På veg heim for ei stund🥵

Ein ting vi skal vere lukkelege for heime i Norge, er at vi slepp slike høge temperaturar. Eg gler meg til å kjenne den avkjølande lufta igjen😊

Etter ei god natt på alberguet i Moixent, tok eg toget til Valencia.

Tilfeldigvis er mi gode, islandske venninne, Sunniva, på ferie her. Eg har gått 2 veker av Camino Francés i lag med henne i 2011, og nokre etappar på Via de la Plata i fjor. Dagen her i Valencia blei brukt i lag med henne. Det var absolutt “dagens sjokolade” å treffe henne❤️

Eg har testa “bubbletea”/tapioca på kinesisk restaurant, og “orxata/horchata – ein drykk laga av ris, med kanel.

Den siste er eg usikker på om eg kjem til å bestille fleire gongar.

Eg var også innom “Oficina de peregrinos”, og sikra meg credencial/pilgrimspass for heile ruta. Det var ei hyggeleg oppleving, og eg blei foreviga framfor kartet over Camino Levante. Og eg fekk eit concha-smykke som gåve🙏🏻

Ei spennande rute, tvers over Spania, dei første 80 mila, til Zamora, gjennom eit område eg aldri har vore (unntatt dei første 5 etappane som er unnagjort😊)

No fly heim.

Xátiva – Moixent, og eg har bestemt meg for å bryte😢

Dag 5, 5.etappe.

45 437 steg, 27,5km

Dette har vore ein lang og hard dag. Lang etappe, opp tidleg, starta litt over 6. Prøvde å gå på, slik at eg fekk gjort unna mest mogeleg før varmen kom.

Det er slik, når du går åleine, så merkar du kor lange kilometrane er. Og spesielt når varmen blir ulideleg etter kl 11. Den siste mila var uuthaldeleg varm, og lang, og eg berre bestemte meg for at dette stoppar eg no, inntil vidare. Det er grenser for kor mykje vatn du kan bære på, og litt i grenseland har det vore med tanke på helse, trur eg.

Gatekunst, – bekymrar seg for framtida overalt, all grunn til med slik auke i ekstremvarme🥵
Soloppgang litt før 7.30.

Eg har gleda meg veldig til å gjere denne lange “sakte-reisa”, og har førebudd meg godt. Hadde sett av to mnd, med avslutning og avslapping i Porto i Portugal. Men veret rår ein ikkje med, flybillettar og togbillett, samt tre overnattingar blei booka i mai.

Skikkeleg nedtur må eg innrømme at det er, men det skal jo vere kjekt også, og det ser eg ikkje føre meg at det blir, med vêrmeldingar på 37 grader ei veke fram i tid. Det har vore, og er, så varmt at det ikkje er triveleg å vere ute, og det er nesten like varmt i skuggen. Sveitten berre renn heile tida, og det er slitsamt😅

Men det er ikkje over. Eg dreg ned att i september, når det er blitt kaldare, og fullfører. Startar her eg sluttar, i Moixent.

Håpar de alle vil følge meg då!

¡Buen Camino!

Nokre glimt frå dagens etappe:

Variert landskap.
Passerte eit fikentre, og gjekk på slang😋
Har oppdaga systemet dei har for merking sv Camino Levante i byane, skjell/conchas på veggen i den gata du skal gå.
Ankomst Moixent.

La Pobla Llarga – Xàtiva

Søndag 4.august: Dag 4, etappe 4.

25931 steg, 16,2 km.

For ein flott søndag dette har vore! Gule piler heile vegen, nydeleg og avslappande å gå etter dei, sleppe å leite opp mobilen for kvart kryss ein møter. Håpar det fortset🤞🏻

Det er ingen herberge i Xàtiva, men bestilte meg rom på Casa Rural Xàtiva i går.

Etter ei god natt på herberget i La Pobla, starta eg vandringa litt før 7. Soloppgangen var ca kvart over 7.

Ankom ein liten, koseleg by, Manuel, etter ca ein time, der eg fekk min etterlengta café con leche. Og eg hamna midt opp i ein fest, som tydelegvis hadde starttid kl 8 om morgonen. Veit ikkje namnet på festen, men kunne likne på liknande arrangement andre stadar i Spania, med prosesjonar med folk i ulike kostymer, eit slags spel om maurarane og spanjolane, frå 1400-talet.

