Etter den trøkken med dengue-feber, så har eg drøymt om å gå ut og ete ein skikkeleg saftig biff! I går, fredag, var tida for å gjere det! Sabine og eg gjekk på «Toro negro» «downtown», og hadde eit herleg måltid. Til og med vin til maten, det er ikkje ofte det har skjedd her. Vi hadde også veldig hyggeleg selskap ev ein spansk kollega av Sabine, Nora, ei lita stund.
Eg åt «filet mignón», med tilbehør, og Sabine hadde fisk.
Trur eg fekk bra påfyll av jarn – for ei stund…..



Hallo Kari !! Nydelege bilete av både frukt, grønnsaker og matrettar du sende. Det ser så innbydande ut alt saman . Trur at norske kokkar kunne ha godt av å hospitere der nede og få litt nye ide`ar.
Og du ser så frisk ut,Kari !! Ja, rødvin er jo medisin, og det kan ein visst nyte eit glas av dagleg ??
Er sikker på at studentlivet har mykje kjekt å by på, og det ser vi jo allereie. At ikkje vi har tenkt på å ta med elevane til frukt og grønnsakdisken,istaden for å sjå på bilete i ei bok ??
Det blir spennande å følgje med framover,og lukke til med alt du føretek deg! Klem.
Takk Anny 🙂 Ja, hadde vi hatt slike ulike sortar å by elevane våre på, så kunne vi nok gjort det. Men det er no bra utval i Norge etter kvart. Men som sagt, desse sortane eg har møtt på, veit eg ikkje ein gong kva heiter på norsk, og ikkje ordboka heller 🙂
Godt at du har fått i deg litt mat. Var litt redd for at det skulle bli litt sånn : «Kor e Kari? -Ho står og gøymer seg bak den sytråden»… 😛
To av Kanarifuglane er tilbake i gamlelandet, dei har visst hatt det svært… Ha det bra,- lukke til med ny skuleveke.
Hehe 🙂 Ingen fare med den sytråden, men trur nok sykja har tært på. Ikkje noko som heiter vekt, eller spegel i heilformat her i huset….. Ja, har skjønt at Joril og Kjell er tilbake, etter flott ferie. Gjorde nok godt med litt sol, du skaulle ha hatt deg ein tur du og 🙂