Det som ikkje var «dengue».…..var det likevel……. :(

Føler seg litt «lost» når ein blir sjuk i utlendigheit. Og eg som omtrent aldri er sjuk!

Denne plakaten heng på alle skulane her, info om denguefeber.

Denne plakaten heng på alle skulane her, info om denguefeber.

Det kom som kasta på meg på tysdag, lurte på om eg hadde reagert å varmen, det var frykteleg varmt her då – og er det fortsatt. Har no feber på fjerde dagen, men i dag litt mindre enn i går, så då seier legen at eg kan berre ta det med ro. Eg får stole på han 🙂

Som den store katastrofetenkjaren som eg er, så frykta eg at eg hadde fått dengue-feber, som det ikkje finst vaksine mot, og vi brukar myggmiddel for å halde unna denne frykta myggen. Blodprøvetaking onsdag – avdekka at eg ikkje hadde dengue…….., men så tok eg ny prøve i dag, og den syner at eg har denguefeber likevel! Så katastrofetenkjaren i meg fekk rett – for ein gongs skuld….

Nye runder med tålmod, og fortsette å ta alt med ro, halde senga og slappe av. Merkeleg kor lett det har vore å få dagane til å gå likevel…… 🙂 Drikke masse og ete godt, – eg får prøve på det, sjølv om matlysta er dårleg 🙂

17 kommentarar på “Det som ikkje var «dengue».…..var det likevel……. :(

  1. Uff ja… Minuset med eksotiske reisemål er vel mulighet for eksotiske sjukdommar. Måtte inn å lese kva det her var for noko… Høyrdest ikkje ut til å vere noko å ha. Håpar du kjem deg fort. God betring.

    • Takk Turid! Håpar at eg snart blir betre. Ja, det er minuset, og eg har nok sikkert ikkje vore flink nok å passe på med myggoljen, sjøv om eg trudde eg var det. Så no skal det i alle fall ikkje slurvast med det. Eg satsar på at det er 1 veke eg treng for å bli bra, og ikkje 2……

      • Ja, vi får håpe at du kjem deg fort. —Om dei liknar lite grann på norske myggar dei som er der med deg, så er dei no søren ikkje gode å beskytte seg mot same kor mykje olje og andre middel ein smørjer seg inn med. Og når det er regntid og varmt så har dei vel ypperlege vilkår… Ser at det er ein del ting vi slepp unna med vårt sure og kalde klima. Vi får vel prøve å sjå det positive med det også, sjølv om eg slit litt. —- Men eg har no laga til fuglemat i dag, slik at den skal vere klar til frosten og snøen kjem…. God betring, stell pent med deg sjølv. Stor klem.

      • Takk Turid. Ja, eg tenkjer det same, jammen er det nokre fordeler med kulden og dei norske myggane og 🙂 Godt du tek vare på fuglane til ho mor 🙂 Stor klem.

  2. Fy søren for nokre udyr, desse myggane !! Det er godt å tenkje på at du bur hos kjekke folk, og har ny venninne Sabine. Dei passar nok på deg. Men det er berre det at du ville ha brukt tida annleis ! Det er så mykje du vil ha med deg desse månadane. I skrivande stund, søndag kveld, innbiller eg meg at du er frisk att !
    Nyt tida framover,kos deg og nyt sola, her må vi gå på støylen for å få sjå den!! Klem.

    • Takk Anny! Nei, ikkje over enno…… Tek visst ca ei veke, trur det snart er over, for eg har begynt å klø, og det er eit teikn på det. Ja, eg skal helse vanlege myggar i Norge velkomne etter dette! For noko dritt, og ikkje er det ufarleg heller. Skal i alle fall ikkje slurve med myggoljen. Nyt stølen 🙂 Klem.

  3. Hei tante Kari! Moro å lese bloggen din!:) Høyres veldig spennande ut. For en tur! Kjedelig at du har blitt sjuk. Denguefeber er liksom sånn dei får i Donald. Eksotisk! Håper du kjem deg fort ❤️

    • Takk Johanne, kjekt at du har lese innlegga mine! Det gledar eit gammalt tantehjarte, veit du 🙂 Eksotisk og eksotisk, fru Blom, kjennest ikkje akkurat som det her eg ligg, var ikkje klar over at det stod om dette i Donald….:) Men eg håpar at det er nokolunde over snart. Ei veke pleier det ta, 6.dagen med feber i dag. Det heitest at når ein begynner å klø huda, då er det rett før, så eg har god tru. Helse familien, Johanne:) Stor klem ❤

  4. Kjære Kari. Ja, her sit vi på gran canaria. Fekk melding frå Turid om at du hadde fått deguianfeber. Ingen her forstod eit skitt,så Kjell Google og fann at du var frisk på fjorten dagar,då tok vi eit glas og skåla for at viruset varborte innan då! Skåler gjer vi fortsatt,så reknar at rakfisken går etter planen! Uff, no spøker vi fælt. Men vi vil ynskje deg all mogeleg betring og er glad for å høyre at du er i betring. Tøft for deg dette, men glad for å lese på Google at det er over på to veker. Aud og eg er sjølvsagt bekymra om du får den heimesjukepleien du treng, men det håpar vi sidan nurses are «very nice people»:) 🙂 vi tenker på deg og ynskjer god betring. Vi har vore ute på restaurant og ete ein fantastisk meny! No vin på Tunet til Aud og Athur. Nydeleg temperatur og nydelege omgivelser. Alle helsar og ser deg frisk så fort som råd! Skål og god betring! Stor klem alle oss fire:)