Ulike grupper med ulike kostymer, alle gruppene blei akkompagnert av eit orkester.

Variert landskap og vegar i dag. Gjekk m.a på ein smal sti gjennom tett buskas, og der presterte eg å sjanselaus skli i gjørme. Festleg! Tørka av meg det beste eg kunne, og traska vidare😅

Ikkje alt er like vakkert langs ruta. Også her finn ein private avleveringar av søppel, nitrist å sjå.

Då eg nærma meg Xàtiva, høyrde eg plutseleg nokon rope. Det var ein mann under eit frukttre på andre sida av vegen. Han kom over, og gav meg to store, modne fiken. For ei nydeleg oppleving, eg blei så glad og rørt❤️ Dette var nok “the chocolate og the day”.

Xàtiva er ein veldig koseleg by, passe stor, ca 30 000 innb. Her har både romarane og maurarane regjert. I romersk tid var byen kjend for sine silkefabrikker. Også dreiv dei papirproduksjon til 1151 med arabisk teknologi.

Her er det smale gater, fullt av vakre, små plazaer, og i bakgrunnen ruver fjellet med to borger, som blir kalla “Den største” og “Den minste”. Tidlegare brukt som forsvarsverk, og seinare også som fengsel.

Hadde det ikkje vore 37 grader, skulle eg ha teke turen opp, men det får bli ein annan gong.

I morgon må eg opp tidleg, komme i gang kl 6, helst. Målet er Moixent, 27,5 km. Må få gjort unna så mykje som mogeleg før varmen kjem.

Her ser ein deler av festningsverk og borg på fjellet.
Denne skulpturen frå 2019, av Alfredo Moral, er laga til minne om dei omlag 10 000 republikanarar som blei deportert til Frankrike etter den spanske borgarkrigen. Dei fall i hendene på tyskarane, og sendt i konsentrasjonsleir. Meir enn 5000 av dei døydde. 8 var frå Xàtiva, 2 av dei overlevde.

Tenk at ei gul pil kan kjennast som rein lukke❤️ Algemesi – La Pobla Llarga

Laurdag 3.august: Dag 3, etappe 3

26978 steg, 15,3 km (men eigentleg 17,5, fordi eg rota og leita etter piler i Alzira😊)

Eg trur eg aldri har sveitta så mykje som eg gjorde i natt, til og med meir enn då eg var i overgangsalderen😩 Ingen aircondition, med vindauge mot vest, reine steikeomnen.

“Kort” vandring i dag, så tillet meg å sove til 6. Litt mat, og café von leche på ein bar, så la eg i veg for å finne der eg skulle forlate byen. Hadde sjekka på nettet, og håpte å finne ei gul pil. Så dukka ein eldre mann opp og sa at “dei brukar å gå ned dit”. Eg kunne ha omfamna han, men gav han handa som takk, og eg fann pilene.

Denne etappen har eg delt i to.
Historisk sus undervegs

Nydeleg å følge pilene heilt til Alzira, men der forsvann dei igjen, og etter det var det internett som viste veg.

Ein kar eg helste på på Plaza Mayor

Gjekk forbi ein politistasjon, og gjekk inn og spurte. Dei sa at vegen var dårleg merka, pga at det er ikkje den mest vanlege Caminoen å gå.

Så då fekk eg klarheit i dette, irritasjonsmoment har det vore, frustrerande!

Ankom La Pobla litt over 12, og fann pilgrimsherberget. Der stod det ein gammal mann, “klar” til å hjelpe meg (To gamle menn som har vore der i dag, behjelpelege, på rett plass og rett tid❤️)

La Pobla

Eg måtte til politistasjonen for å registrere meg på herberget (dei er veldig nøyen med det her). Og han gamle mannen ville køyre meg. Snakk om!

Ein god hjelpar i dag❤️

Veldig hyggeleg politi som sjekka meg inn på herberget. Og køyrde tilbake og viste meg alt. Der var ingen laken på senga, så eg etterlyste det. Polisen ringte og ordna, og kom tilbake med nyinnkjøpte sengetøy. Og her er aircondition, takk og lov🙏🏻

Luksus😅

Også her er det gratis å bu, dvs eit Albergue donativo. Det vanlege er å legge att 10€.

