Playa Carrillo v/ Stillehavet :)

Playa Carrillo - med eit palme-belte rundt.
Playa Carrillo – med eit palme-belte rundt.

Denne helga har eg vore i Carrillo. Eg hadde måndagen fri, fordi skulane var stengt. Når ein «fridag» (lørdagens kulturdag) fell på ein helgedag, får elvane fri den påfølgande skuledagen, difor altså……

Carrillo er ein bitteliten plass ved Stillehavet – her i Guanacasteprovinsen, – og har ei vidunderleg vakker strand. Ikkje mykje strand her i Liberia, så det var deileg å komme ut til kysten. Litt mindre regn om ettermiddagen der.

Playa Carrillo
Playa Carrillo

Tok 2 bussar, via Santa Cruz og Nicoya, før eg var framme etter ca 3 timar. Ikkje akkurat same busskvaliteten som er godkjent heime i Norge, men eg overlevde utan sikkerheitsbelte og komfortable sete…….

Mot kveld
Mot kveld

Hadde bestilt rom på El Colibri. Koseleg liten plass eigd av eit argentisk par, som i høgsesonger lagar fantastisk mat frå det argentinske kjøkken. Diverre var det lågsesong no, difor var ikkje vertsskapet der – dei var på ferie i Argentina, men eg fekk i alle fall frukost der. Einaste aberet var at der ikkje var havutsikt. Det hadde eg innbilt meg, så der blei eg litt snytt gitt……. Men eg fekk sjå den flotte solnedgangen som «alle» snakkar om :)Eg slappa av, åt middag «ute» på eit nabohotell, las Ken Follett, og sveitta på stranda sundagen og litt av måndag – før eg reiste tilbake til Liberia.

Ei herleg og avkoblande helg 🙂

Playa Carrillo

Playa Carrillo

Surfebølger

Surfebølger

Eldorado for surfarar

Eldorado for surfarar

Solnedgangen er berømt

Solnedgangen er berømt

Solnedgang

Solnedgang

Og blomster eg alltid må ta bilete av :)

Og blomster eg alltid må ta bilete av 🙂

Sommarfugl-delikatesse

Sommarfugl-delikatesse

El Colibri

El Colibri

8 kommentarar på “Playa Carrillo v/ Stillehavet :)

  1. Hei Kari!
    Følgjer interessert med på bloggen din. Spennande lesning og flotte bilder å sjå på. Studerer kartet over CR i atlaset mitt, så eg veit kor du befinne deg. Eg lærar å kjenne eit land som er heilt forskjellig frå Norge; kultur, klima og dyreliv (eg hadde ikkje likt å treffe på den «flittige gjesten»).
    Flott opphald du hadde i Carillo ved Stillehavet. Sjølv om det var ei lang
    reise, håper eg du fekk «lada batteria» til nye utfordringar på skulen.
    Her på skulen er vi i gang etter haustferien. Ferien starta med «regntid» og avslutta med eit strålande, klart haustvær.
    Lukke til vidare!

    • Takk skal du ha 🙂 Kjekt at du følgjer meg på bloggen, Magnhild 🙂
      Og artig at du brukar det til å lære meir om Costa Rica. Her regnar det trollkjerringar no, regnet starta før eg var ferdig på jobb i dag, så det var uvant. Hadde gløymt paraplyen, så då er det einaste alternativet å li våt 🙂 🙂
      Helse alle 🙂
      Klem.

  2. Høyrest ut som det kunne vere «verandes» ved Stillehavet. Pass deg no for haiar… 😛 Du taklar nok at det regnar trollkjerringar, det skulle du vere vant til. ha ein strålande dag,- eller kva tid på døgnet det måtte vere hos deg…. Klem

    • Takk for det, Turid 🙂 Eg skal passe meg for haiar, huff…. No er kl. 15.21 hos dokke, ser eg på PC-en min, og då er vi akkurat 8 timar bak, 7.21, dvs at eg nesten nett har stått opp, og sjekkar diverse på nett – før eg skal ete frukost og gå på jobb. Skal ikkje starte kl. 7 i dag…. I dag er det klår himmel att, så trur det blir ein varm dag…. 🙂 Klem (korleis går det med hussalg forresten?)

  3. Hei igjen!
    Veldig kjekt å følge med på bloggen din – og så mange fine bilder! Ser veldig fint ut.
    Hos deg skjer det mykje. På avstand tonar det seg som eit kontinuerleg eventyr. Du tek deg fram og finn ut av det, det er imponerande! Eit eventyr er det også med dyr som sikker er vennlige, men med mitt syn på krypdyr og liknande, hadde eg nok sjekka både under senga og i skoa!
    I kveld har vi vore på Wenche Myhre show. Eit fyrverkeri av ein 66 åring! Elles går nok tilværet meir etter det normale her, men vi har det fint og kan ikkje klage på noko. Så må du ha det fint- no er det plutseleg snart helg igjen. Vert truleg røyking av sauehaue. Arthur og Kjell har planer. Vi har planlagt å «spare » Oddvar til pølserøkinga for då er A på GC, så vert det litt bytte på det 🙂 :).
    Godt opphald vidare! klem og helsing frå oss her! joril

    • Heisann! Ja, rett – eit kontinuerleg eventyr, eigentleg, det er sant. Tenkjer på det kvar dag, at det er det.
      Oodvar er på leirskule denne veka, men heime att i morgon, så viss han trengst – så sei i frå. Men det høyrdest ut som de har kontroll, takk skal dokke ha 🙂
      Det nærmar seg vel at de skal sørover til GC, ikkje sant? Reiser i lag med A og A? De må ha det fantastisk bra, blir nok godt med sol og varme, og ei perfekt tid å reise på. De må kose dokke masse.
      Helse Kjell, stor klem.

  4. Kjempeflott at du formidlar opplevingar frå den andre sida av jordkloden.
    Veldig interessant å lese om ein kvardag som er totalt ulik vår eigen.
    Håpar også at du kan etablere kontaktar som vi kan bruke i entreprenørskapsfaget for å utvikle sosialt entprenørskap på Hafstad VGS..
    Ha ei flott helg Kari..

Legg att svar til Magnhild Breilid Avbryt svar