På plass i Liberia :)

Så er eg på plass i den lille byen Liberia, i nord-vest i Costa Rica, ca 45 min med buss frå kysten 🙂    60 000 innbyggarar, så det er ein liten by.Utsikt frå rommet mitt - gjennom myggnettet.

Turen i går gjekk overraskande bra, var veldig spent på flyreisa over Atlanteren frå Franfurt til Houston, Texas, sidan den skulle vare 10 t 45 min. Men servicen og måltida på Lufthansa var fortreffeleg, så alt gjekk knirkefritt.

Eg hadde problem med å førestille meg kva eg gjekk til, det gjorde det jo ekstra spennande – kva «galskap» hadde eg gitt meg ut på? Ikkje «berre» vere turist – som er så sytalaust, men arbeide – få kjenneksp til der «verkelege» livet her……. Det gjorde spenninga ekstra stor framfor turen.

Men no er eg her…….. Her er livet totalt annleis enn det eg er van med. Her er det tydeleg stor fattigdom, folk lever enkelt, men alle verkar så hyggelege og blide, og hjelpsame.

Har i dag hatt meg ein tur rundt i byen, i lag med mi vertinne, Hellen og dattera Ashley. Tenk at eg kunne gløyme å kjøpe med meg ein elektrisk adaptor på flyplassen i Houston…. Men heldigvis fekk eg tak det i her, så eg klarar meg.

Eg bur i det «rosa huset» ved hotel Riviera, – og utsikta frå rommet mitt i eine retninga er som biletet viser – gjennom myggnettingen. Tidsforskjellen er 8 timar etter Norge – men eg klarte å sove til 8 i dag, dvs til klokka 16 heime i Norge. Har ikkje gjort det sidan eg var ungdom, ha 😀 Dette trass iat ein hane i nabohuset gjorde iherdige forsøk på å få meg opp kl 4 i natt!

Hellen vil så gjerne at eg har det bra, og spør kva mat eg likar, og eg trur ho hadde laga kva det var – for at eg skulle få ha det bra. Men eg er altetande, og vil ete den maten ho serverer, costarikensk mat 😀

Her er kjeeeeeeempevarmt (eg klagar ikkje!) – og regntid, så det er lummert og skya, og regn på ettermiddagen. Eg tek det som det kjem 🙂

Ha det godt heime!  KLem.

8 kommentarar på “På plass i Liberia :)

  1. Hei Kari!Høyrest ut til at du har det bra,og at du har gode folk å bu hos.Du kjem sikkert til å verte rik på opplevingar.Synest du er tøff som reiser av garde.Eg skal følgje med deg på bloggen.Ha det fint!

    • Heisann 🙂 Tøff og tøff, nett no kjenner eg meg ganske lita, og ute regnar det trollkjerringar……i 32 grader 🙂 Men det er jo vanleg at ein kjenner seg litt «lost» i starten, så håpar det går bra 🙂

  2. Kjære Kari. Så kjekt å høyre at turen hat gått så fint! Ville vel vere litt rart om ein ikkje kjenner seg litt «lost» ein periode når ein landar i ei heilt ny verd:) Det har nok mange gjort før deg…..du kjem til å vere glad for dette etterkvart og du har no mykje energi, så det kjem nok til å gå fint med alle delane av jobben, men ta deg tid å komme inni alt nytt etter kvart uten å føle press!. Her regnar det godt ,men temp er vel litt meir som du er vant med! hyggelig meg nabohane! Men dumt ein ikkje kan stille dei om i helgane! Alle gode ynskje frå meg og Kjell

    • Heisann 🙂 Takk for oppmuntring, hehe 🙂 Ja, det trengst, for det er kultursjokk å komme hit. Men det er visst normalt, så då tek eg ein dag av gangen og reknar med det går over. I dag skal eg ta bussen til kysten, til El Coco. Der er det visst veldig fint. Kanskje litt sol før regnet begynner på ettermiddagen. I går regna det trollkjerringar, og lyn og torden til seine kvelden. Tek litt tid før eg har vent meg til tidsforskjellen, og sluttar å vakne utkvilt kl. 4-5 🙂 Ha ein strålande sundag heime i Norge, og hels Kjell og alle rundt deg. Stor klem 🙂

  3. Hi Kari

    In one week it´s going to be like you´ve always been there, and you become «housebroken» 🙂

    I agree with you on eating what ever your family there is eating. You want to become as much Costa Rican as possible. A fantastic opportunity.

    Now, bring us some more photos, please 😀

    • Hi Sunna! Good to hear from you 🙂 Thank you for encouraging me, yes, I hope I will. I will bring you more photoes, when I have taken some. But Liberia is not a very beautiful place, really, so I have not taken any photoes yet…. But today I am taking the bus to the coast, hopefully a nicer area. A lot of poverty, and no money for keeping things tidy and nice. Or – if there is money, they are in someones`pocket….. Who knows? 😀

  4. Hei Kari. Det høyrest no grueleg spennande ut, håpar du får nokre supre månader. Og skulle du lære å bli sånn «hakuna matata» av å vere der nede, så trur eg at eg må ha meg eit opphald eg også… 😛 Her er det også regntid, men vi kan ikkje skilte med dine temperaturar, som kjent…
    Har nett kome att frå Naustdal, vi har feira bursdagen til Ellen Marie. 28 år i dag, trur ho har hatt ei knallhelg. Asgeir fridde på torsdag(!) 🙂 og fekk «ja», huset var møblert av raude roser,- i tillegg hadde han arrangert overraskelsesbesøk av tre veninner austanifrå, som kom veltande ut av kontor og soverom då ho kom heim. Så dei var på Spa og greier i går, og så då vanleg feiring i dag. Nesten så at eg tykkjer guten har talent… 🙂 Så no blir det bryllaup ved tid og høve. Men du rekk nok heim att med god margin.
    Lukke til med dei første dagane i CR, eg kvapp litt då eg såg at du var i Liberia, eg trudde du hadde gått å feil fly, og vart ærleg talt litt bekymra. men når det ikkje var LANDET L, så vart det no ei lette… Blir nok dei første dagane som vert mest stressande, så går det seg nok til. Lukke til i alle fall. STOR klem. Sindre helsar.

    • Heisann! Takk for koseleg lesnad! Eg lo høgt her eg sat – av Liberia og feil fly, og regntida heime (som vi jo har heile året!) Ja, det må eg berre seie at – han der sonen din har jammen talent! Så kjekt då – at det blir bryllaup! Det gler vi oss til!
      Helse masse til alle, og takk for oppmuntring! Trur og at det går seg til 🙂 Klem.

Legg att svar til Joril Viken Sandnes Avbryt svar