Første «skikkelege» dag på jobb………..

På jobb i dag, der eg skal jobbe saman med/og tidvis i staden for – Jessica. Her skal eg vere onsd. – fredag. Onsdagar frå 7 til 11.30, torsdagar og fredagar frå 7 til 17. Hjelpe meg, for nokre lange dagar! Måndagar og tysdagar på ein annan skule……

To skjønne, glade jenter :)

To skjønne, glade jenter 🙂

Eg avslutta heldigvis dagen i dag med denne gjengen. Der var det i alle fall ingen som plaga andre…….. Med den første klassen eg deltok i først dag, frå 8.25 – der var det store utfordringar i så måte! FOR ein kulturkollisjon, og for nokre disiplinære problem dei har her! Eg trur at eg kan seie at eg aldri har følt meg så mislykka som lærar nokon gang, som når eg skulle prøve å undervise den gjengen i dag! Heilt makteslaus følte eg meg, eigentleg………., grunnleggande kaos.

Læraren brukte elles halve tida inne i klasserommet, (for å prøve å disiplinere elevane? Eller for å «overleve»?) Ho brukte alltid å starte inne i klasserommet, sa ho….. PÅ timeplanen står det volleyball – heile oktober.

Øving må til.....

Øving må til…..

Og desse 11-12-åringane hadde hatt prøve i reglane i volleyball. Straffelekse for dei som ikkje gjorde det godt nok. Og når der ikkje blei ro, så heva berre læraren stemma slik at ho skulle overdøyve støyen…..

Eg må seie – at eg er temmeleg disillusjonert etter første dagen. Kva kan vesle meg gjere, når eg berre snakkar sånn halvveges bra spansk – i ein

Og her er vi, klasse 6-4.

Og her er vi, klasse 6-4.

slik samanheng…….? Jaja, vi får no sjå korleis det går, kanskje skal eg ikkje ha nokon illusjon? Hadde det ikkje vore for denne siste klassen, så hadde eg sett temmeleg mørkt på å vere 4 veker på denne skulen.

Håpar det går betre etter kvart!

5 kommentarar på “Første «skikkelege» dag på jobb………..

  1. Hei Kari. Jeg kan bare ønske deg lykke til. Det er bra du har god ballast med fine opplevelser fra jobben din her i Norge! Kanskje kan du bruke dette at du annenledes og ønsker å lære språket til å nå fram og vekke interesse for det du vil formidle. Akkurat nå kjennes det behagelig å bare skulle til min vanlige jobb i morgen, (selv om den også byr på utfordringer i blant) Masse hilsen fra Sigrid

  2. veit ikkje anna enn at du får kjefte på norsk, Kari. Vi høyrest visst forskrekkeleg sinte ut når vi snakkar vanleg på sunnfjordsk, så korleis vert det når vi faktisk KJEFTAR??? Ikkje veit eg, men for meg hadde det sikkert kjenst som eit heilt naturleg tiltak 😛 dei vert nok som tende lys 😀

    Her går det sin vante gong, eg styrar med arbeidskrav. Og når eg er ferdig med det første, så er det rett på nr 2. Eg er så lei av definisjonar at du vil ikkje tru det. Forklare kva eitt og hint betyr,- ord som eg har brukt i snart 30 år, og endå vil dei ikkje godta at eg kan det. :S Men so e da.
    Håpar du trivest der nede i varmen. Her lovar dei sol frå i morgon, så regntida er midlertidig slutt. Pinnsvin og pus har det bra. Og her syner klokka leggetid, så du skal vel snart stå opp? Ha ein strålande dag.

  3. Heia. Min første tanke og naturlege impuls var same forslag som eg ser Turid har. det er visst noke med instinkter! Uansett , ingenting kan vere uprøvd! Ja, dette er til å bli brynt på! Du overlever nok, men eg foreslår at du legg ambisjonane på eit nivå du kan leve med. Du kan uansett ikkje «gjere alle desse til gullungar» ….då treng du meir tid,og du må jo heim til jul og lage til rakfiskfest:) …om du hadde vore lenger hadde du greidd det, men det tek tid!!!
    Solid arbeidstid enkelte av dagane! Forstår at det susar i haue etter slike dagar….hjelpe meg!
    Vi ventar besøk av Katrine til helga. det blir koselig. Er meldt sol og finværet, så det blir supert!
    Elles går det som før her. ikkje så mange nye utfordringar av ditt kaliber kvar dag, men nok til at det held til meg :). No ambisjon om spinningtime. Ha det godt. Du får samle opplevelsane og ta i alle fall vare på deg sjølv. verkar som du bur hos snille folk. Det er i alle fall godt å vite. Dumå ha det godt og uansett gledar eg meg til referat! Stor klem frå oss i Erdalen og forsøk ei skikkeleg skyllebøtte på dialekt- kan no vere godt for ditt eige velvære om ikkje anna:)

  4. Hehe 😀 Takk for supre tips, skal vurdere dei sterk 😀
    Har hatt fri i dag, læraren skulle vekk, og eg fekk uventa fri. Har kosa med i sola, for å vere klar til morgondagen, kl. 7-17. Trøste og bere, men eg overlever. Jobbar med meg sjølv og skrur ned forventningane, håpar eg klarar det! Hels alle rundt dokke, klemmmmmmm 🙂

Legg att svar til vikenkari Avbryt svar