Neste stopp: Costa Rica

http://www.projects-abroad.no/_photos/_global/photo-galleries/en-uk/costa-rica/_global/large/stretching-on-sports-project.jpg

Sports-prosjekt

2 månader i Costa Rica står for døra:) Nærare bestemt reiser eg til Liberia, i den  nord-vestlege delen av landet. Her skal eg delta i eit prosjekt, knytta til Project abroad.

Project abroad – Costa Rica

Eg skal arbeide som «volontør» – og jobben min blir – første månaden – å vere «gymlærar» på ein barneskule på 700 elevar mellom 6 og 13 år. Deretter blir det ein månad på skulebenken, det skal berre bli herleg å få vere elev igjen!

Bonusen for meg – i tillegg til mange opplevingar, vil vere å få skikkeleg dreisen på spansken.

Torsdag 3.oktober set eg meg på flyet vestover 🙂 GLER MEG!

9 kommentarar på “Neste stopp: Costa Rica

  1. så spennende Kari, jeg gleder meg til å følge deg på sosiale media og få en liten smak på dine opplevelser.
    God tur.
    Hilsen Sigrid

  2. Riktig god tur og gode opplevingar! Eg skal fylgje her. Spanande land og nytt folk, nye skikkar, nye måtar å jobbe på, og så finpusse språk på toppen! Utruleg! Litt kortare vinter på deg i år! Lukke til

  3. Kjære Kari Lykke til søster!Veldig modig og flott syns eg! Blir kjekt å følge med deg og så håpar eg du får ein god kombinasjon av ferie, forandring og sjølvsagt stort utbytte! Alle gode ynskje på vegen! klem Joril

    • Tusen takk for det, Joril 🙂 Ja, håpar det blir ein god kombinasjon av både opplevingar og læring 🙂 Finn haust her på berget til dokke, og god tur til Gran Canaria når den tid kjem 🙂

  4. Kjære tøffe, eventyrlystne Kari! Eg skal følgje deg, og ynskjer deg all mogeleg lykke til både som lærar og «sivil»i Costa Rica. Er sikker på at du får stort utbytte. Klem Audhild

  5. Hei Kari. Eg «likte» gjesten i huset der du bur i. Her er nydelege haustdagar ,men mykje å gjere før ein reiser sydover. Vi gledar oss til fine dagar på G.C.Lukke til med alt av arbeid læring og opplevingar.Tenker på deg og ser av og til innom bloggen. John Dag og Siv er i ferd med å selge huset. Håpar det går bra. Passsar barnebarn inn i mellom når huset skal vere ryddig til visning. Ha det godt på alle måtar. Klem få Aud

    • Takk for helsing 🙂 Trur dette skal gå bra. Driv no og planlegg ein tur i neste veke, i lag med ho andre voluntøren som bur i same huset som meg. Kanskje blir fleire med. Det er ikkje lenge før de reiser ni sørover, sikkert travelt i førkant med alt som skal ordnast, men deileg når de kjem dokke av garde. Kose dokke masse, og hels Arthur.Helse John Dag masse og, og ønsk luke til med sal av hus!
      Ha det godt, stor klem, Kari.

Legg att svar til Audhild M.Torp Avbryt svar