    • Kjære dokke alle! Takk skal de ha 🙂 Ja, eg hadde håpt at det var over på 1i veke, men har begynt å psyke meg opp til at det kanskje tek 14dg. Noko skikkeleg drit.. Har rett og slett vore skikkeleg elendig. No er eg feberfri, trur eg…., men eg opphoven i tær, fingrar, kne, – heile kroppen. Det er vist vanleg på slutten av løpet. Fekk nok smitten i meg i Manuel Antonio. Skal passe innmari på å ikkje slurve med myggsprayen, for dette skal eg ikkj ha omatt. Utfordringa no er å få opp blodplateverdiane. Dei er for låge. Så får eg håpe det ikkje tek så lenge før eg får starte på språkskulen.
      Sli med å få i meg mat, vil spy av et meste, men det snur vel.
      Kjekt at de kosar dokke. Høyrest ut som de har det kjekt 🙂 Helse alle så masse, klem, Kari.

  5. Hei Kari! det er kjekt å lese bloggen din, men det er trist at du vart så sjuk. Det er kanskje noko ein må rekne med kan skje i framande land. Eg hadde ein prat med Are i dag, begynner med klassen 11 november som avtalt. Are ligg berre ein time etter planen og det er jo imponerande! Kollegiet kom heim med lovord om Barcelona, vi skulle jo eigentleg ha vore med både du og eg. Eg har gode dagar, går på kino med Traute, strikkar gensrar til barnebarna og les gode bøker. Det er nesten så eg får dårleg samvit av dette livet. Du veit, eg har jobba i skule i nesten 40 år. Så det blir litt kjekt å undervise att. Du må ha god betring og ikkje anstrenge deg for mykje. Klem frå Hilde

    • Hei Hilde! Så kjekt å høyre frå deg. Ja, dette var veldig kjedeleg, eg var ikkje heilt førebudd på at det var så lett å få denne sjukdomen, det har eg då brutalt fått oppdage. Ikkje rart at nesten alle Kolumbus menn døde som fluger…. Det verste er i grunnen å ikkje klare å ete, rett og slett ikkje få ned noko, omtrent, all mat byr i mot…Alle smakar og lukter vil eg spy av… Ja,ja. Eg strevar no med å få opp blodplateverdiane, dei har no kome opp i 145, så eg er optimist. Høyrest ut som du har eit deileg liv, eg blir reint misunneleg. NYT det Hilde, du har jobba lenge nok, og er frisk til å nyte fridagane. Det er også viktig. Lukke til med spansken, kjekt at du gler deg 🙂 Eg nemnde for Are at du må overta skulenøklane med han, og på eitt eller anna vis få dei heim til meg den helga du er ferdig. Eg kjem fredagen, og vil nok ha behov for ein tur nedom jobben i løpet av helga. Så det er litt kjedeleg viss dei då ligg på jobb. Men dette finn du ut av 🙂 LUKKE TIL; Hilde!
      Stor klem, Kari.

  6. Hei igjen. Ja vi kosar oss veldig. I kveld klippfisk i bakgården. Nydelege omgivelser der. Blodplatene stig nok etterkvart som du blir betre, så du får ta det med ro. Det er vel ikkje det lettaste for deg, men nett no eit godt råd:) Reknar med at dei vert kontrollerte etter ei stund. Vart litt stressa når vi høyrde dette, men etter å ha sjekka med fagfolk er vi rolege for blodplatene!
    No må du nyte resten av tida der. Vi håpar du vert teken godt vare på av dine gode hjelparar der borte. Vi stolar på at dei handterer dette godt!! Dette er nok sjukdommar som er vel kjende der. Men vi støttar absolutt at du smør myggoljen tjukt på. God tid vidare og vi tek ein skål for gode blodverdiar og for effektiv myggspray! Alle helsar og ynskjer veldig rask og god betring!! Klem frå oss i bakgården.

    • Takk Joril 🙂 Blodverdiane stege frå 130 til 145. Så håpar at det held fram. Er dyktig lei, men må berre ta det med ro, ja, veit det 🙂 Gler meg til at mat smakar godt igjen, og då skal eg ut og kjøpe ein saftig biff, med rødvin til. Kos dokke med god mat i bakgården, der der det godt å vere 🙂 Hels alle. Stor klem 🙂

  7. Hei Kari! Det er spennande å lese bloggen din om dine opplevingar i CR. Difor leit å lese at du vart sjuk. Ønsker deg god betring, og så håper eg at matlysten vert betre.
    Vi hadde ein fantastisk personaltur til Barcelona. I morgon er første dag i ein rekke
    privatisteksamenar. Ha det bra. Klem Magnhild

    • Takk skal du ha Magnhild 🙂 Ja, dette har vore veldig leitt, det har verkeleg vore ei utfordring å komme gjennom. Men no begynne er å komme meg, så eg har blitt optimist igjen. Så eg håpar å kunne nyte dei siste vekene her. Kjekt å høyre og sjå at de hadde ein fin tur til Barcelona. Det er jo ein fantastisk by. Håpar ingen blei robba 🙂 Lukke til med gjennomføring av eksamen, der er du ein viktig person 🙂
      Klem, Kari.

Legg att svar til kariviken Avbryt svar