Også her har eg huset for meg sjølv. Eg spurte ved innsjekk om der var andre pilgrimar på vegen. Nei, eg var den første på ein mnd som overnatta her. Men eg ser i gjesteboka her på herberget at her var folk i slutten av juli, så eg trur eg har misforstått han litt🤔

Men eg har begynt å mentalt innstille meg på at eg kanskje blir gåande åleine lenge😢

I dag har eg gått gjennom fleire små byar, m.a Alzira. Landskapet har vore citrusfruktlundar så langt auget rekk, mykje lime. Dette er eit område i Spania for dyrking av citrusfrukt.

Steikvarmt også i dag. 36-37 grader i skrivande stund.

I morgon ventar Xátiva, 16,2 km. Eg har booka plass å bu på “Casa Rural de Xátiva”, ingen herberge der.

Silla – Algemesi

Dag 2, etappe 2

37629 steg, 28,5 km

I skrivende stund er det 34 grader ute, inne nesten det same. Høg luftfuktighet. Eg renn omtrent vekk, dusjen i stad var meir eller mindre bortkasta.

Starta dagens vandring kl 06.15, etter ei god natt søvn på hostalet, med aircondition.

Første etappe frå Valencia til Silla gjekk eg etter Google Maps, fordi eg ikkje fann startpunktet til Caminoen. Difor var det ekstra kjekt i dag å starte med å gå etter dei nydelege gule pilene. Deileg temp i starten, til varmen tok over i ca 9-10 tida.

Pil og concha, yes!

Eg må ha vore litt ukonsentrert ei stund, for plutseleg var pilene vekk. Kvar eg mista dei, er ei gåte. Ankom ein liten by, Sollano, og spurte der etter vegen. Ingen kunne hjelpe meg! Dette er stor forskjell frå kva eg opplevde i fjor.

Så blei det Google Maps igjen, eg hadde aldri funne vegen utan, det må eg vere ærleg å seie.

Så distansen i dag blei 3 km lenger er den skulle ha vore, eg var dønn utsnitt då eg ankom Algemesí.

Veldig grøderikt her, god vassforsyning til åkrane og fruktplantasjane. Mykje lime-tre, og åkrar med ris.

Landskapet eg har gått i i dag, har vore flatt, flatt, flatt….. Lange strekk rett fram, alt på asfalt.

Svært kjærkome skilt, berre 2 km att….

Algemesi er ein liten, koseleg by som står på UNESCO si verdsarvliste, pga ein fest dei har 7.-8. september:

“La Mare de Déu de la Salut” (katalansk, betyr ca «mor til guden for helse»). Då deltek nesten 1400 menneske i teater, musikk og dans, og framføringar og prosesjonar på dei historiske arenaene i byen.

Sikkert litt av eit liv!

Eg bur på eit Albergue donativo her. Det betyr at det er gratis, og ein betalar det ein ynskjer. Eg har heile huset for meg sjølv. Eg begynner å lure på om eg er åleine på denne Caminoen.

Og det verste er at ingen kan hjelpe med å finne pilene ut av byen. Ikkje ein gong dei tilsette ved museet her, som organiserer utleige av sengar på Alberguet, kunne hjelpe meg!

Blir det Google Maps i morgon også?

Då er det heldigvis ei kort etappe til La Pobla Llarga, 15,3 km.

Valencia – Silla

Torsdag 1.august. Dag 1, etappe 1.

15km, ca 25000 steg.

Ankomst Valencia i går kveld, etter lang dag på reise. Reiste miljøvenleg med tog frå Barcelona. Overnatta på “Colors Rooms” i Calle Sant Ramon i Valencia, i gamlebyen. Billeg og fint!

Kaffi og frukost før “avgang”, på kafeen Moments i dag tidleg. Eg forlet byen ved “La Ciudad de las Artes y las Ciencias” – vakre bygningar som er verdt eit besøk. (Oddvar og eg var der i 2018.)

Ciudad de las Artes y las Ciencias

Eg fekk ikkje stempla pilgrimspasset før eg drog frå byen, katedralen var stengt. Litt forbaska, men eg må no vel få godkjent turen likevel🤔

Første dag med vandring er no altså gjort, i steikande varme på asfalt. Alltid kjedeleg å passere slike industriområde som ligg utanfor storbyane. (Valencia er tredje største by i Spania).

Her i Silla bur eg på “Hostal Moreno”, som eg booka heimanfrå. Veldig bra for kr 800, stort rom og bad. Herleg, etter å komme fram søkkvåt av sveitte.

