberget😊 Kaldt, fraus på beina, sette meg i sjukehussenga med to ulltepper oppa meg. Blei så trøytt at eg sovna ca kl 21😅

Ein time vandring med hovudlykt. Månelys også i dag, nokre dagar minkande.

Veldig variert i dag, og fint underlag å gå på. 

Litt småregn, og regnboge mot nord, i Astorga?

Gjekk over den romerske brua Valimbre, over elva Turienzo. Eg synst dei er fantastiske, desse romerske bruene.

Framme i Astorga litt før 13, og møtte Isabella som venta nær Albergue San Javier, der vi hadde booka to senger. 

Masse pilgrimar i Astorga, som går den franske ruta. 

Vi har vore på ein god restaurant og ete ein rådyr middag. Nydeleg mat, vi trengde det, etter alle halvgode middagar med “menú del día”. 

Vi fann ut at vi fortente det❤️

No ventar 2 etappar på denne vegen, i morgon til Foncebadón, 28,5 km, og måndag til Ponferrada, 23,6 km. Deretter blir det over på Camino del Invierno, Vintervegen. 

Namnet kjem av at det var denne ruta pilgrimane valde å gå vinterstid, for å unngå fjella og snøen på den franske ruta. 

Astorga i sikte

Alija del Infantado – La Bañeza

Fredag 18.oktober

Dag 42, etappe 37

31479 steg, 21,9 km

Vakker morgon, men skikkeleg kaldt. 6 grader då eg gjekk til baren for frukost. Hadde nesten lyst å ta på hanskar. 

Haustfargar i månelys

Månelys også i dag, flott vandrever og trygg på vermeldinga som lova “ikkje regn”🤞🏻

Fantastisk grønt og flott landskap i dag. Nydeleg sti å gå på.

Har berre gått litt på asfalt; ut av Alija, og siste 3-4 km før La Bañeza. 

Eg trur dette er eukalyptus tre.
Solsikker, kor tid blir dei hausta?

Kaffipause undervegs. Gjekk roleg, tok ein del bilete, og då blir tempoet deretter. 

Eg starta i dag tidleg med lang bukse, ull + ull + dunjakke og buffer. Etter kvart vart det shorts og T-skjorte (rett nok i ull).

Ankom La Bañeza i 13-tida. 

Fann heberget, det er digert i den målestokken vi har vore vane med til no. 36 plassar.

Her har eg alt for meg sjølv, og ei sjukehusseng😊

Mykje reglar her, av ein eller annan grunn! Får slik barneskulekjesle, t.d er det ikkje lov å ha med sekken inn i soverommet. Den regelen har eg ikkje opplevd før🤔 O.s.v…. 

Av denne grunn, eller ein annan……så trivdest eg ikkje heilt her. 

Gler meg til å komme meg avgarde til Astorga i morgon, 24 km.

Då er vi over på Camino Francés, mykje folk. Bra vi skal vere der berre to etappar, før vi tek Camino Invierno vidare. 

Ei tid forbi.

Benavente – Alija del Infantado

Torsdag 17.oktober

Dag 41, etappe 36

31754 steg, 21, 6 km. 

Fullmåne og kaldt i dag. Fantastisk å gå ut frå Benavente kl. 7.20, i fullmåneskin. 

Sur vind frå nord, midt i fleisen på min veg nordover. 

Eg har vore åleine på vegen, sidan Isabella gjekk denne etappen i går. Ho er eit hakk foran, men vi møtest igjen seinast i Astorga. 

Eg er no på Via de la Plata (VDLP), tre etappar til Astorga. Synst det var ein koseleg tanke, sidan eg gjekk VDLP i fjor, men ikkje denne delen (sidan eg gjekk over på Camino Sanabrés). 

Gjekk ein del av vegen i dag på ein “grøn veg” (Camino Natural) som gjekk i terrenget, framfor Camino-ruta som gjekk på bilveg. 

Fin natur, masse grønt i dag. 

Hausten er komen med fine fargar på lauvtrea. Kjendest som å vere heime. 

Hadde planlagt ein kaffistopp på ein bar i Maire, men den var stengt. Og butikken var stengt. Ein gudsforlaten stad, berre gamle folk såg det ut for. Same problem som heime; utkantane slit med å få ungdomen til å bli. Men (minst) ei kyrkje finn vi på alle stadar, same kor liten landsbyen er. 

Og her i Castilla y León er det typisk med storkereir på alle kyrkjetak og kyrkjespir. Merkeleg at når vi kjem til Galicia, så er dei ikkje der🤔

Storkereir.

Gjekk forbi nokre “jordhus” med luftingskanalar, som likna skorsteinar. Desse er tradisjonelle vinkjellarar eller bodegaer, for å lagre eller modne vin. Skorsteinane er ventilasjon, for å sikre rett temperatur og fuktigheit, og for å halde vinen kald. Oftast finn ein desse jordkjellarane i område som er kjent for vinproduksjon, m.a her i Castilla y León. 

Vinkjellarar i fleng

Fann også nokre slike her i Alija. 

Då eg var nesten framme i Alija, gjekk eg over Vizana bru, over elva Órbigo. Romersk eller middelalderk bru med fire spenn. Ombygd fleire gongar i løpet av 16 og 1700-talet. Blei øydelagt under frigjeringskrigen i 1808, og blei ikkje restaurert før 1918. 

Forholdsvis kort etappe i dag. Eg “skundar” meg langsamt framover, – utan øyreproppar.

Det er bra for hjernehelsa – å ha fokus mot alt rundt, møte blikket til andre menneske, helse, høyre alle lydar, osv. 

I staden for å lukke seg inne i ei anna verd, med øyreproppar, der ein går glipp av dette….. 

Eg skal tilbringe natta åleine på herberget her i Alija del Infantado, har jo gjort nett det nokre gongar før…… 

Alija del Infantado

Her i denne landsbyen bur det ca 670 menneske. 

Her er éin cafeteria/bar der ein kan kjøpe mat.

Desse barane er viktige sosiale samlingspunkt for folka som bur på desse små stadane. Her møtest alle, det er nesten ikkje øyrens lyd. Enormt støynivå, folk kosar seg❤️

I morgon går vegen vidare til La Bañeza, 21 km. 

Og det er meldt opphaldsver.