Her i Costa Rica seiest det at då Gud fullførde å måle himmelen blå, vaska han målepenslane i Río Celeste. Den himmelblå elva (= rio celeste), fossen og lagunene i denne nasjonalparken, er blant dei mest spektakulære naturfenomena i Costa Rica. I går, sundag 20.oktober var eg – saman med Sabine – til denne elva i Parque Nacional Volcán Tenorio. Vi leigde sjåfør/guide, Ofi, og reiste av garde tidleg om morgonen.
Eg hadde store forventningar, fordi eg hadde høyrt at dette var verkeleg eit paradis på jord. Og eg gleda meg til å vere i ein regnskog for første gang i mitt liv. Og det var verkeleg verdt turen!
Det var spennande å gå gjennom regnskog, fuktig luft, og sjå alle dei høge, «rare» trea, og alle røtene, og lianane som hang ned frå – eller mellom trea. Og så stille, stille…. unntatt litt fuglelydar og eitt og anna apebrøl…… Etter å ha gått ca ein km, så kom vi til fossen, første høgdepunkt! Fantastisk å komme ned trappene og sjå det turkise vatnet mellom trea! Magisk flott! Her berre måtte vi knipse bilete i eitt. Det var berre så utruleg vakkert med det turkisblå vatnet! Vidare oppover elva kom vi til ei blå lagune. Forbode å bade her, men akk – så fristande! Også denne heilt magisk flott!
Vidare gjekk vi opp langs elva til dess vi kom til det punktet der dette fargeskiftet skjer: To elvar som møtest, og vi ser ei linje i elva, og etter denne linja – blir vatnet turkis.Der er ulike teoriar om kva det er som gjer dette, men – viss eg forsto dei rett – så har dei har kome til at det er ein kombinasjon av mineral, m.a. kopar og acid (+ andre) og krystallar i grunnen – som i lag med sollyset gir denne fargen. Når det ikkje er sol, er det ikkje same fargen, og dersom ein tek vatnet opp i eit glas, er det som blå mjølk, visst nok…….
Det var magisk å vere der! Vakre blomar såg vi, og nokre få dyr: ei vakker og fargerik øgle/firfisleliknande – Central american whiptail, ein cappuccino-ape (kvit-ansiktsape), ein diger maur, og ein blue morpho-sommarfugl.
På heimvegen, stansa vi og åt sukkerrør, dvs vi togg på det og saug ut safta, og spytta ut treverket…… Nydeleg 🙂
Ofi var sjølvlærd fuglekjennar, det var tydelegvis han store hobby, og han visste kvar vi kunne finne tucán-fuglar. Og vi fann dei – ein heil flokk. Utruleg flotte! Eit kjennemerke for Costa Rica. Vi såg òg ein flokk med apar, Mantled howler monkey, eit stykke unna, som Ofi «brølte» til – og dei svara!
Det var berre eit eventyr av ein tur!




































Jøss, der såg det utruleg flott ut. Og SÅ spesielt med den fossen som skifta farge. Og skjønar at du fortsatt går på «slang»,- og har altså avansert til sukkerrør. Betre enn «kyraneper» sikkert 😛
Lukke til med jobben din i uvante omgjevnader. Her går det i arbeidskrav fortsatt, og strevar med å få punktumet på rett plass i forhold til paranteser, osv…. Eg gledar meg til å få eit liv igjen. Og så satsar vi på store stimar med rike, kjøpelystne folk på husjakt framover 😛 Stor klem 🙂
Heisann! Ja, håpar de får mange som er interesserte. Fine bilete i alle fall. Masse lukke til, spennande!
Ja, eg synst det var artig med sukkerslang 😀
Lukke til med arbeidskrav og alt som følgjer med, skjønar godt at du er lei….
Stor klem, Kari.
Først Stillehavskysten og så Rio Celeste. Ja, for ei eventyrleg helg du har hatt.
Eg såg på internett nokon omtale Rio Celeste som «kronjuvelen» i Nord CR. Det er lett å skjønne når eg ser på dei fantastisk flotte og vakre bilda derifrå.
Ja, heilt utruleg helg, og heilt utruleg plass, «himmelsk elv» er jo eit namn som er valt med rette 🙂