I morgon ventar Algemesi, 25 km. Skal starte veldig tidleg.

Camino Levante

No er eg endeleg klar for ny “sakte-tur” i Spania, gler meg!

I morgon, onsdag 31.juli, dreg eg til Valencia, og torsdag 1.august startar eg vandringa.

Sekken blei nesten 7 kg, men trur det skal gå greitt. Har vore knallhard med meg sjølv i prioriteringa av kva eg skal ha med, lite rom for luksus.

Eg skal i år krysse halvøya frå aust til vest/nordvest, først på Camino Levante.

Blå line viser ruta:

Valencia er utgangspunktet, ein vakker by på austkysten, sør for Barcelona. Byen blei i gammal tid eit viktig utgangspunkt for pilgrimar som kom frå andre regionar i Europa med mål å gå jakobsvegen til Santiago.

Camino Levante går gjennom fire autonome regionar; Comunidad Valenciana, Castilla-La Mancha, Comunidad de Madrid, Castilla Y León, til eg møter “Via de la Plata” i Zamora, etter omlag 800 km. Der vil eg nordover følgje “Via de la Plata” til Astorga, og til slutt vestover og inn i Galicia, på Camino Francés til Santiago. Totalt omlag 120 mil.

Eg har sett av 7 veker til denne vandringa. Dei lengste etappane på 3,5 og 4 mil har eg delt i to, eg synst 4 mil blir i drygaste laget🤔

Castilla -La Mancha er ein av dei mest kjende regionane i Spania, takka vere eventyret til Don Quijote de la Mancha, ridderen av den bedrøvelege skikkelse, i det som blir rekna som første moderne europeiske roman, og er eitt av verdenslitteraturen mest lese verk, skrive av Miguel de Cervantes i 1605. Sjølv har eg aldri hatt “kondis” til å lese denne boka.

Høgdepunktet på denne strekninga blir, for meg, å sjå regionen sin hovudstad, Toledo, som ligg på ei klippe, omgitt av murar. Ein gammal by med monument frå kristendom, jødedom og islam. Byens gamle sentrum står på UNESCO si verdsarvliste. Eg gler med veldig til å sjå denne byen!

Camino Levante går gjennom eit område der eg aldri før har vore. Spennande! Kvar dag – nye opplevingar.

Eg opplever at ein kjem tettare på folk og landskap når ein vandrar, og har tida til å fordøye inntrykka undervegs.

Eg gler meg☀️

Blomar på min veg, frå Sevilla til Santiago de Compostela.

“Å reise er å leve”, sa diktaren H.C.Andersen. For meg er det også slik. Ei planlagt reise står som ei lysande stjerne på himmelen, noko som eg kan glede meg til.

Same diktaren sa også dette:

“Leve

Å leve er ikke nok. Solskinn, frihet og en liten blomst må man ha”.

Eg har alltid vore svak for blomar, spesielt dei ville. Og eg greidde jo ikkje gå forbi alle dei vakre bukettane langs vegen, utan å prøve å forevige dei.

Sidan eg gjekk i mai-juni, var det framleis ein del blomstrar, og regnet undervegs bidrog til lengre liv for dei.

Her er eit utval…..

Muxía og Finisterre (verdens ende)

Måndag 3.juli.

Heldige er vi som hadde ein lokalkjend galiser på laget vårt. Vi leigde bil, og brukte den ekstra dagen i Santiago til å besøke Muxía og Finisterre.

Dette er plassar der mange pilgrimar vel å gå vidare til etter Santiago. Dei brukar oftast 3 dagar på den turen. Vi “juksa” og køyrde bil, etter mi meining heilt greitt. Det er jo berre eit tillegg til sjølve Caminoen. 😅

Så skjedde altså det utrulege! På vegen, like før Muxía, ser vi Isabella gå! Lett å kjenne på si blå jakke. Snakk om “the chocolate of the day”😀 Eg har aldri gått i lag med henne, ho hadde andre ho gjekk med, men eg har treft henne med jamne mellomrom på ulike stoppestadar. Ho kjende også Jian og Jaeik. Det var berre så kjekt å sjå henne, og ho blei så glad for å sjå oss. Ho blei med oss i bilen siste stykket, og også på vår runde i Muxía.

