Ein flittig gjest :)

Iguan-besøk hos Hellen :)

Iguan-besøk hos Hellen 🙂

I huset til Hellen har vi siste tida hatt ein flittig gjest, ein ganske stor iguan. Han et skadedyr, og er heilt ufarleg. Men ein kvepp jo litt når han dukkar opp, og det er jo ikkje akkurat veeeeeeldig triveleg å vite at han er ein plass i rommet. Hunden Lola gir beskjed, og likar dårleg denne gjesten, og ho seier veldig tydeleg ifrå om det 🙂

Eg synst han er ganske søt – i alle fall på litt avstand 🙂

4 kommentarar på “Ein flittig gjest :)

  1. Ååååh! Du er god viss du går berrføtt på den trappa der !! Men det verkar som om du har innstilt deg på ulike nye opplevingar som du berre tek til deg, og hurra for det !! Det er spennande å følgje med, og du er jammen flink som oppdaterer dagleg. Hugs no på å nyte varmen, vi er i midten av okt. og sola stryk sin veg…Lukke til vidare i jobb og fritid !! Klem.

    • Ja, prøver å oppdatere, men klarar det ikkje heilt dagleg.
      Ja, eg nyt varmen, sjølv om det kan vere travelt sveitte for alt mogeleg – same kor lite det er. Men eg klagar ikkje, eg tenkjer på okt….nov…heime, og gler meg over å sleppe det 🙂
      Klem 🙂

Legg att svar til kariviken Avbryt svar