Guanacaste – treet midt i gata i Liberia:)

Bil som passerer på rett side :)

Bil som passerer på rett side 🙂

Guanacaste-treet blei eit nasjonalsymbol for Costa Rica i 1959, som ein hyllest til folket frå Guanacaste-regionen. Namnet kjem frå aztecar-språket nahuatl, der guautil betyr tre, og nacaztli betyr øyre. Så dei innfødde kalla det «øyre-treet» fordi frukta liknar på mennskeøyre. Guanacaste-treet har ei enormt stor og vid krune – som ein diger paraply. Den gir god skygge – og  kan vere 10 meter i dm. Høgde kan bli 30 m, og stammen kan vere 2,5m i dm.

Her i Liberia er det mange slike tre, og det verkar som dei er «verna».

I alle fall står det eit enormt tre midt i ei av gatene i eit kryss her i byen.

Guanacaste-treet midt i gata i Liberia, og ein bil som tek ein "spansk ein"....

Guanacaste-treet midt i gata i Liberia, og ein bil som tek ein «spansk ein»….

Frukta - som liknar menneskeøyre.

Frukta – som liknar menneskeøyre.

Det seiest å vere eit ulykkeskryss………… Kanskje ikkje så rart, når bilane vel å passere det på feil/vestre side. Berre den vesle stunda eg stod der i dag og tok bilete, passerte to bilar på feil side.

4 kommentarar på “Guanacaste – treet midt i gata i Liberia:)

  1. Heia! Fredagkveld er jo noko spesielt uansett, og eg reknar med at du har nytta helga til litt utflukt. Her er det no natt til søndag. Har hatt besøk av Oddvar, Aud, Artur og Turid til lutefisk. Ein meny du ganske sikkert ikkje har hatt i dag:)
    Koseleg, men saknar jo alltid dei som ikkje er her! I morgon er det eit år sidan mor døde. Det er rart for oss alle og heilt sikkert også for deg. det vert tent lys og grava er fint pynta.
    Ja, vi gledar oss til tur. Sol og varme verkar alltid fristende, ogsærleg på denne tida når kulden set inn. Det vert herleg:).
    Du bør vere imponert over at eg fortsatt er oppe, men ville berre sende ei lita helsing til deg. ha det fint og vi helsar begge til deg!

    • Ser ut som det er eit sympatisk folkeslag du bur ilag med. – Og kor mykje spennande du får med deg, det virkar veldig annleis og eksotisk! Blir nok ei omstilling å kome heim att til Sunnfjord,- når du er akklimatisert til dei forholda der. Vi blir litt traurige i forhold, kanskje…. Som Joril fortel, vi har vore på nydeleg lutefisk-middag hos dei. Smakte veldig godt, trur det er eit par år sidan eg har ete lutefisk…
      Og i morgon, eller eigentleg i dag, er det eit år sidan mor døydde! Det er rart at det er så lang tid sidan, men samtidig så er det ikkje så rart, for mykje har skjedd… Skal på grava i morgon og kveikje lys,- skal ta eit bilde og sende deg…
      No er det sengetid, sjølv for meg. Jobbing med arbeidskrav i morgon. Gått trått i dag, har leita fram teori, og begynte å skrive, men fekk stadig beskjed om at programmet «svarer ikke»… PCèn min lever eit farleg liv, han kan ende opp med å verte i tusen bitar før han får sukk for seg. Eg seier «han» for det er definitivt ein MANN!!!! God natt med deg,- eller kva det no er der du er, det greier eg ikkje å halde styr på…

      • Takk Turid for kjekk melding! Ja, tenkjer det var supert på lutefisk 🙂 Ja, det er ein rar dag i morgon, har tenkt masse på det i dag. For det var jo på lørdag. Flott at de har pynta grava, og at de tenner lys. Stor klem.

Legg att svar til vikenkari Avbryt svar