Besøk på fyret, kyrkja, og minnesmerket “A Ferida” (såret), som er sett opp for å heidre dei som var med og rydde opp etter havariet av ein oljetankar i 2002. Ein 400 tonn monolitt i granitt, 11 meter høg, delt i to, skapt av skulptøren Alberto Bañuelos-Fournier. Delinga har form som eit brot som skal representere eit blødande sår. Tusenvis av tonn med olje forårsaka ei økologisk katastrofe med si ureining av kystlina her. Tusenar av frivillige frå overalt kom for å hjelpe til med å vaske rein strandlina.

Muxía

I Muxía er det også eit 00,00km-punkt for Caminoen.

Etter Muxía køyrde vi vidare til Finisterre. Lunsj på fiskerestaurant der. “Smake på- menyen” var prima, vi åt “barberhøvel-skjell”, grilla blekksprut, skorpionfisk, dessert og kaffi. Nydeleg😋

Finisterre

Besøk på fyrhuset på Verdens ende, med flott utsikt ut mot havet, og nok eit null-punkt for Caminoen, før vi køyrde tilbake til Santiago.

00,00 km at the Lighthouse at the end of the world.

Ein flott dag som gav meg indre bilete av desse to stadane som “alle” snakkar om.

I skrivande stund, er det tysdag 4.juli, og eg sit på flyplassen i Barcelona, på veg heim. Det blir også veldig bra❤️

Å skrive på denne bloggen i løpet av desse 7 vekene, har vore gøy. Det har vore ein koseleg syssel på ettermiddag- eller kveldstid. Kjekt at mange har følgt meg på turen, det har vore motiverande👍🏻

Siste stopp: Santiago de Compostela.

Dag 48, etappe 43. 10,5 km.

Opp tidleg, gjekk fort dei siste km til Santiago. Ankom byen og katedralen kl 9.

På veg, siste etappe🍀
Santiago og katedralen i sikte.
På veg inn i byen.

Veldig emosjonelt å komme fram, hadde ikkje forventa at eg skulle reagere slik. Sikkert ein reaksjon på at det har vore ei så lang vandring. Mange opp- og nedturar, med blemmer og gnagsår. Og spenninga rundt det å kjøpe nye sko etter 1,5 veke. Og dagar då eg har lengta heim og kjent meg litt åleine, og lurt på om ikkje det snart kom nokre hyggelege folk som eg kunne slå følge med. Og dei har dukka opp undervegs. Eg føler meg så heldig som har fått møte alle desse fine folka; Hugh, Gert, Bert, Jeol, Georg, Isabella, Jian, Jaeik og Laureano. Pluss dei fire italienarane på dei første etappane.

I dag møtte eg att Hugh, som eg gjekk i lag med ei veke, frå 3. etappe (Guillena) til Mérida. Det var veldig hyggeleg.

Å gå slik dag etter dag, har vore ein flott måte å sjå landet på. Tett på folk og levd liv. Flott og variert natur. Kvar dag – heile tida mot noko ukjent. Spennande. Å gå gjennom dei ulike regionane, Andalucía, Extremadura, Castilla y León og Galicia, har vore interessant. Så ulike på mange måtar. Men høgdepunktet har definitivt vore å gå her i Galicia.

Eg har gått alle dei 1006 km hit til Santiago de Compostela. Og eg fekk i dag min Compostela. Eg er veldig stolt over den, at eg klarte det🙏🏻 Etter kvart som blemmene gav seg, opplevde eg meir og meir meistring og glede med å gå.

Å gå ein Camino er avstressande. Kvar dag lever sitt eige liv. Du har berre med deg det du ber på ryggen, på veg mot ukjend mark og neste stopp, oppleve gleda ved å sette seg ned på ein open bar, der du kan kjøpe kaffi og litt mat, møte og bli kjend med andre vandrarar. Litt som å vandre i fjellet heime. Å gå, spesielt tidleg om morgonen, er god meditasjon, ein “mindwash”. Anbefalar det verkeleg. Trur absolutt at eg kjem til å gjere fleire Caminoar👍🏻

Godt team som har komt i mål.
Eg har fått min Compostela.
Papir på mine mange km.
Churros con chocolate, blei vår seine frukost i dag😅
Litt av utvalet👍🏻
Visdomsord frå Korea, m/ Jians fine handskrift.
Messe i katedralen kl 12.
El botofumeiro. Høgdepunkt.